Mange søkjer helsehjelp hos ein terapeut med føremål om å bli kvitt ubehagelege kjensler. Denne forventinga trur eg er i takt med den lite hensiktsmessige haldninga samfunnet har til kva livet inneber.
Eg lurer på om det i dag skal mindre til for å vippe oss av pinnen enn tidlegare. Eg undrar meg over om me i dagens samfunn i Noreg har blitt for sensitive for belastingar i livet på grunn av ei forventing om å ha det godt til ein kvar tid.
Ein viktig grunn til dette er at me stort sett har det trygt, godt og føreseieleg i Noreg. Likevel har me utvikla rigide forventingar som ikkje samsvarer med livets premiss, der både smerte og ubehag inngår som naturlege delar.
Mange føler dei lever i ei tidsklemme, der tida ikkje strekk til for å utføre kvardagens gjeremål. Paradoksalt nok jobbar me i dag mindre enn me gjorde før, og me har fleire rettar enn nokon gong, med blant anna arbeidsmiljølova som står sterkt. Til tross for at forholda ligg godt til rette for at me skal ha det godt, skal det det lite til før me kjem i ubalanse.
Eit smertefritt liv?
Eg trur samfunnet er med på å forsterke illusjonen om eit smertefritt liv. Nettavisene florerer med saker av typen «slik kan du bli kvitt depresjonen», og på sosiale medium blir me presentert for glansbilete av liva til både venner og kjendisar.
Eit slikt medieinnhald bidrar sannsynlegvis til å oppretthalde tanken om at ein til ein kvar tid skal ha det godt, og at ubehagelege kjensler og tankar er noko me bør kvitte oss med – og det kjapt. Mange vil truleg kjenne på «slik burde eg ikkje ha det, eg må bli kvitt smerta og ubehaget», når det i realiteten er mange menneskje som kjenner på det same.
Under følgjer fire eksempel på hendingar og opplevingar mange vil kjenne seg igjen i:
- Du kranglar med kjærasten og blir lei deg
- Du har ein konflikt på jobben og blir sint
- Du held ein presentasjon på skulen eller på jobb og kjenner på angst
- Du er småbarnsmor eller -far og er trist over at du ikkje får nok tid til å vere kjærastar
Alle desse eksempla kan gjere at me kjenner på tendensen til å ville bli kvitt vonde og vanskelege kjensler. Dette skjer til tross for at dette er heilt vanlege og kvardagslege opplevingar, med heilt vanlege kjenslemessige reaksjonar.
Likevel tolkast dei ofte som uvanlege og uønska. Dei vonde og vanskelege kjenslene kan også medføre ei tilbøyelegheit til å ville ta ein «pause» frå ubehaget, for eksempel ved å ikkje rydde opp i konfliktar, unngå og undertrykke eige ubehag, eller sjukmelde seg frå jobb. Men denne typen pausar frå ubehag vil sannsynlegvis medføre enda meir ubehag, smerte, og liding. Og kva skal me gjere i staden for?
Vi kjenner alle på ubehag
Eg meiner at me bør justere på forventingane og heller akseptere motstanden og belastinga me kjenner på, i staden for å kjempe imot. Me må fortsette å leve vårt vanlege liv med smerte og ubehag.
I nyare terapiformer – blant anna aksept- og forpliktelsesterapi og mindfulness-baserte terapiformer – er det å akseptere ein meir sentral terapikomponent enn i meir tradisjonelle terapiformer. Eg trur at denne vektlegginga er høgst tidsaktuell og nødvendig.
Me må i mykje større grad akseptere våre opplevingar i staden for å prøve å fjerne eller endre dei. Ved å øve oss på å ha det akkurat sånn som me har det og ikkje forsøke å fjerne ubehagelege tankar og kjensler, kan me få eit sunnare og meir avslappa forhold til dei store tema i livet, som ubehag, konfliktar, døden, osv.
Aksept er likevel ikkje synonymt med å like. Det handlar ikkje om å like ubehagelege ting som skjer eller å like at ein har det vondt, men om å tillate seg sjølv å ha det slik ein har det.
Alle kjenner på ubehag innimellom – det er normalt. Det betyr derimot ikkje at me bør stille oss passive til utfordringane i livet, men at me forsonar oss med at vonde ting skjer, samtidig som me rettar merksemda mot verdiar og aktivitetar som er viktige for oss.
Eit eksempel på dette er viss du føler deg nedstemt i ein periode og unngår å bruke tid på å aktivitetar du tidlegare brukte tid på. Du vil kanskje unngå å trene og vere sosial, sjølv om dette er viktige aktivitetar for deg. Du tenkjer heller at tristheita må fjernast før du kan gjenoppta vanleg aktivitet igjen. Dette impliserer ei forventing om at ein ikkje kan fungere med tristheit. Mitt råd vil derfor vere å trene og vere sosial til tross for at ein trist.
Vi bør øve på å forvente og akseptere «støy» i livet
Så, korleis kan me takle vonde og vanskelege hendingar og opplevingar? Ved å øve oss. Og det er to ting eg trur dagens samfunn altfor ofte gløymer:
- Å øve på å sjå det fellesmenneskelege i smerte og ubehag, som ein naturleg del av livet: alle menneskje har det vondt innimellom, sjølv om dei ikkje publiserer det på Instagram eller Facebook.
- Å øve på aksept: å leve med ubehagelege tankar, fysiske smerter, sorg, angst, osv.
Ein metafor som blir brukt i aksept- og forpliktelsesterapi er å førestille seg tankar som passasjerar på ein buss.
Passasjerane bråkar, synger og skapar støy.
Førestill deg tankar som passasjerar på ein buss.
I dag trur eg me i altfor stor grad stoppar bussen og forsøkjer å fjerne passasjerar utan grunn, når me ville ha hatt meir nytte av å både forvente og akseptere støy på bussen.