For vi brukar å gje gode ord til dei som feirar gebursdag, og då spesielt til dei som har rund dag. Til og med dei døde får sine ord. I annonsar og minnetalar har vi sagt vårt til dei.
Om dei var kjent for eitt eller anna medan dei levde, så får dei gjerne ein reportasje i avisa eller på TV. I orda til dei døde står alt vi vil hugse dei for, alt dei var gode til, alle bragder dei gjorde, alt dei betydde for oss som sit att.
Men no skal du, du som lever få nokre ord. Det er mine ord til deg som er i livet.
Du lever – gjennom året lever du – sekund og minutt, timar og døgn. Gjennom årstidene, gjennom alle dine år, så lever du.
Det er slik det vart
Den kalde og våte januardagen, ei veke etter at alle julelysa er slukte og enda fem dagar til neste lønningsdag. Den dagen lever du. Du går i regnet som tangerer sludd og angrar på at du ikkje tok stillongs på deg. Gjennom dagen som knapt har dagslys – du lever.
Den fine aprilmorgonen når du vaknar i dagslys, for så langt på året har vi komen, at jordas helling no gjer at sola kastar lyset inn gjennom vindauget på soverommet ditt. Så no kan du stå opp, gå på jobben din eller på skulen din. Og så når du kjem heim, så er det framleis lyst. Og kanskje skin sola denne dagen og, så du kan setje deg på trappa med ettermiddagskaffien din og kjenne at sola varmar. Og då, då kjenner du at du lever. Du lever denne vakre aprildagen.
Så kjem sommarferien din, den du har lengta sånn etter. Du har lengta etter varme, sol, seine kveldar på terrassen din, gode turar i fjellet. Og veret, det skal vere godt denne sommarferien. Du tenker at denne sommarferien, då må veret bli godt. For du treng å samle krefter før hausten kjem.
Men det regnar, heile ferien din regnar det. Temperaturen kjem knapt over 15 grader. Det er opplett nokre timar, kanskje eit gløtt av sol mellom skyene, før regnbyene driv over terrassen din der du skulle ha sitte akkurat no. Likevel, du lever.
Du fyller sommarferiedagane dine med andre ting. Boden vert rydda, kjellaren likså, du får lese ein masse av dei bøkene som har lagt heile vinteren og venta på deg. Det var slik livet vart denne sommarferien. Det er det du tenker, at det er slik det vart, og sånn er det nokre gonger i dette livet, dette livet som du lever.
Du fekk det til
Du ser det no, fargane rundt deg. Du tenker, er det mogeleg at naturen kan ha så vakre fargar? Og du kjenner at det nesten er noko guddommeleg i det du ser, at alle desse vakre haustfargane, denne vakre og underfundige verda, at dei ikkje berre kan komme av seg sjølv.
Det må vere noko meir i denne verda, noko meir som styrer dette uendeleg vakre.
Så du set deg på kvilesteinen og ser utover hausten som ligg framfor deg. Lufta som akkurat har blitt litt skarpare. Du trekk den skarpe lufta inn og ned i lungene dine, og du kjenner at dette livet, det kan du leve, det vil du leve.
Dette du no les, desse orda som eg skriv, dei er til deg, som sagt er dei til deg fordi du lever.
For livet er slett ikkje så lett alltid. Det er som om tida ikkje strekk til.
Alltid kjenner du på at du ligg på etterskot, at du skulle ha vore ein annan stad enn der du er no, at det er noko du skulle ha gjort som du ikkje får gjort. Og likevel, likevel så møter du oppgåve for oppgåve, gjennom dag for dag og veke for veke. Og så, og så brått kjenner du at du likevel er i rute. Du fekk det til. Det er godt gjort. Det er difor du får desse orda, du får dei fordi du ikkje gir opp.
For eit mot du har
Kan hende du kjenner på ei uro, uro for kva som ventar deg på skulen i morgon, om det er nokon som vil vere med deg, om du har nokon å ete matpakken din med, om du vil møte forståing sjølv om du ikkje er førebudd til prøven. Du er ikkje førebudd til prøven fordi dei tunge tankane dine, dei tok alle kreftene dine dagen før.
Likevel står du opp og gjer deg klar til å gå. Likevel går du ut i dette livet med ønske og tru på at dette skal du klare, denne dagen skal du leve, dette livet skal du gripe. Du får desse orda frå meg fordi du ikkje gir opp, fordi du lever dette livet som du har fått.
Nokre gonger vil ikkje kroppen henge med.
Det kjennes slik ut, at kroppen protesterer. Det gjer vondt. Det vonde tømmer deg for krefter. Du blir uroleg og. Uroleg for korleis dette skal gå, om du vil bli frisk. Og om du ikkje blir frisk, om du kan klare å leve med det som gjer så vondt.
Du er god nok akkurat for den du er.
Ver så god
Slik er livet, dette livet som vi lever. Livet vert fylt av det som løftar oss – og det som tynger oss. Det er som om det eine kviler på det andre. Det er som ein pendel som svingar frå det eine til det andre.
Og når pendelen er der det er tyngst, så lever du i vona om at den snart skal svinge tilbake der det gode er, der gleda er, der lyset er.
Og slik kjem du deg vidare i livet. Slik lever du. Så modig og tapper du er som står i livet. Du står i det livet som nokre gonger gjer deg lyst til å gje opp. Gjer ikkje det. Gi ikkje opp. Du skal leve. Eg ser deg – at du lever.
Min ven, desse orda, dei var til deg. Ver så god, no har du fått dei.
Du får dei fordi du lever. Fordi du er god nok akkurat slik du er. Du er god nok akkurat for den du er.
Ein kortare og noko annleis versjon av denne teksten vart publisert i Bergens Tidende 3. januar 2020.