Leiarskap er meir enn strategiar, målstyring og resultatformulering. For mange leiarar er det ein eksistensiell praksis, prega av ansvar, uro og behovet for å strekke til.
Denne artikkelen bygger på innsikter frå ein masterstudie i familieterapi og relasjonelt arbeid, og undersøker korleis leiarar forsøker å ta vare på seg sjølve i ein arbeidskvardag prega av beredskap og relasjonell eksponering.
Leiar under press
I psykologisk teori har kroppen tradisjonelt vore nedprioritert som kjelde til erkjenning. Men i nyare relasjonell og kroppsorientert terapi blir det tydeleg at kroppen talar – og at den ofte snakkar før vi forstår kva som skjer.
For mange leiarar kjem signal som til dømes uro, pipelyd i øyrene, trykk i brystet før dei mentale varsellampane går på. Dette er ikkje tilfeldige symptom, men kroppens forsøk på å regulere og varsle.
Fysiologisk stressrespons blir ofte omtalt som ein ressurs – men kronisk aktivering over tid utan tilstrekkeleg restitusjon, gjer at kroppen går i eit slags høgspent grunnmodus. Det som i utgangspunktet er ein strategi for å overleve, kan over tid bli til eit mønster som tærer på både relasjonar, sjølvoppleving og helse.
Dette understrekar kor viktig det er at leiarar lærer seg å kjenne att kroppens signal og anerkjenner dei som legitime uttrykk for behov.
I ein arbeidskultur prega av konstant tempo og krav til tilgjengelegheit, blir det lett å overstyre desse signala. Men kroppen si stemme er ikkje svak – ho er ein invitasjon til kontakt.
Sårbarheit som terapeutisk kraft
Frå eit terapeutisk perspektiv er det avgjerande å anerkjenne leiarens rett til å vere sårbar.
Mange leiarar ber med seg ein internalisert forventning om å ha kontroll, takle alt og vere den trygge. Dette er delvis forma av rolla, men også av strukturar i arbeidslivet der emosjonell tyngde blir individualisert.
Sårbarheit, i Brené Brown si forståing, handlar ikkje om å vise alt, men om å vere heil. Frå ein terapeutisk ståstad betyr det å kunne vere i kontakt med eigne kjensler, setje grenser og erkjenne sin eiga eksistensielle sårbarheit. Dette er ikkje berre viktig for leiarens helse, men også for å kunne vere eit reguleringspunkt for andre i organisasjonen.
Å kunne erkjenne og møte eiga sårbarheit krev ein trygg relasjonell kontekst. Difor er det viktig at leiarar får tilgang til profesjonell rettleiing, kollegastøtte eller terapi som legitimerer og rommar det indre arbeidet.
Sårbarheit i leiarskap handlar ikkje om å vere svak – men om å vere nær det som verkeleg betyr noko.
I psykoterapeutisk praksis er det godt dokumentert at regulert og eigd sårbarheit kan styrke relasjonar og fremme autentisk kommunikasjon. Det same gjeld i leiarskap: Å vise seg som menneske kan skape tryggleik, lojalitet og tillit – utan å undergrave autoritet. Men det krev innsikt i kva ein delar, med kven, og i kva rom.
Relasjonell eksponering og emosjonelt arbeid
I relasjonell psykologi snakkar vi om det emosjonelle arbeidet som skjer i kontakt mellom menneske. For leiarar er dette arbeidet ofte usynleg, men omfattande.
Dei les rom, handterer stemningar, dempar konfliktar, held oppe ro og tryggleik. Dette emosjonelle feltet er krevjande, og sjeldan anerkjent som ein del av jobben.
Leiarskap som praksis liknar i mange tilfelle det terapeutiske rommet. Det krev mentalisering, emosjonell regulering og konstant avstemming. Frå eit familieterapeutisk perspektiv handlar dette om systemisk forståing: Leiaren er ikkje berre eit individ, men ein del av eit felt, ein dynamikk, ein emosjonell kontekst.
Når relasjonelle belastningar blir kroniske, utan rom for regulering, kan det oppstå ein emosjonell slitasje.
Det er her terapeutisk språk og verktøy kan gje hjelp: Å kunne identifisere eit for stort ansvar for andre, grenseoverskriding eller samansmelting med andre sine behov, kan vere starten på ein meir berekraftig praksis.
I terapi nyttar ein ofte omgrep som «indre arbeidsmodell» og «emosjonell resonans». Desse kan også nyttast i leiarskap: Korleis påverkar mi eiga historie måten eg møter andre på? Kva skjer i meg når eg må halde oppe ro i eit rom som er utrygt? Dette er ikkje akademiske spørsmål, men livsnære refleksjonar som gjer ein forskjell.
Mot til å vende blikket innover
I terapien snakkar vi om kontakt som heling. For mange leiarar er kontakt ein ressurs dei gir, men sjeldan får tilbake. Det gjer noko med oss.
Difor er det terapeutisk viktig å erkjenne at leiaren ikkje berre er ein funksjonsberar, men eit levande, kjensleberande menneske som treng rom for integrasjon.
Å vende blikket innover krev mot – men også tryggleik. Når leiarar får eit språk for eiga uro, eiga overbelastning eller eigne behov, kan dei ta opp igjen kontakt med det som gir meining.
Terapeutisk arbeid med leiarar kan opne for djupare refleksjon kring identitet, verdiar og grenser. Det handlar ikkje berre om å unngå utbrentheit – men om å leve i tråd med seg sjølv i ei krevjande rolle.
I møte med leiarar i terapi og rettleiing, blir det ofte tydeleg at det å få eit ikkje-dømmande rom der ein kan utforske eigen sårbarheit, skam og kraft, gir tilgang til noko meir enn berre meistring: Det gir fotfeste. Det gir retning. Og det gjer det mogleg å stå støtt – også når det stormar.
Leiarskap som heilskapleg praksis
Slik faglege erfaringar og kliniske observasjonar viser, treng vi ei forankring av leiarskap i det relasjonelle og kroppsnære. Leiaren sin kvardag er fylt av emosjonelt arbeid, grensearbeid og relasjonell eksponering. Kroppen kjenner det. Psyken reagerer.
Det er på høg tid at vi sluttar å sjå på leiing som noko som skjer frå hovudet og opp.
Frå eit terapeutisk perspektiv er leiarskap ikkje berre leiing av andre – det er også å møte seg sjølv i det ansvaret ein ber. Der finst det ei moglegheit for vekst, for heling, og for ei ny forståing av kva det vil seie å vere eit heilt menneske i ei krevjande rolle.
Å ta vare på seg sjølv i ei leiarrolle er ikkje sjølvopptatt – det er relasjonelt ansvarleg. Og det er eit arbeid som fortener både fagleg merksemd og menneskeleg forståing.