Å vere open, det er vel bra? Eg tippar at dei fleste tenker det. Om vi ser rundt oss, er openheit høgt skatta.
Tenk berre på dei som er opne om eksempelvis psykisk helse. I media les vi historier om kor godt det gjer å «stå fram» og å dele personlege opplevingar.
Det blir sagt at slik openheit bidrar til å redusere tabu, og til å gjere samfunnet varmare og betre for oss alle. Men – er det så enkelt?
Salutogenese
Aaron Antonovsky (1923- 1994) var opptatt av salutogenese: kjeldene til helse. Han såg på helse som eit nærvær av gode tilstandar eller opplevingar, heller enn eit fråvær av sjukdom og smerte.
Medan Antonovsky såg viktigheita av kurere, lindre og forebygge sjukdom, understreka han at å fremme helse er noko anna. Det kan for eksempel være å jobbe for opplevingar av glede, meining og velvære.
Antonovsky hevda også at det ikkje nødvendigvis er krevjande livssituasjonar i seg sjølv som truar helsa vår. Viktigare er kva ressursar vi har tilgang på.
På jakt etter opplevde ressursar
I doktorgradsarbeidet mitt intervjua eg elleve tenåringar med alvorleg somatisk sjuke foreldre. Foreldra hadde anten kreft eller nevrologisk sjukdom. Salutogenese var bakteppet for dette arbeidet.
Gjennom spørsmål som «Kan du fortelje meg om ein dag då du hadde det bra? Kva skal til for at du har det bra?» jakta eg etter ressursar ungdommane opplevde som relevante i den krevjande livssituasjonen dei stod i.
Den første tenåringen sa at openheit var viktig. Det resonnerte godt med forskingslitteraturen eg hadde lese. Open kommunikasjon frå foreldre og klinikarar er av stor betydning for barn og unge si tilpassing når foreldre har kreft (Krauel et al, 2012). Og i familien er open kommunikasjon essensielt for barnas meistring av situasjonen (Kennedy et al, 2012 og Phillips, 2015).
Eg hadde lagt merke til at forskarane ikkje forklarte eksplisitt kva dei meinte med openheit. Dette gjorde det ekstra interessant å forfølge sporet eg hadde fått. Ganske snart såg eg at fenomenet openheit hadde ulike betydningar for tenåringane.
Fem meiningar bak openheit
Gjennom analysane såg eg at tenåringane tilla openheit fem ulike meiningar. Her inkluderer openheit situasjonar der:
- tenåringen fortel andre om foreldresjukdommen
- andre, som foreldre og helsepersonell, fortel tenåringen om sjukdommen forelderen har
- andre, som jamaldringar, fortel om sine erfaringar knytt til alvorleg somatisk sjukdom i familien
1. Openheit betyr redusert frykt og bekymring
Openheit som reduksjon av frykt og bekymring var for det første knytt til at foreldre og helsepersonell formidla fakta kring tema som sjukdommen og behandlingar. Ei jente sa at det å vere førebudd på operasjonen mora skulle gjennom, gjorde at ho ikkje kvidde seg så mykje som ho elles ville ha gjort.
Ein gut sa at openheit frå faren gjorde at han ikkje bekymra seg når faren var «nede». Grunnen var at han visste at faren ville ha fortalt det, om noko hadde skjedd.
Ei jente sa at med kunnskap om behandlinga, slapp ho å tenke: «Nå står det 15 leger der, og stirrer ned på brystet til mamma og prøver å finne ut hva de skal gjøre.» Realiteten var at mora drog til sjukehuset og fekk medisin mens ho las vekeblad. Avstanden mellom bildet av stirrande legar og vekebladlesing indikerer «mengda frykt» som forsvann med openheit.
Opplevinga av fare kunne også reduserast når ungdommen fortalte vener om sjukdommen. Ei sa: «For meg er openheit viktig for å gjere det (kreft) mindre farleg, på ein måte».
I lys av salutogenese ser vi her ein dempande dimensjon av openheit.
2. Openheit betyr gode kjensler
Deltakarane sa også at openheit kunne gje gode kjensler.
På den eine sida var det snakk om samtaler med jamaldringar med liknande erfaringar. Samtalene gjorde godt grunna moglegheita til å dele og samanlikne opplevingar, samt at desse jamaldringane forstod utan at ein måtte seie så masse. Ei verdsette at ho her endeleg kunne snakke «ordentlig og fullt ut» med andre.
Også openheit frå foreldre kunne gje gode kjensler. Ei sa: «Det at mamma ikke er redd for å snakke om det som kan skje, og som er veldig skummelt, gjør meg trygg.»
Desse skildringane viser erfaringar av at openheit fremmer helse.
3. Openheit betyr sosial støtte
Openheit kunne også bety sosial støtte i form av klemmar og oppmuntringar frå vener.
På skulen kunne den sosiale støtta kome i form hjelp, i staden for kjeft, dersom ein ikkje følgde med eller ikkje hadde gjort lekser.
Openheita gjorde også at lærarar gav sosial støtte i form av fritak frå lekser, og løyve til å ta fridagar eller pausar ved behov.
Her ser vi at tenåringane skildrar at openheit utløyser sosial støtte, ein sentral ressurs i følge Antonovsky.
4. Openheit betyr nye, krevjande situasjonar
Tenåringane skildra, naturleg nok, at samtaler der foreldre fortalte dei om sjukdommen kunne vere vondt og vanskeleg for både vaksne og born. Viktigare, kanskje, var at det å inkludere eigne vener i situasjonen, også kunne gjere vondt.
Det handla om at vener kunne reagere med gråt eller utsegn som «Går det bra med deg???!» sagt med sjokk og dramatikk, eller med å behandle dei annleis. Venene kunne for eksempel bli overdrivne omsynsfulle eller tydeleg usikre på kva dei skulle seie eller gjere. Andre igjen kunne begynne å sjå på tenåringen som annleis enn før, eller som «ho med den sjuke mora».
Manglande reaksjon kunne også vere smertefullt. Ein gut sa, tydeleg skuffa, at lærarane ikkje hadde gjort noko etter at han fortalte om sjukdommen til mora.
Openheit kan med andre ord aktivere nye krevjande situasjonar.
5. Openheit betyr tap av pausar
Tenåringane sa også at gjennom å ikkje vere opne, sikra dei seg «pausar» der foreldresjukdommen, som tema, var fråværande. Ei sa at dersom alle hadde visst om foreldresjukdommen, hadde den påverka henne heile tida. Når dei ho møtte på fritidsaktivitetar ikkje visste det, fekk ho ein pause frå sjukdommen der.
LES OGSÅ: Som pårørende er man usynlig
Ein gut som ikkje snakka med vener om foreldresjukdommen, sa at han heller ikkje ønska å gjere det fordi det var «deilig» å ikkje tenke på det, når han var med dei.
Om vi «set dette på hovudet», kan openheit bety tap av pausar der ein kan få «lada batteria».
Diskursen kring openheit er for smal
Litteraturen om barn av alvorleg somatisk sjuke foreldre presenterer openheit som eit gode, utan å forklara kva dei legg i omgrepet. Men det å være open er det motsette av å vere lukka. Open kommunikasjon kan dermed tenkast på som det motsette av å holde igjen, eller skjule, informasjon. Slik gir openheit assosiasjonar til ærlegheit.
Tenåringane tilla openheit ulike tydingar – det kan gje opphav til ulike erfaringar. Eg meiner det difor er viktig å understreke at openheit må forståast kontekstuelt. Avhenging av eksempelvis kven som seier kva, til kven, kan openheit dempe vonde kjensler, fremme helse og utløyse sosial støtte. Vidare kan openheita generere nye, krevjande situasjonar og den kan ta frå deg pausar.
Funna er i samsvar med tidlegare forsking som seier at ressursen jobbengasjement har ei tveegga rolle, fordi den gjev både helsefremmande og patogene resultat (Vinje, H og Mittelmark, MB, 2007).
LES OGSÅ: Bak min fasade – alt jeg ikke snakket om
Tenåringane eg intervjua viste meg at diskursen rundt openheit er for smal. Ein implikasjon er at helsepersonell som møter unge med somatisk sjuke foreldre, ikkje atterhaldslaust bør tilrå openheit. Dei bør, som eit minimum, førebu tenåringane på dei krevjande situasjonane openheit kan føre til.
I tillegg bør helsepersonell ta høgde for at det å la vere å fortelle om sjukdommen, kan vere eit rasjonelt val – det kan handle om å sikre seg pausar frå sjukdommen. Det moralske overtaket openheit har, med tanke på assosiasjonane til ærlegdom, gjer ei nyansert forståing av openheit ekstra viktig.
Kjelder
Antonovsky A (1979) Health, stress and coping San Francisco: Jossey-Bass Inc
Antonovsky A (1987) Unraveling the mystery of health: How people manage stress and stay well. San Francisco: Jossey-Bass Inc
Eide T et al (2020) Mental health as percieved by Norwegian adolesents living with parental somatic illness: Living in an eartquake zone International Journal of Qualitative Studies on Health and Well-being, 15(1) doi.org/10.1080/17482631.2020.1783064
Kennedy VL og Lloyd-Williams M (2009) How children cope when a parent has advanced cancer Psycho-Oncology,18(8)
doi.org/10.1002/pon.1455
Maynard A et al (2013) What is helpful to adolescents who have a parent diagnosed with cancer? Journal of Psychosocial Oncology, 31(6) doi.org/10.1080/07347332.2013.835021
Krauel K et al (2012) When a parent has cancer: Challenges to patients, their families and health providers Expert Review of Pharmacoeconomics & Outcomes Research, 12(6) doi.org/10.1586/erp.12.62
Phillips F (2015) The experience of adolescents who have a parent with advanced cancer: A phenomenological inquiry Palliative & Supportive Care, 13(4) doi.org/10.1017/S1478951514001023
Vinje HF, Mittelmark MB (2007) Job engagement’s paradoxical role in nurse burnout. Nursing & Health Sciences, 9(2) doi.org/10.1111/j.1442-2018.2007.00310.x