Ein del par forstår dette av seg sjølv og arbeider frå tidleg i samlivet med å forstå og handtere forskjellane, etter kvart som dei blir tydelegare (det vil seia når hjernen seier nok er nok og ikkje gidd produsere forelskingshormon lenger).
Andre, som underteikna, var borte den dagen varige forskjellar var på timeplanen i livets skule. Vi treng å lære via formell utdanning og ymse anna fagstoff, at det vi fullt og fast trudde var ektemaken sin openberre feil eller mangel, faktisk berre er ein slik varig forskjell.
I heimen hjå oss er det tallause varige forskjellar som skal handterast. Eit par nærskylde av dei er kapasiteten til å seia spontant ja til eit forslag og å til vise begeistring. Slik eg ser det, er desse kapasitetane (!) ekstremt ulikt fordelt.
Og når eg seier ekstremt, meiner eg ekstremt.
Den eine av oss kan vise sunn og adekvat begeistring, medan den andre – i situasjonar som burde utløyst vill jubel og krigsdans – synest å ha fleire fellestrekk med steinansiktet frå Påskeøya-emojien enn med den emojien som slår hjul.
Begeistring kan ha stor innverknad
Eg bestemte meg ein dag for å finne ut kva vitskapen seier om begeistring, og sidan eg ville vita det der og då, tok eg strake vegen til Googleuniversitetet, der vi alle kjem inn, utan karakterkrav.
Det var ikkje heilt enkelt, for eg fann lite om denne kjensla på norsk, og på engelsk er det ikkje noko ord som er heilt overlappande med det vi på norsk meiner med begeistring. Excitement og enthusiasm meinte eg var dei næraste, så eg prøvde først med dei søkeorda.
How to treat dysregulation var det første treffet eg fekk.
– For eit idiotuniversitet, tenkte eg.
Heldigvis fekk eg også napp på ei indisk nettside, The One Liner – All in one Holistic Wellness Platform. Her var det begeistring i alle fasongar: Let’s dive right in, føreslo nettsida, og eg dukka ned til How Excitement Influences Decision-Making.
– Flaks, tenkte eg. Eg har ein ektemake som kan ein del om decision making (om flaks også, forresten), så her kunne eg kanskje takle han på eigen banehalvdel.
Begeistring kan ha stor innverknad på korleis vi tar avgjerder, slo nettsida fast.
Deretter refererte den fleire forskingsartiklar som handla om uheldige effektar av begeistring. Men éin studie i eit psykologisk prestisjetidsskrift ymta frampå om at begeistring faktisk kan gjera oss meir fleksible og kreative, når vi skal arbeide oss fram til ei god avgjerd. Litt god forsking der, altså.
No er vi etymologisk nær begeistringa
Eg leita vidare, no med søkeorda enthusiasm og emotion. Treff, igjen! Det måtte naturlegvis vera ein italienar som prøvde å stable på beina ein psykologisk teori om begeistring. I eit konferansebidrag frå 2007 presenterer professor Isabella Poggi ein teori om entusiasme og om kor smittsam den er.
I Poggi finn vi endeleg eit menneske som har forstått verdien av dette fenomenet.
Ho forklarer at sjølve ordet entusiasme truleg stammar frå det greske «en», som betyr inni og «theos», som betyr Gud, og at det viser til ein tilstand der ein er fylt av Gud.
No er vi etymologisk nær begeistringa, som bokstaveleg tala betyr å få (den heilage) anden over seg (frå det tyske «Geist)». Poggi er begeistra for entusiasmen og definerer den som flamma eller sporen som får oss til å «rette all fysisk og mental innsats i retning av verdibaserte høgare mål».
Poggi er i tillegg opptatt av om eller eventuelt når entusiasme er smittsamt. Gjennomgangen hennar viser at det er høgst kontekstavhengig. Er du sportsidiot, er det stor sjanse for at du blir smitta av sportskommentatoren sin entusiasme, i alle fall om dei du heiar på, ligg godt an.
Er du student, er det dessverre mindre sjanse for at du blir smitta av den entusiasmen forelesaren din eventuelt måtte vise for faget. Klokeleg nok held Poggi seg unna å nemne sannsynet for å bli smitta av ektefellen sin entusiasme.
Kan hjelpe oss å forstå politisk historie
Nyleg har Jon Elster (2020) tatt opp tråden. Han slår fast at entusiasme er altfor lite forska på i psykologien og argumenterer for at entusiasme (som han ser som synonymt med begeistring [s. 270]) faktisk er ein emosjon, og at det å forstå entusiasme som emosjon, kan hjelpe oss å forstå politisk historie – og vice versa. Han illustrerer poenget med å greie grundig ut om kva rolle entusiasme kan ha spela for dei som i si tid var med og laga den franske og den norske grunnlova.
Så sit vi der då, ved frukostbordet, ektemaken og eg. Sa eg at han har ein varig aversjon mot taklamper? Ikkje det, nei. Men det har han altså. Det er ein grå og mørk februarmorgon. Stålamper og andre lamper er slått på rundt oss, men begge slit likevel litt med å lesa avisa.
– Vi skulle hatt ei lampe over bordet, seier eg fråverande.
– Ja, seier han.
Eg vaknar frå morgondøsen og ser på figuren som sit på andre sida av bordet, og som utan tvil liknar på den mannen eg har budd under same tak som i 28 år. Eg merker på rukkene ved augo hans at han har oppdaga blikket mitt, og at han morar seg. Eg gjentar, med ei lita justering: – Vi skulle hatt ei taklampe over bordet.
– Ja, seier han.
No går eg til det drastiske steget det er, å teste om det framleis er mannen min som sit framfor meg: – Seier du at du har lyst til at vi skaffar ei taklampe til å ha over bordet? spør eg, nesten engsteleg.
– Nei, seier han.
Eg pustar ut, for eg har lese at det å endre personlegdom kan vera eit teikn på demens. – Ein augneblink trudde eg du var på glid, seier eg.
Han ser på meg, og det glimtar litt i augo att: – Ja, og då gjeld det å bruke piggar.
Kjelder
Elster, J. (2020). Enthusiasm and anger in history. Inquiry, 64(3), 249–307. doi:10.1080/0020174X.2020.1821961
Huzaifa, D. (2023, 31. mars). The psychology of excitement: Understanding how it motivates and influences decision-making. The One Liner.
Poggi, I. (2007). Enthusiasm and its contagion: Nature and function. I A. C. R. Paiva, R. Prada & R. W. Picard (red.), Affective Computing and Intelligent Interaction. ACII 2007. Lecture Notes in Computer Science, vol 4738. Berlin: Springer. doi:10.1007/978-3-540-74889-2_36