Ved Institutt for helse, miljø og likeverd ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i barnevern eller førsteamanuensis i psykologi.
Institutt for helse, miljø og likeverd er eit tverrfagleg institutt som driver forsking og masterprogram på fagfelta barnevern, helsefremmande arbeid, og global utvikling. Instituttet er en del av Alrek Helseklynge ved Universitetet i Bergen (LINK)
Nye nasjonale retningslinjer for masterprogrammet i barnevern blir vedteke i 2021 Disse nye retningslinjene vil få stor innverknad på utviklinga av masterprogrammet ved Det psykologiske fakultet, som blir tilbydd frå hausten 2022. Den som vert tilsett i stillinga vil vere ein viktig fagperson i arbeidet med vidareutviklinga av masterprogrammet.
Trykk her for meir informasjon.
Arbeidsoppgåver/forskningsområde
- Den som vert tilsett vil ha sin arbeidsplass ved Institutt for helse, miljø og likeverd.
- Personen skal forske, publisere og bidra i arbeid med å utarbeide nye forskingsprosjekt, og i søknader om eksterne forskingsmidlar innanfor felt med relevans for utsatte barn, unge og deira familiar.
- Den tilsette skal undervise, ta emneansvar og rettleie på barnevernsfeltet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjar må ha:
- Avlagt doktorgrad eller dokumentasjon på innlevert avhandling innan eit relevant fagfelt.
- Forskingserfaring innan tema utsette barn, unge og deira familiar.
- Søkjar må ha kompetanse i å rettleia masteroppgåver der det tas i bruk ulike metodiske tilnærmingsmåtar.
- Fagleg engasjement og interesse for å auke kompetansen innan barnevernsfeltet.
- Må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert med undervisning og forsking.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Kunne undervise på norsk eller eit skandinavisk språk frå tilsetjing.
- Gode formidlingsevner på engelsk munnleg og skriftleg.
- Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
- Kompetansekrav for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis fremgår av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger §1-4.
Søkjar bør ha:
- Kompetanse innan eitt eller fleire av følgande områder: Forsking på kvalitetsforbetring, tiltaksevaluering, epidemiologiske tilnærmingar og systematiske kunnskapsoppsummeringar.
- Erfaring frå tverrfaglege forskingsprosjekt.
- Klinisk/praksis-erfaring frå barnevernfeltet/-tenester med relevans for utsette barn, unge og deira familiar.
- Publikasjonar frå dei siste 5 år vil bli særskild vektlagt.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
- Løn etter lønssteg 64–74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 575 600–694 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Generell informasjon
Søknadsfrist: 28. februar 2021.
Arbeidsgivar: Universitetet i Bergen.
Arbeidsstad: Institutt for helse, miljø og likeverd.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Benedicte Carlsen, e-post: benedicte.carlsen@uib.no, tlf. 952 49 887.