Du kjenner typen. Den som aldri blir nøgd, som smugkikkar på om du gjer ting rett, som har augo i nakken, på alle fingertuppane, og som i tillegg synest å ha ein sjette sans for ufullkomne handlingar, og som ser det som si oppgåve å informere og oppdra deg. Argh!! I dag igjen – etter at du har rydda vekk brødfjøla og ostehøvelen, slik at ikkje katten skal koma og sleike dei reine. Ja – du kjenner den også: «Til og med katten har meir ordenssans enn deg!»
Du har over tid utvikla rutinar for å unngå ein del av replikkane, men – som frå Pandora si øskje – kjem det stadig nye forbanningar, utan at du ser glimt av den vona som visstnok skulle vera på botnen der: «Du har gløymt å kneppe den øvste knappen.» (Ja, nettopp, men det har i alle fall ikkje du!), «Nokon hadde gløymt att søpla på trappa i dag tidleg, og no har fuglane vore der.» (Gjett kven «nokon» er!), «Pus er blitt så tjukk. Du hugsa å gi henne p-pillene då eg var i Australia, eller …?» (Som om du kunne noko for at katten limte saman kjevane då du prøvde å dytte inn den hersens pilla! Ingen kom vel til å kunne oppdage ei manglande p-pille!). Pluss eit drag over andletet, som ordlaust, men tydeleg nok formidlar konklusjonen: «Enten er du mangelfullt utvikla, eller så gjer du det på pur f…!».
Kanskje har det til og med gått så langt at det du for lenge sidan ville oppfatta som eit nøytralt spørsmål, dei siste åra har fått adrenalinet til å boble: «Har du slått av kaffitraktaren?» (Nei, eg planla å brenne ned huset!), «Har du henta avisa?» (Hent den sjølv!), «Har du vore i butikken?» (Nei, eg har ikkje det, tenk! Og kva meir har du å klage på? Kva??)
Emosjonsfokusert terapi
Innhaldet i parentesane ovanfor seier du sannsynlegvis ikkje. Så – kva gjer du? Du har prøvd ALT: Å bli perfekt (den lista låg ein meter for høgt), å dukke nakken og vera veldig opptatt av avisa/TV-en/PC-en/nettbrettet (då kom kritikken på nytt, litt skarpare og med dobbelt volum), å blidgjera: «Eg skal aldri gjera det meir, kross på halsen!» (av openberre grunnar var det verknadsfullt berre dei to første gongene). Kanskje serverte du innimellom ein innøvd, spydig replikk attende (som kanskje resulterte i null sex den neste månaden). Eller du klarte å snike deg ut medan maset stod på, du gjekk på do eller bygde modelljarnbane i garasjen, søkte tilflukt i samlinga av porselensdokker eller småflasker med gode ting i, eller du laga grannelaget sin finaste hage.
MEN – ingen ting av dette har stoppa maset!
Finst det då noko enno uprøvd? Og då tenkjer eg ikkje på drastiske tiltak – nei, eg vil gjerne få nemne at vi i vårt vedunderlege land har ei lita, men effektiv teneste som heiter familievernet. Der arbeider vi blant anna med å hjelpe folk å frigjera seg frå den typen mas eg har skildra ovanfor. Og blant alle formene for parterapi som finst i dag, ser det ut til at emosjonsfokusert terapi (iblant forkorta EFT) er ein av dei metodane som er mest effektiv i slike tilfelle. Eg kan dessutan nemne at dette også er ein metode som fungerer for nokre av oss familieterapeutar! Vi familieverntilsette har, for å seia det som det er, ikkje all verda med økonomiske frynsegode i jobben vår, men vi er så heldige at vi iblant kan ha uvurderleg nytte av den fagkunnskapen vi skaffar oss, i vårt eige privatliv! Det er kanskje ikkje det verste ein kan tenkje seg, det heller.
Emosjonsfokusert terapi er utvikla i Canada av emosjonsforskaren Leslie Greenberg og hans tidlegare doktorgradsstudent, Sue Johnson, for tida kanskje verdas best kjende parterapeut og parforskar. Sue Johnson er opphavleg britisk. Ho vaks av alle ting opp i ein engelsk pub, som foreldra dreiv. Sjølv seier ho at det ho lærte der, var å studere menneske, og det har ho halde fram med. Av bøkene ho har skrive for par, er ei omsett til norsk («Hold meg», sjå kjeldetilvising nedanfor).
Ingen av oss er skurken
Ein viktig jobb for den emosjonsfokuserte terapeuten er – gjennom å la paret sjølv oppdage det, om att og om att – å plante kunnskapen om at ingen av oss er skurken, men vi blir fanga i mønster som gjentar seg i det uendelege. Til dømes: Dess meir eg prøver å forklare eller overtyde deg, dess meir protesterer du eller trekkjer deg unna. Og dess meir du protesterer eller trekkjer deg unna, dess meir må eg mase og gnåle.
Så langt er ikkje den emosjonsfokuserte forståinga unik; mange forskarar og terapeutar har skildra slike konfliktmønster før. Utan dermed å finne varig effektive måtar å løyse problemet på. Det Sue Johnson gjorde, og som mange vil seia var å knekkje parkoden, var å gå ein etasje ned i hjernen og forstå desse konfliktmønstra som uttrykk for kva som skjer når vi blir usikre på om partnaren inst inne verkeleg elskar og respekterer oss. Eller med andre ord: Når vi får mistankar om at sjølve tilknytinga til partnaren er truga.
Då oppstår det ein mental alarmreaksjon, seier Sue Johnson, og den får oss til å kople ut viktige delar av hjernebarken, deriblant evne til nyansert tenking og analyse. I staden hamnar vi i ein av dei to strategiane vi har til felles med andre pattedyr: anten prøver vi å stikke av (fordi kritikken gjer for vondt, det vekkjer skam, det blir meir enn vi klarer å takle), eller vi prøver å klamre oss fast (fordi vi ikkje får kontakt med partnaren, og vi blir redde for at den andre ikkje bryr seg).
I tråd med dette fann ein amerikansk studie av over tusen par at det i hovudsak var to typar opplevingar som kjenneteikna parkonfliktar: Den eine var opplevinga av å bli overvelda av ein kritisk partnar, den andre var opplevinga av at partnaren ikkje brydde seg (Sanford, 2010).
Vi familievern-tilsette kan iblant ha uvurderleg nytte av fagkunnskapen vår i vårt eige privatliv.
Den emosjonsfokuserte terapeuten arbeider svært strukturert og med fingertuppkjensle, med å skape tryggleik nok til at det gradvis blir mogeleg å bli kjent med, og tru seg til partnaren om, underliggande frykt for til dømes å ikkje vera god nok eller ikkje vera elska. Og like viktig – med å legge til rette for at den som trur seg, kan bli tatt varmt imot.
Og i slike augeblikk – når det skjer – blir parterapi magisk.
- Det andre mest vanlege problemet hjå par: Korleis få partnaren til å høyre etter. [↩]
Kjelder
Johnson, S. (2012). Hold meg. En veiviser til varig kjærlighet. Oslo: Pax forlag.
Sanford, K. (2010). Perceived threat and perceived neglect: Couples’ underlying concerns during conflict. Psychological Assessment, 22, 288–297. doi: 10.1037/a0018706.