Vanskelige kjensler har gjennom lange delar av historia blitt sett på noko som må passast på. Helst haldast inne, helst ikkje synast.
Dette er ikkje alltid ei god løysing. No handlar psykologi meir om å tillate kjensler, bruke informasjonen som ligg i dei, for å skape sunn mellommenneskeleg kontakt og retning i livet.
Men dette er ikkje berre lett å få til.
I mitt doktorgradsprosjekt, som utforskar det å nærme seg vanskelege kjensler i psykoterapi, har ulike personar delt sine erfaringar med stor djupne.
Å ta seg saman, sjå positivt på situasjonen, svelge nokre kamelar, oppmode seg sjølv til å halde ut litt til – det er råd mange av oss gir oss sjølve i pressa tider.
Så klart, slikt sjølvsnakk er naturleg og naudsynt frå tid til annan. Vi kan vere til støtte ved å oppmuntre andre om at visse ting må ein berre la gå forbi; dei er ikkje verdt å bry seg med, det fører ingen veg å dvele ved det trasige.
Men å konsekvent snu seg vekk frå vonde opplevingar kan ha høge kostnadar.
Kva om innhaldet i sekken blir for overveldande?
Emosjonelle reaksjonar som ikkje kan utfolde seg og som blir ignorerte, kan skape smerte og liding som det er krevjande å forstå og handsame. Det kan skape ei smerte som ikkje slepp taket.
Når det over tid dannar seg eit mønster der ein stadig må svelge ubehag, sorg, frustrasjon, sinne eller bekymringar kan dette forsteinast til ei diffus uro. Ei biesverm som aldri stilnar. Ein gitarstreng som stadig vibrerer. Ei tåke som låser ein fast. Tilstandar som er svært vonde og energitappande. Einsame.
Over tid kan smått og stort ubehag bli samla opp og pakka ned i ein solid forsegla sekk, som vi, etter kvart som åra går, tenker at vi ikkje skal forhalde oss til.
Nokre blir knallgode til å leve som om denne sekken ikkje finst. Ein sekk fylt med sjølvbebreiding, svik, bitre kjensler, tap og harme. For stort til å nærme seg. Ein tenker at det einaste som gjeld er å stramme seg opp og gå vidare.
Kva om innhaldet i sekken blir for overveldande? Kva om ein knekk saman om ein nærmar seg den, blir fortapt i det vanskelege? Kva om vi viser oss å vere svake, udugande, mindreverdige? Kva om vi mistar grepet? Sjølv om sekken er godt gøymd, er den ikkje gløymt av kroppen. Sjølv om han kan vere usynleg for andre, er den med oss på vegen likevel.
Kjensler er ein del av oss, men vi ikkje er definerte av kjenslene
I forskinga mi skildrar eg kor utforande det kan vere å opne seg for vanskelege kjensler. Sjølv om ein veit, reint rasjonelt, at det er akseptabelt og ufarleg å dele livets opp- og nedturar med andre, kan tidlegare oppsamla smerte halde ein tilbake.
Det stoppar rett og slett opp, på rein refleks. Ein set på seg maska. Ler og fjasar det vekk. Jobbar på. Følgjer dei uskrivne reglane fylt av «bør» og «skulle». Eller endå betre – så himmelsk, ein kan unngå å omgåast med andre i det heile teke! Slik kan det gå, slik kan det bli, om ein har mangla emosjonell tryggleik i viktige fasar av livet.
Tema som kjem opp i psykoterapi er ofte nært knytt til utviklingspsykologi. Før var det gjerne slik at born skulle lære å ikkje syne vanskelege kjensler. Dei skulle ta seg saman, kan hende gå i skammekroken, komme tilbake når dei var snille.
Eit perspektiv som stod sterkt innanfor psykologi gjaldt at kjensler skulle kontrollerast. I dag har kjensler ein annan posisjon. Ved å utforske dei ulike opplevingane som kan ligge bak sterk frustrasjon og sinne, kan born bli tryggare i seg sjølve og på andre.
Vi har ei rekkje grunnleggande biologisk forankra emosjonar som finst av gode grunnar, og ved å vere nysgjerrige på dei og tillate dei på vennleg vis, kan dei få meir meining, bli lettare å tole og mindre hemmande i livet.
Born treng trygge relasjonar der kjensleutbrot jamt over kan bli tolte. Særleg dei kjenslene som i eit barnesinn kan opplevast som fare, eksklusjon eller djup urettferd, for å nemne nokre. Slik kan det som er eit heilt naturlege behov, bli fanga opp, møtt og forstått.
Slik kan born erfare at kjensler er ein del av oss, men at vi ikkje er definerte av kjenslene. Kjenslene har samanheng med ting utanfor oss. Slik kan barn utvikle kapasitet til emosjonell nyansering. Slik kan ein lettare kjenne igjen dei gongane kjenslene ikkje heilt stemmer med verda utanfor.
Hemmande kjensler kan endre seg
Eg er heldig som gjennom mitt doktorgradsprosjekt og som psykolog ved Helse Førde har fått sjå korleis hemmande kjensler kan endre seg. Kjensler vil ikkje alltid kjennast gode – det ligg i sakens natur. Men gjennom erfaringar med å få lufte og sortert treng ikkje ubehagelege kjensler å sette ein like mykje ut av spel.
Trua på at ein kan tole det som er vanskeleg, dempar uro. Då kan ein også innsjå at det som opplevast godt og sikkert faktisk er ekte, og det bringer fred.
Det gir ei ro til å kunne lytte til sin eigen intuisjon og eigne behov – og at det er rom for å gjere feil og at ting kan gå litt på tverke.
Det gir ro til å stole på dei gode signala frå andre, og å tru på eige sjølvstende og handlekraft.
Det gir ei ro å ha tru på at ein kan komme seg gjennom motbør, tap og kjensla av å vere urettferdig behandla.
Det er mogleg å få nye erfaringar. Og – det er mogleg å gje nye erfaringar. Slik kan vi få ei anna kontakt, både med oss sjølv og andre, og uroa kan mjuknast og sleppe meir taket.
Toler vi det, at vi potensielt ikkje anar kva vi skal seie, at det blir klønete og kleint, at vi berre skal lytte- prøve å forstå, ikkje gjere noko spesielt? Eit mål vil vere å kunne kjenne ekte, sjølv om det ikkje alltid kjennast godt.
Kjelder
Kleiven, G. S., Hjeltnes, A., Brattland, H. & Moltu, C. (2023). Moments of change: Client’s immediate experiences when sharing emotions in psychotherapy. Psychotherapy Research: Journal of the Society for Psychotherapy Research. doi:10.1080/10503307.2023.2260938
Kleiven, G. S., Hjeltnes, A., Natvik, E. & Moltu, C. (2023). Engaging with difficult topics and emotional experiences in psychotherapy: A study of helpful therapist acts. Psychotherapy Research: Journal of the Society for Psychotherapy Research, 33(4), 428–441. doi:10.1080/10503307.2022.2132889
Kleiven, G. S., Hjeltnes, A., Råbu, M. & Moltu, C. (2020). Opening up: Clients’ inner struggles in the initial phase of therapy. Frontiers in Psychology, 11, 591146. doi:10.3389/fpsyg.2020.591146