Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen er eitt av dei få fakulteta i Noreg som har utdanna psykologilærarar sidan 1990-talet. På 1990-talet var psykologi eit lite valfag i vidaregåande opplæring, og behovet var heilt annleis enn i dag. Men for seks år sidan, då det nye programfaget i psykologi vart innført, endra biletet seg oppsiktsvekkjande fort: I løpet av nokre få år gjekk talet på psykologielevar opp frå rundt 400 første året (2009/2010) til 9150 elevar i 2013/2014, 10 875 elevar i 2014/2015 og til over 12 000 elevar i 2015/2016. Denne veksten i elevtalet, og det at faget har 140 timar per år andre og tredje året (fem timar per veke), syner oss at dette er noko heilt anna enn det gamle valfaget. Det er altså stor interesse for dette psykologifaget i skulen, men førebels har ein lite psykologididaktisk forsking om kvifor såpass mange elever vel dette faget.
Det vi allereie veit, er at det er eit klart behov for å utdanne kompetente psykologilærarar, samstundes som ein må erkjenne at lærarutdanninga nasjonalt sett ikkje er dimensjonert for å dekke dette behovet i dag. Dei nye retningslinjene for lærarutdanning, Praktisk-Pedagogisk Utdanning (PPU), syner oss at frå 2019 må studentar ha mastergrad i psykologi for å kunne kome inn på denne typen lærarutdanning. Men å få dei som i dag har ei mastergrad i psykologi til å sjå på denne type profesjonsutdanning som eit alternativ, har så langt synt seg å vere vanskeleg. Nasjonalt sett er det svært få av desse som på noverande tidspunkt vel å bli psykologilektorar.Skulefaget psykologi
I tillegg ser ein at sidan psykologi er eit ungt fag i lærarutdanninga, vil det og bli viktig å rekruttere lærarutdannarar med høg psykologididaktisk kompetanse for å spegle faget sin stadig meir sentrale posisjon i den vidaregåande skulen. Og når dei fleste av lærarutdanningane no blir femårige masterutdanningar frå 2017, vil skuleeigarar i vidaregåande skule i aukande grad få jobbsøkjarar med lektorkompetanse, og det same kan kome til å gjelde psykologifaglege jobbsøkjarar etter kvart.
Ein føresetnad for dette er at det må rettast meir merksemd mot kor trongt nålauget er for å kome inn på profesjonsstudiet i psykologi, og at bachelor- og masterutdanning i psykologi kombinert med PPU difor er eit godt alternativ som kan leie fram til ei anna profesjonsutdanning: lektor i psykologi. Som psykologilektor vil ein i dag få jobbe med eit fag ein sjølv brenn for, det er stor offentleg interesse for psykologi i skulen, ein har særs psykologiinteresserte elevar, og lektorløna i dagens arbeidsmarknad er relativt god.
Ei anna side ved denne utviklinga er at det til ei kvar tid vil vere om lag 12 000 skuleelevar som etter sluttført vidaregåande skule har ein langt betre kompetanse i skulefaget psykologi enn elevkulla for få år sidan. Ein veit samstundes at dei fagvala elevane gjer i vidaregåande skule, ikkje er heilt tilfeldige, og difor vil truleg ein god del av desse 12 000 elevane halde fram med å studere psykologi på høgare nivå. Søkjartrendane syner at svært mange ønskjer å bli psykolog, ein del ønskjer å ta ei bachelor- eller mastergrad i psykologi og nokre svært få vil bli lektor i psykologi.
Skal ein gjere det meir attraktivt å bli psykologilektor, bør ein vurdere nærare om elevar med toårig programfag i psykologi i skulen bør få utteljing i form av poeng når dei søkjer opptak til bachelor- og masterløp i psykologi. Dette kan føre til auka søkning til psykologifaget i lærarutdanninga, og etter kvart gi ein større stab av psykologilektorar til å undervise den stadig aukande mengda psykologielevar i vidaregåande opplæring.
Sats på lektorprofesjonen
Men karrieren treng ikkje å stoppe der: I dag har ein så å seie ingen professorar eller førsteamanuensar i psykologididaktikk i lærarutdanninga her til lands, og også her er behovet veksande. Har ein ei mastergrad i psykologi, PPU og nokre års skuleerfaring, kan ei doktorgrad i psykologididaktikk vere ein attraktiv vidare karriereveg.
Det vil bli viktig å rekruttere lærarutdannarar med høg psykologisk kompetanse.
For å lukkast med alt dette treng ein eit nasjonalt løft og eit nasjonalt knutepunkt for psykologifaget i lærarutdanninga som «motor» i denne brytingstida. Ei markert satsing på lektorprofesjonen som utdanningsveg vil gi ein god del av dei 12 000 psykologielevane i skulen og dagens masterstudentar i psykologi ein annan attraktiv profesjonsutdanningsveg i psykologi. Grunnlaget for denne er ein «stille fagrevolusjon» i vidaregåande skule, der interessa for psykologi aldri har vore større og der psykologilektoren vil spele ei sentral rolle i åra som kjem.