Kva er ADHD? ADHD kan manifestere seg ulikt frå person til person, men felles for dei ulike variantane er at ADHD-folket har ei indre utrustning som gjer at dei store delar av tida tar inn både den utvendige og den indre verda gjennom usynlege megafonar utan volumkontroll. Alt dette blir overveldande, så det er slett ikkje rart at ein tidleg (og umedvite) utviklar verne- og sjølvreguleringsstrategiar som kroppsleg uro og hyperfokus.
Finst ADHD? Finst det hundar som har seks tær, kan brette øyro saman og legge hovudet bak på ryggen og beina rett ut til sida? Om ein aldri har sett ein lundehund, trur ein kanskje ikkje det, og ein blir heller litt fnisete av den figuren som dukkar opp i eins eigen fantasi (i min fantasi var det ein nær slektning av Rattata frå Lucky Luke som manifesterte seg).
Og om ein tar spørsmålet alvorleg, svarar ein kanskje at ja, hunden min kan faktisk bøye hovudet ganske så langt bakover, eller hunden til grannen kan gå halvvegs ned i spagat med frambeina, så dette er det ikkje noko spesielt med, eller eg har då sett mange hundar som har øyro heilt naturleg nedbretta!
Til og med om ein har sett éin lundehund, kan ein tvile. Seks tær kan vera ein tilfeldig mutasjon! To hundar med seks tær? Litt verre, men kanskje dei var frå same kull. Mogeleg dei var fødde litt for nær eit nedslagsfelt for Tsjernobyl-avfall også. Møter ein derimot endå fleire av dei, fleire stader i verda, eller for ikkje å snakke om på ei samling for lundehundeigarar, skal det mykje kreativitet og fantasi til for å nekte å tru på fenomenet.
ADHD-hjernen
Parallellen mellom lundehundar og ADHD-folk er ikkje utan skurr (sjølv om partnaren til den med ADHD vil kunne banne på at ADHD-personen kan brette øyro saman!). Har ein ADHD, kan ein ofte ha meir behov for å legge beina på nakken enn hovudet på ryggen (der har mange med ADHD allereie styggen).
På den andre sida: Slik som komitear stemmer fram kva som er ein ekte lundehund, er det komitear som stemmer fram kva som skal vera ein ekte ADHD-diagnose. Og så langt eg har forstått kan det i slike komitear gå føre seg så fillene fyk, sjølv om kanskje ikkje alle diagnosar fører med seg like mykje usemje og fykande filler som ADHD.
ADHD er ein diagnose som fyrst har endra namn, og deretter ikkje har endra namn, sjølv om forskarane har fått tilgang på målemetodar som gjer at det noverande namnet synest mindre og mindre dekkande. Det er i alle fall langt frå heildekkande! Ikkje så rart, eigentleg, for medan lundehunden spankulerer stolt – når han ikkje ligg i spagat, då – med tærne godt synlege, er ADHD-hjernen, som hjernar flest, relativt utilgjengeleg for det blotte auga.
Det er såpass stort rom for variasjon i korleis menneskehjernar ser ut, at det skal noko til å finne eit eige avtrykk av «ADHD-hjernen» via dei biletteknikkane forskarane bruker. Og det å observere åtferd er ikkje naudsynleg enklare, for vi menneske er utruleg gode til å kompensere for veike eller ufleksible sider og erstatte dei med tillærte strategiar, basert på kombinasjonar av fellesmenneskeleg utrustning og unike styrker hjå den det gjeld.
Eit ekstremt følsamt sinn
Slik kan vi få folk med ADHD som tar doktorgrader, byggjer bedrifter og store konsern, blir stjernekirurgane som tar dei vanskelegaste transplantasjonane, eller blir idretts-, revolusjons- eller krigsheltar. Andre hamnar i fengsel av mindre høgverdige årsaker. Og bak alt dette ligg mellom anna eit sterkt behov for å verne og ivareta det som synest vera kjernen i ADHD: eit ekstremt følsamt sinn med sparsamt utbygde reguleringsmekanismar og knapp tilgang på den energien som skal drive mekanismane.
Det gjeld både mekanismar som gjer at vi med viljen kan bestemme oss for å gasse på, og det gjeld bremsemekanismane – for humør, merksemd og motivasjon. Forskarar har observert dette på bilete i form av færre nerveceller og -samband i frontallappen og i den fremre delen av hjernebjelken, som bind saman høgre og venstre hjernehalvdel.
Om ein bruker metaforen med internminne, er det altfor lite av det. Det kan gå bra – ja eksepsjonelt bra – om ein er velsigna med andre talent og kan finne eller skape seg miljø der ein køyrer talentprogrammet store delar av tida. Men di fleire samtidige hjerneprogram som køyrer, dess fortare blir ADHD-personen utsliten av å drive rovdrift på dei sparsamt utbygde reguleringsmekanismane.
Når systemet er nede
Når systemet er nede, for å bli i IT-terminologien, kan det slå ut på høgst ulike måtar: Ein kan bli apatisk eller frenetisk, tenne på alle pluggane eller bli totalt underkastande og medgjerleg (NB! Så lenge det varer …!) Det er heller ikkje uvanleg å bli akutt fortvila og sjølvmordslysten. Berre dei grunnleggande, umedvitne overlevingsstrategiane står att når systemet er nede og ein er i ein krevjande situasjon. Ein kan då bli ståande som frosen fast, flykte eller slåst for livet, eller organismen kan førebu seg på å døy, noko som kjennest som total kraftløyse, kroppsleg og mentalt.
Berre dei grunnleggande, umedvitne overlevingsstrategiane står att når systemet er nede og ein er i ein krevjande situasjon.
Likevel, når frontallappen har takka midlertidig av i ADHD-hjernen, burde vegen ut til vedhogst, jakt, fiske, klatring, hagestell, snømåking, bærplukking og alt som er sanseleg og fysisk, ideelt sett ligge klar, og mobiltelefonar og nettbrett burde vore innelåst i seif – med piggtråd rundt! (Alternativt plasserte på ein fjelltopp). Og i fantasien om ei perfekt verd kunne ein kanskje også ha selskap av ein ivrig, logrande turkamerat.