Par som gir slike skildringar, smiler sjeldan med augo når eg møter dei på venterommet. Mellom oss og ei open og tillitsfull utforsking av parrelasjonen står år av oppsamla negative erfaringar, som gjer at dei sjeldan er innstilte på å ta sjansar på å gi, før dei har fått. Mange er i tillegg redde for å bli dømt som «skuldig», medan den andre – den «frikjente» – høyrer på og kan nyte sigeren. Og iblant står tidlegare terapiløp i vegen og sørgjer for at ein langt frå startar med blanke ark, sjølv om paret møter ein ny og ubrukt terapeut.
Hadde eg denne morgonen vore litt meir skjerpa, ville eg forstått at her hadde det skjedd saker og ting sidan dei bestilte timen. Men eg var stressa og ikkje heilt mentalt på plass. Eg hadde blitt heft i telefonen, hadde blingsa på avtalene i kalenderen min og dukka til slutt opp på venterommet sju minutt etter at timen eigentleg skulle ha starta. Det var utgjort! Slike detaljar kan vera avgjerande for par som er på randa av å gi opp trua på forholdet, ikkje minst om dei har negative terapierfaringar frå før.
Vel plassert inne på kontoret mitt peikte mannen på notatblokka mi og kommenterte at eg hadde teikna opp eit familiekart der barna var feilplassert. Eg stønna innvendig, la meg flat og beklaga at eg hadde vore for rask då eg kasta eit blikk på personopplysningane deira. Så sørgde eg for å få dei korrekte opplysningane på plass – merkeleg nok framleis utan å merke spor av skepsis hjå dei to.
Ingen ting hjelpte
Eg var forvirra. Dei oppførte seg ikkje som par plar gjera når dei er utslitne av langvarige konfliktar; dei var heller nærast muntre! Han kom med humoristiske innspel. Her var det barbord og barstolar, ja – men kvar var sjeselongen? Dei hadde tydelegvis sett vitseteikningane av klassiske psykologkontor! Dei lo, og eg tødde opp og forklarte at eg faktisk hadde hatt ein sofa på kontoret ein gong, men problemet var at det var så liten plass til den at folk slo hovudet i bokhylla når dei skulle opp eller ned. Begge lo igjen, og eg kjende at eg endeleg byrja slappe av.
Forma mi var no stigande, grunna den romslege tabbekvoten dette paret skjenkte meg. Eg fekk endeleg spurt om kva dei ønskte seg av timen. Dei såg på kvarandre, smilte, og han tok ordet: Dei hadde snakka om det. Kva trong dei no hjelp til? Dei hadde hatt det heilt forferdeleg dei siste to åra. Berre praktiske tilhøve hadde hindra dei i å gå kvar til sitt. Dei var så langt nede som det var mogeleg å koma. Ho nikka, og eg såg ho vart blank i augo. Han heldt fram: For to veker sidan hadde det skjedd noko som snudde ting på hovudet, både dei imellom og mellom barna og dei vaksne.
Eg var spent på fortsetjinga: Dei fortalde enkelt og forståeleg om korleis dei hadde streva for å bli ein såkalla nyfamilie. Det hadde ikkje vore lett, særleg ikkje for henne. Ho hadde kjent seg meir og meir utestengt. Barna hans ville ikkje at ho skulle hjelpe dei med leksene. Ho forstod ikkje. Ho hadde alltid likt barn, ho ville gjerne bli ven med barna hans, og det gjorde forferdeleg vondt å bli avvist av dei. Han hadde prøvd å forklare henne at det kom til å ordne seg med tida, og at ho måtte lære seg å vera tolmodig. Ingen ting hjelpte. Etter kvart byrja ho å unngå han og barna.
Ho klarte å ta imot
Ein kveld hadde ho innsett at dette ikkje kom til å gå. Ho sa til han at ho ikkje lenger klarte å halde fast på trua på at ho kom til å bli innlemma i familien hans. Deretter gjekk ho ut, for å få seg ein tur i den klåre haustlufta. Tårene trilla. Ho tenkte på alt ho hadde drøymt om. Kor glad ho hadde vore – og framleis var – i han. Og på kva som no skulle bli framtida.
Han var att inne. Han tenkte på det ho hadde sagt. Og nett denne kvelden – i motsetnad til alle dei andre kveldane han hadde tenkt på det dei streva med – slo det han at han kanskje ikkje hadde gjort nok for å hjelpe henne inn i familien sin. Det sette seg meir og meir fast: Han måtte seia det til henne, sjølv om det var ei kuvending frå alt han hadde sagt før. Han hadde ikkje noko val! Han ville ikkje miste henne. Ville ikkje! Han trava rundt i huset medan han venta på at ho skulle koma inn att.
Ho kom inn att, raudkinna og raudøygd. Han møtte henne alt i yttergangen og buste ut: Du har rett! Eg har ikkje gjort nok for å hjelpe deg inn i familien. Kan du gi meg ein sjanse til? Eg vil ikkje miste deg!
Når eg skriv dette, ser eg dei for meg, der dei stod i den smale gangen. Ho hadde klart å ta imot han – det var eit val ho tok i brøkdelen av eit sekund. For henne var han der og då blitt riddaren på den kvite hesten! Ho kunne stole på han – han var verkeleg den ho ein gong hadde trudd han var! Alle gamle diskusjonar og løysingsforsøk, alle rasjonelle utvekslingar, forhandlingar og refleksjonar vart der og då parkert.
Å bli sett og forstått
Ho fekk ei gjennomgripande erfaring av å bli sett og forstått. For han var det som hende, ei like gjennomgripande erfaring med å ta udelt ansvar for det som hadde gått gale, og få uavkorta kjærleik i retur. For parforholdet vart det ein revolusjon og ein ny start.
Arbeid med parforholdet er aldri over for den som vil at forholdet skal vare.
Arbeid med parforholdet er aldri over for den som vil at forholdet skal vare. Men desse tok eit sjumilssteg over til overskot og arbeidsglede, ved at dei våga å gi og å ta imot, utan å krevje garanti. Dermed fekk dei også med seg den unike lærdomen om at uansett kor håplaust alt kan sjå ut, kan det snu. Når ein minst ventar det!