Terapeutisk arbeid med kronisk traumatiserte menneske, altså menneske som har vakse opp med omfattande vald, overgrep og omsorgssvikt, er komplekst og krev ei anna og meir omfattande metodikk og forståing enn ved enklare traumetilstandar.
Skaden rammar relasjonen personen har til seg sjølv, korleis han eller ho opplever omverda og si relasjon til omverda.
Dette kan vere ei verd prega av stor grad av utryggleik, skam, indre konfliktar og ei fragmentert oppleving av seg sjølv og omverda.
Symptombiletet er difor ofte omfattande, kan vere krevande for behandlarar å forhalde seg til, og kan overvelde og forvirre terapeuten.
Endringsarbeidet krev at heile mennesket si fungering og opplevingar vert inkludert, og den terapeutiske relasjonen får difor også stor tyding.
Les meir på RVTS Vest si nettside.
Kort om kurset
Samarbeid mellom RVTS Vest og Arne Blindheim og Marianne Straume
Foredragshaldarar er Arne Blindheim og Marianne Straume, som begge er psykologspesialistar og har lang klinisk erfaring frå traumefeltet.
Den teoretiske forståinga bygger i hovudsak på teori om strukturell dissosiasjon av personlegdomen («The Haunted Self, Van der Hart, Nijenhuis & Steele, 2006), samt vidareutviklinga etter dette («Trinity of Trauma», bind 1–3, Nijenhuis 2015, 2017). Anna teori og forsking vil òg bli gjennomgått.
Kurset går over ca.1/2 år, med fire 3-dagars samlingar.
Det er også mogleg å få rettleiing i mindre grupper i etterkant av kursa.
Kurset gir ei grundig innføring i traumefeltet, med særleg fokus på komplekse traumetilstandar og traumerelatert dissosiasjon.
Kva lærer du?
- korleis tidleg traumatisering fører til ei indre fragmentering i personlegdomen og vanskar med integrasjon
- ei heilskapleg form for behandling, der mennesket blir forstått på bakgrunn av korleis vi handlar på ulike grunnleggjande behov
- innføring i korleis symptom er erstatningshandlingar for behov som ikkje blir møtt, eller som ein sjølv ikkje klarar å møte
- korleis ein kan arbeide gradvis med å erstatte desse handlingane med meir adaptive handlingar
Vidare vil det vere fokus på korleis terapeut og pasient kan arbeide med ulike fobiar mot mentalt innhald, tilknyting og dissosiative delar. Rollespel og videoar frå behandlingstimar vil vise korleis ein kan jobbe med indre stemmer og dissosiative delar, samt korleis integrere traumatiske minne. Ein får også møte pasientar som har gått i behandling for ei kompleks dissosiativ liding. Det blir lagt vekt på gjennomgang av forsking og differensialdiagnostikk.
Målgruppe
Psykologar, legar eller andre behandlarar med minimum 3-årig helse-/sosialfagleg utdanning.
Du bør ha ei klinisk arbeidssituasjon som er tilrettelagt for terapeutiske samtalar. Kurset er først og fremst retta mot behandling av vaksne, men vil også ha eit barneperspektiv.
Vi ser på korleis traumatisering startar og kjem til uttrykk hos barn, og vil vere nyttig for fagpersonar som arbeider med barn.
Dato:
- 21.–23. april 2026
- 2.–4. juni 2026
- 22.–24. sept. 2026
- 24.–26. nov. 2026
Tidsplan:
- 1. dag: 10:00–17:00
- 2. dag 09:00–16:00
- 3. dag 09:00–15:30 kvar av dei 4 gangane
Pris:
19.000,–
Påmelding:
Påmelding via RVTS Vest si nettside
Påmeldingsfrist:
1. februar 2026
Stad:
RVTS Vest sitt kurslokale i Ulriksdal helsepark, Ulriksdal 2




