Sidan 1996 har eg hovudsakleg arbeidd med par- og familieterapi, og eg har i store delar av denne tida gått heilt og fullt inn for å vera så oppdatert som det er mogeleg å bli, særleg innan parterapi og parpsykologi. Eg har med djup overtyding og begeistring delt vidare av kunnskapen eg tileignar meg gjennom lesing, klinisk arbeid og eiga livserfaring.
Mykje av det eg delar har kome mange til nytte, men dei siste åra har eg også forstått at det finst ei gruppe menneske eg lenge ikkje såg eller tok på alvor, som eg rett og slett feilbehandla, der noko av kunnskapen eg elles har strøydd om meg med, kan ha gjort skade.
Det mest paradoksale – og mogelegvis formildande, skjerpande, eller begge delar – ved alt dette, var naturlegvis å oppdage at eg sjølv høyrer til i denne gruppa, ei gruppe som har vore usynleg for mangt eit terapeutisk auge.
Vi som har nevroutviklingsforstyrringar, blir ikkje lett oppdaga som dei vi er. Diagnosane våre er omdiskuterte, utskjelte og kalla for motediagnosar. Folk flest, og ikkje minst mange psykologar og andre psykoterapeutar, trur vi er ramma av sosiale konstruksjonar som automatisk vil sementere oss fast i offerrolla. Det gjer at eg i mitt stille sinn no kallar desse diagnosane for mytediagnosar.
Få andre diagnosar har fleire og sterkare myter knytt til seg, ikkje minst blant elles oppegåande fagfolk. Eg har vore, og er framleis, rasande over å vere forvist til å leva eit langt liv utan å bli sett og lytta til som den eg er. Eg har vore i tolv terapiforløp til høgt kvalifiserte spesialistar i løpet av livet, totalt rundt fjorten hundre timar hardt arbeid i psykologisk behandling. Utan at nokon har sett og forstått det viktigaste.
Det fanst ikkje ord for mange av dei sære trekka mine
Alle terapeutane har prøvd å få meg til å akseptere at den angsten eg har, deler eg med mange andre, og at den kjensla av å ikkje vera som andre, som eg har, deler eg også med mange andre. Det fanst ikkje ord for mange av dei sære trekka mine, og dei var heller ikkje relevante i særleg grad.
Å bli kvalm av sjøluft er då berre sjarmerande for ein opphavleg innlandsbonde, og det å ikkje kjenne att folk sine andlet, det kan skje den beste. Målet var at eg skulle akseptere at eg er «normal», og at alle opplevingar som tyder på noko anna, er resultat av det fagfolk kjenner som tankefeller, overføringsfenomen og projeksjonar.
Den siste terapien – ein psykoanalytisk variant – varte i nesten seks år, tre til fire gonger i veka. Den var faktisk den nyttigaste. Den projiserte særtrekka mine tydeleg, i detalj, ut på det store psykoanalytiske lerretet. Eit lerret som til ei viss grad var førehandsfarga av terapeuten, men likevel. Eigenarta mi skein gjennom, og til og med terapeuten sine sukk over kor «konkret» eg ofte var, gir i dag sorgmunter meining. Og eg vil alltid vera inderleg takksam for at han let den dels ordlause kampen for å la min eksistens som menneske få så stor plass.
Dei som meinte eg var «normal», tok feil. Eg tok òg feil. Det er så frigjerande å vita om det, at lenger frå offerrolla kjennest det vanskeleg å koma. Den dagen eg fekk autismediagnosen, som vart sett av ein av våre mest respekterte forskarar på området, kjøpte eg ekte sjampanje for første gong i livet. Då var eg nett fylt 56 år! Fem år tidlegare fekk eg ADHD-diagnosen, etter å ha undervist titals par der ein eller begge hadde ADHD, og gjennom det innsett at eg var komen til mine eigne, som eg aldri før ante eksistensen av.
I dag veit eg at autisme og ADHD ofte overlappar, og at det å ha ein eller begge diagnosar – eller andre utviklingsforstyrringar – disponerer for vanskar i par- og familieliv. Det disponerer for ei rekkje psykiske og fysiske lidingar, men kan samstundes, i heldige tilfelle, disponere for å lykkast karrieremessig. Medisinske og yrkesmessige følgjer skal eg la ligge i denne omgang.
Det er avgjerande at vi veit dette
Det som er viktigast for meg å formidle her, er at vi som jobbar i parfeltet, og særleg dei av oss som uttalar oss i media, må vera klar over at utviklingsforstyrringar er vanlegare enn vi trur. Vi må rekne med at ein god del av para som søkjer hjelp, vil ha uforståelege og ofte langvarige vanskar som botnar i manglande kunnskap om slike tilstandar. Det er avgjerande at vi veit dette, for å vera i stand til å tilpasse terapimetodar og rådgiving, slik at vi kan vera til hjelp og unngår å gjera skade.
I mange år var nevroutviklingsforstyrringar noko eg trudde stort sett handla om barn, og noko som hadde si eiga helseteneste – habiliteringstenesta. Eg jobba i familievernet, som er ei offisielt erklært diagnosefri og tradisjonelt diagnoseskeptisk teneste, difor såg eg aldri noko behov for å setja meg inn i kva til dømes ADHD og autisme var for noko. Eg jobba ikkje med slikt, trudde eg.
Skam og anger brenn i meg når eg tenkjer på enkelte par eg arbeidde med i mi uvitande fortid – par som eg i ettertid mistenkjer strevde med at den eine hadde ei nevroutviklingsforstyrring. Dei få eg vagt hugsar, gjekk frå kvarandre. Med mi fordømande hjelp. Det vart i dei tilfella «tydeleg» at den eine ikkje «var interessert i» å lytte eller vera emosjonelt open, ta initiativ til felles aktivitetar, ta ansvar, vera «vaksen».
Fleire av desse «håplause» klientane verka rett nok lei seg og ga uttrykk for at dei ville gjera bot og dokumentere betring, men dei «viste det ikkje i handling». Då var vel saka klar? Eg lurer iblant med gru på kva historier desse familiane sat att med i ettertid, og som eg kan ha bidratt negativt til.
Vi kan ikkje lenger tenkje utelukkande generelt
I kursleiarmaterialet til kurset «Du og jeg og ADHD», som psykolog Line Lotherington og eg har utvikla, har vi mellom anna laga eit trassig motskrift til ein avisartikkel som ramsa opp tjue grunnar til at du bør forlate eit parforhold. Motskriftet vårt heiter «Tjue grunner til at du kan bli i forholdet, selv om VG mener du bør gå».
Tendensiøse avisartiklar bør alle vera skeptiske til, og vi som fagfolk må unngå å bidra til å lage trongare rammer enn nødvendig for korleis medmenneska våre skal leva. Vi skal naturlegvis peike på handlingar og veremåtar som kan skade parforholdet og barna sine oppvekstvilkår, men vi kan ikkje lenger tenkje utelukkande generelt, blendakvitt, urbant, klasselaust og nevrotypisk, og tru at vi samstundes femner alle. Etter ein liten gullalder for generelt samlivsstoff er det kanskje tid for meir atterhald og ny fagutvikling hjå ein del av oss.
Eg er lei meg for dei parforholda eg har bidratt til å skade og dei foreldra eg har bidratt til å redusere respekten for, ved å ikkje forstå kva desse menneska faktisk slåst mot av usynlege og språklause utfordringar. Eg bed om tilgiving, og eg forstår på same tid godt om det kan sitja langt inne å gi meg det.
Psykolog Anne Marie Fosse Teigen er også intervjuet i Psykologisk.no om sin autism-ediagnose.