Ved Senter for krisepsykologi, Det psykologiske fakultet i Bergen, er det ledig ei fast 100 % stilling som førsteamanuensis.
Trykk her for å lese meir om stillinga.
Stillinga skal bidra til å styrke vårt strategiske satsingsområde psykososiale forhold ved alvorleg somatisk sykdom. Oppstart i stilling frå august 2020 eller etter nærmare avtale.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Doktorgrad i psykologi eller helsefag med innretning mot behandlingsforsking, helsefremjande arbeid eller helsepsykologi.
- Røynsle frå forsking og utdanning med relevans for psykososiale forhold ved alvorlig somatisk sjukdom vil bli vektlagt.
- Føremon at søkjar har norsk autorisasjon som helsepersonell og erfaring frå arbeid i primær- eller spesialisthelsetenesta.
- Erfaring frå nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid og vitskapleg publisering.
- Erfaring frå undervisning og rettleiing av studentar som skriv master/hovudoppgåver.
- Forskingsadministrativ erfaring, bedømming og fagfellevurdering.
- Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
- Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men den som blir tilsett bør også ha erfaring i å undervise på engelsk.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde
- Samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar om å gjennomføre klinikknær utdanning og forsking.
- Undervisning og rettleiing av studentar, samt rettleie studentstipend, stipendiatar og forskarar innan eige fagområde .
- Utvikle nye søknadar om ekstern finansiering av forsking frå NFR, Helseføretaket, EU og andre finansieringskjelder.
- Ta del i arbeidet med å utvikle nye undervisningsemne og studieprogram ved senteret.
- Ta del i publisering, formidling og fagleg administrativt arbeid ved senteret.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
- Løn: 572 700 ‒ 740 900 kr brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Kontaktperson
Professor Jarle Eid.
Søknadsfrist: 5. januar 2020.