Det byrja med at forskarane rekrutterte ein del tyske og austerrikske unge gutar mellom sju og elleve år. Alle måtte gjennom ein test, SAT (separation anxiety test), som skulle gi haldepunkt for kva tilknytingsstil gutane hadde. Dei 47 gutane som forskarane fann hadde unnvikande eller desorganisert tilknytingsstil, fekk bli med på dag to av undersøkinga. Då skulle dei gjennomgå ein sosial stresstest, TSST-C (Trier Social Stress Test for Children). Denne testen inneber at dei fyrst får ein introduksjon til kva dei skal gjera, og at dei deretter skal utføre nokre oppgåver medan dei blir vurdert av utanforståande.
Etter at testen var gjennomført, fekk alle deltakarane positive tilbakemeldingar på innsatsen sin, og dei fekk god tid til å roe seg ned. I løpet av tida alt dette tok, vart det tatt fleire spyttprøver. Forskarane var interesserte i korleis innhaldet av stresshormonet kortisol varierte i spyttet, og hovudspørsmålet i studien var: Kva kan best roe ned desse utrygge gutane når dei er i ein stressande situasjon?
Forskarane hadde spesielt valt ut gutar som dei visste hadde ein tendens til ikkje aktivt å søkje sosial støtte i stressande situasjonar. Kva ville då skje om dei likevel fekk sosial støtte – for det er vel noko vi alle set pris på og kan ha nytte av, sjølv om vi ikkje alltid klarer å be direkte om det, eller…? Forskarane gav ein tilfeldig utplukka tredjedel av gutane selskap av ein venleg student som var van med barn. Den neste tredjedelen fekk selskap av ein godt trena, venleg terapihund (blant desse også ein norsk lundehund, med sine sjarmerande seks tær!), og den siste gruppa fekk selskap av ein leiketøyshund. Desse «sosiale støttespelarane» var med gutane gjennom alle fasar av forsøket.
Abborar på kroken
Dei tre gruppene reagerte temmeleg likt både før og under stresstesten, men då testen var over, og dei skulle roe seg ned, var det éi gruppe som fekk ein mykje raskare nedgang i stresshormon enn dei to andre. Det var den gruppa med gutar som hadde fått selskap av ein ekte hund. Det viste seg også at dess meir fysisk kontakt det var mellom gut og hund, dess meir effektivt dempa stressreaksjonen seg.
Kva så med dei som hadde ein venleg student ved sida av seg? Tja. Dei var faktisk ikkje betre stilt enn dei gutane som berre hadde ein leiketøyshund å vera med. Forfattarane av artikkelen konkluderer med at både denne og andre studiar tyder på at vi bør bruke meir dyreassistert undervising, når elevar har unnvikande eller desorganisert tilknytingsstil.
På seg sjølv kjenner ein ingen andre, seier psykologane Bente Marie og Heidi Ihlen. Det er så lett å tru at det som fungerer for meg, det vil fungere for alle andre også. Men ei mengd psykologiske studiar har vist at vi ofte ikkje eingong kjenner oss sjølve på oss sjølve. Så for meg som terapeut er det nyttig å bli minna om at iblant er klientane våre i slike fasar, eller av ei slik støyping, at det finst andre ting enn det eg der og då kan tilby, som er til betre nytte for dei, eller som kan forsterke effekten av det eg kan tilby. Kanskje ein hund, ein katt eller ein hest – eller til og med ein tur ut i naturen, og med litt flaks: Nokre abborar på kroken.
Terapeutiske dyr
Forskarar som arbeider innanfor feltet positiv psykologi, hevdar at det finst mange slags kjelder til psykologisk motstandskraft, vekst og utvikling. Folk har til alle tider henta krefter i alt frå gudstru og naturopplevingar til dans, song og musikk, forteljingar og ordtak. Sjølvhjelpslitteratur har lange tradisjonar: Eit ord i rette tid er som «eple av gull i eit smykke av sølv,» står det i Salomos ordtak, som saman med Salmane kan stå som døme på gammaltestamentlege sjølvhjelpskjelder.
Vi bør bruke meir dyreassistert undervising.
Dyra hennar var kyrne, hønene, hundane og kattane. Desse stelte ho for med stor omsorg. Og eg trur bygdefolket forstod: Desse skapningane var hennar næraste.
Kjelder
Beets, A., Julius, H., Turner, D. & Kotrschal, K. (2012). Effects of social support by a dog on stress modulation in male children with insecure attachment. Frontiers in Psychology, 3, 352. doi: 10.3389/fpsyg.2012.00352.
Bibelen. Salomos ordtak, 25, 11.
Hellbillies (1995). Abborterapi. På Lakafant (CD). Oslo: BMG.
Ihlen, B.-M. & Ihlen, H. (2011). På seg selv kjenner man ingen andre. Om kommunikasjon og teambygging (2. utg.). Oslo: Cappelen Damm.