Rett nok vaks eg opp med nynorsk som det heilt soleklare skriftspråket (eg meiner å hugse at vi ikkje fekk lov til å låne bokmålsbøker på skulebiblioteket før etter 4. klasse). Men eg hadde nesten bestemt meg for at i denne spalta skulle eg vera så grei at eg skreiv på bokmål. Inntil det hende noko som fekk meg til å endre planar.
Og som med dei fleste kalamitetar hende det på julebordet. Eg møtte ein sjarmerande mann med talegåvene i orden – og som viste seg å vera eit skikkeleg nynorskfantom.
Før eg går vidare, må eg berre avkrefte det heilt opplagte – denne karen var ikkje identisk med den alltid sjarmerande og veltalande Sylfest Lomheim, som eg tidlegare har vore så heldig å treffe på Samlaget sitt julebord (eller gangfest, som det heiter der i garden). Det var tvert imot ein svært språkkorrekt herre med frognerdialekt (Frogner i Oslo, ja!) som overtydde meg.
Eg må litt skamfull vedgå at før eg møtte han, visste eg knapt at det fanst ei frognerdialekt. Ikkje berre var denne karen oppvaksen på Frogner og hadde trødd sine barnesko (mogeleg det var ungdomssko) på Oslo Katedralskole, men han var også ein ihuga nynorskmann! Så då eg nemnte at eg ofte er redd for at mange ikkje forstår nynorsken, forklarte han meg (med ein diksjon som kunne danka ut kvar ein nolevande skodespelar) at folk forstår nynorsk mykje betre enn det mange av oss nynorskbrukarar trur. Og for å gjera ei lang historie kort – etter å ha sett til livs ein standsmessig trerettars meny (med all inclusive), tok eg frognerkaren på ordet.
Ein fordel med at eg bestemte meg for den nynorske varianten, var at eg kunne kalle spalta for «Kjærleik & liv». Dei som kjenner nynorsk litteraturhistorie, må då gjerne få lov til å assosiere til Tor Jonssons dikt «Fattig ynskje», der den ulykkelege diktaren skriv følgjande:
Var eg ein Gud,
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elskeVar eg ein Gud,
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.
Vi som arbeider med psykologi og kjærleik, og i den samanhengen svært sjeldan kjenner oss som Gud (dessverre – og trass i at det finst dei som hevdar at psykologien er blitt vår tids religion), vi baksar med kjærleiken og livet. Som er krevjande nok. Eg skal no prøve å motstå freistinga til å illustrere kjærleik og liv-temaet med fleire juleborddøme, og eg klarer det med eit naudskrik i andre utkastet til denne epistelen.
I staden skal eg ta for meg den naturlege etterverknaden av ein del julebordåtferd – nemleg sjølvbevisste emosjonar – slike som anger, skuld, skam, å vera flau og, på den andre sida: Å vera stolt. Sjølvbevisste emosjonar er såkalla «moralske emosjonar», som blir utvikla under oppveksten, og som motiverer oss til å innordne oss dei sosiale normene i samfunnet rundt oss. Nicole Else-Quest og tre forskarar til tok for seg all forsking dei kunne finne om kjønnsforskjellar i desse kjenslene. Og kanskje får du no ei intuitiv kjensle av kva kjønn som har mest av det eine og kva kjønn som har mest av det andre?
Men – kan vi stole på denne intuisjonen?
Vi jenter, som har så lett for å skamme oss og få dårleg samvit, blir tydelegvis like lett stolte som gutane.
Når det gjeld det å vera stolt, fann forfattarane merkeleg nok at det ikkje var nokon skilnad mellom kjønna. Vi jenter, som har så lett for å skamme oss og få dårleg samvit, blir tydelegvis like lett stolte som gutane. Det kan jo vera litt trøyst i det skeivt kjønnsdelte elendet.
Likevel: Den trøysta eg sjølv har best nytte av, når eg havnar i myra av sjølvbevisste emosjonar, er at dei ufyseleg kategoriske tankane som følgjer med, faktisk er berre det – tankar. Og eg kan vera så frekk mot tanken at eg kan gjera det eg vil med han. Eg kan sluke han rått, eller eg kan førestelle meg at eg sit ved elvebreidda og observerer tanken som eit lauv som kjem flytande forbi. Og blir borte. Før det kjem eit nytt lauv. Og eitt til. Og eg forstår jo at desse lauva vil koma så lenge den elva renn. Men eg kan sitje roleg og sjå på. Om eg har med ein pc, kan eg til og med skrive ein liten snutt medan lauva flyt forbi. Slik som i dag.
Kjelder
Else-Quest, N. M., Higgins, A., Allison, C. & Morton, L. C. (2012). Gender differences in self-conscious emotional experience: A meta-analysis. Psychological Bulletin, 138, 947-981. doi: 10.1037/a0027930.
Jonsson, T. (2010/1987). Dikt i samling (4. utg.). Oslo: Samlaget.