Så gjekk han ut i båten, sette over sjøen og kom til sin eigen by. Der kom dei til han med ein mann som var lam og låg på ei båre. Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Ver ved godt mot, son. Syndene dine er tilgjevne. (Matt. 9.1-2)…Då sa Jesus til henne: Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred! (Luk. 8.48)
Ifølgje vitneutsegner kunne Jesus lækje sjuke folk. Som regel kom folk ope og bad om hjelp, men kvinna frå sitat nummer to ovanfor stal til seg lækjedomen. Kanskje ikkje så rart, for ho hadde ein sjukdom som mogelegvis var tabulagt: Ho hadde hatt blødingar i tolv år. Så ho sneik seg innpå Jesus bakfrå, kneip tak i kanten av kappa hans og i same augneblink stogga blodstraumen, fortel evangelisten Lukas, som sjølv var lækjar.
Då kvinna rørde ved kappa hans, kjende Jesus at «det gjekk ei kraft ut frå han», og han spurde kven som hadde tatt i han. Ingen melde seg. Læresveinane prøvde å føysa det bort med å påpeika det openberre: Det var så mange som trykte og trengde seg på. Men Jesus ga seg ikkje, for han hadde kjent i kroppen at nokon hadde henta kraft frå han. Kvinna våga då ikkje løyna seg lenger og gjekk skjelvande fram, kasta seg ned på bakken og tilstod. Jesus svara henne som sitert ovanfor: Trua di har frelst deg, dotter. Gå med fred!
Kva har synder og tru med sjukdom å gjera? Spørsmålet har vore betent i mange kristne kretsar, og eg skal ikkje gi meg ut på noka teologisk utgreiing. Men spørsmålet kan også stillast frå ei psykologisk vinkling: Finst det mentale mekanismar som kan gi meining til det som skjedde med dei fysisk sjuke menneska som skriftene fortel kom til Jesus og opplevde å bli lækt?
I den tidlege psykoterapihistoria identifiserte Sigmund Freud (til si eiga overrasking og med visse intellektuelle kvalar) umedviten skuld som drivkraft for ein del fysisk og psykisk sjukdom (Freud, 1923). Pasientane hans syntest å streve med lammande (iblant i bokstaveleg forstand) indre konfliktar. Når konfliktane over tid vart dechiffrert, på grunnlag av blant anna forsnakkingar og attforteljingar av nattlege draumar, kunne dei dei fysiske og psykiske symptoma sleppe taket, og pasienten opplevde ei frigjering av dei mentale ressursane sine.
På med flaumlys
Ein nyare ekspressvariant av psykoanalytisk behandling har fått namnet ISTDP (Intensive Short Term Dynamic Psychotherapy). Den viser svært lovande resultat – ikkje minst i åra etter at behandlinga er avslutta – og nyttast ofte av pasientar som har prøvd det meste, men ikkje har fått hjelp av anna behandling. Her i Noreg er vi så heldige at vi har eitt av verdas fremste fagmiljø innanfor ISTDP, og solide effektstudiar er publisert med bakgrunn i norsk pasientmateriale (Solbakken & Abbass, 2015, 2016). Sjølv strevde eg meg gjennom eitt år med utdanning i denne metoden, før eg forstod at eg hadde tatt meg vatn over hovudet. Til mitt flaue forsvar vil eg påstå at det er den vanskelegaste psykoterapimetoden i verda å lære seg. For å bli dyktig må ein arbeide i årevis med terping av teknikk og med uendeleg detaljerte videoanalysar av terapitimane sine, i tillegg til å tola intensive og utfordrande møte med dei mest skakkøyrte sidene i eige sjelsliv. Men for nokre mirakel meisterterapeutane innan denne metoden får til!
I løpet av året med intensiv dynamisk korttidsterapi fekk eg sett videoar med ekte pasientar, som kom til terapeuten med krykkjer eller rullestol og gjekk derfrå på eigne bein. Glimt frå terapitimar der ei stum dame fekk att stemma gjorde inntrykk. Noko av det mest overraskande ved desse filmklippa var kanskje at behandlaren var så jordnær, systematisk og særs lite karismatisk. Meisterterapeuten henta datamaterialet sitt frå kontinuerlege observasjonar av pasienten sin kroppslege og relasjonelle veremåte og frå terapeutens eigne kjenslereaksjonar på pasienten.
Meisterterapeuten i desse videoklippa heldt seg strengt til det han realistisk sett kunne bidra med. Han tok til dømes aldri over ansvaret for pasienten sin vilje til å arbeide med eit tema. Fridomen til å ta – eller ikkje ta – nye steg i det terapeutiske arbeidet, var konsekvent plassert hjå den som søkte hjelp. Terapeuten viste samstundes ein terapeutisk virtuositet som verka så enkel og liketil at den garantert kvilte på enorme mengder grunntrening. På presist vis skar han igjennom pasienten sine mentale fluktforsøk og flaumopplyste korleis vedkomande, utan å vera klar over det, spente bein på seg sjølv, også i terapirelasjonen.
Placeboeffekten er reell
ISTDP-filmklippa viste meg kva millimeterpresist psykoterapeutisk arbeid kan vera. Eg såg utmatta og demoraliserte pasientar kvikne til, våge å opne seg for behandlaren og for å bli kjent med sine eigne umedvitne og dels brutale indre mekanismar. Med fare for at nokre lesarar no fell av og plasserer meg lengst inne i båsen for alternativmedisin, vedgår eg at det kunne sjå ut som om mange av desse pasientane var fanga i subjektive former for tidleg utvikla og umedviten privat voodoo. Uansett: Dess meir pasientane vart sett i stand til å utforske og oppleva den emosjonelle og metaforiske realiteten i dette fangenskapet – det som i ISTDP-språk kallast å låse opp det umedvitne – dess sterkare effekt syntest behandlinga å ha (jf. Abbass, Town, Ogrodniczuk, Joffres & Lilliengren, 2017).
Korleis forstår hovudstraumen av psykologiske og medisinske forskarmiljø mekanismane i slike fenomen? Den klassiske teksten om dette finn vi i boka Persuasion and healing av den amerikanske psykiateren Jerome Frank. Boka vart første gong gitt ut i 1961 og kom i siste reviderte og utvida utgåve i 1991, då med dottera Julia som medforfattar. Frank og Frank (1991) gjer greie for fellesfaktorar i effektiv lækjedom innan medisin, psykoterapi og religion og tar mellom anna for seg placeboeffekten. Placeboeffekten er i våre dagar ein utskjelt effekt; den omtalast ofte i nedvurderande vendingar: Ha! Det der er berre placebo, seier vi då.
Faktum er at placeboeffekten er like reell, fysisk og psykisk, som effekten av til dømes kjemiske og kirurgiske inngrep, men skilnaden er at placeboeffekten føreset ein hjerne som er tenkande, meiningsskapande, assosiativ og symboliserande. Placeboeffekten føreset ikkje suggesjon og intens innbillingskraft. Ein kan koma langt med sakleg informasjon, noko dokumentarfilmen All the rage frå 2016 gir eit godt innblikk i. Kort fortalt handlar den om ein amerikansk professor i rehabiliteringsmedisin, som gjennom skriftleg og munnleg informasjon (tre timars gruppebasert kveldsundervisning) lækte tallause pasientar som ikkje hadde fått hjelp av fysioterapeutiske, kjemiske og/eller kirurgiske metodar.
[Teksten fortset under traileren.]
Medisinsk uforklarlege lidingar
Trass generell kunnskap om psykoterapeutiske fellesfaktorar og placeboeffekt, veit vi framleis lite om dei spesifikke verknadsmekanismane i konkrete «mirakeltilfelle». Mangelen på slik kunnskap bidrar til at altfor mange fysisk og psykisk sjuke menneske lever store delar av livet på vandring frå behandlar til behandlar, der kvart nye terapiløp kjem i kjølvatnet av tilbakefall eller som følgje av at personen utviklar nye lidingar, ofte i tillegg til dei som var der frå før. Kor mykje kunne ikkje samfunnet spare på å førebyggje og behandle litt meir av dette?
Ein liten kanadisk studie undersøkte helsemessige og økonomiske følgjer av å gi ut ei brosjyre med skriftleg informasjon pluss tilby ein eller fleire timar med intensiv dynamisk korttidsterapi til gjengangarpasientar med medisinsk uforklarlege lidingar (Cooper, Abbass & Town, 2017). Det viste seg at pasientane som tok imot tilbodet, opplevde symptombetring i den grad at dei reduserte legebesøka sine med 23 prosent dei fyrste seks månadene etter behandlinga, samanlikna med halvåret før dei kom i behandling.
Eg såg utmatta og demoraliserte pasientar kvikne til.
Uansett kva som blir svara på dei spørsmåla, er ein ting sikkert: Mirakla si tid er ikkje over. Innanfor psykoterapiforskinga har ho så vidt starta.
Kjelder
Abbass, A., Town, J., Ogrodniczuk, J., Joffres, M. & Lilliengren, P. (2017). Intensive Short-Term Dynamic Psychotherapy Trial Therapy. Effectiveness and role of “unlocking the unconscious”. Journal of Nervous and Mental Disease, 205(6), 453–457. doi:10.1097/NMD.0000000000000684
Beilinson, D., Seidenberg, R., Sklar, J., Galinsky, A., Galinsky, M., Hawley, S. & Messner, J. (produsenter). (2016). All the rage (Saved by Sarno). USA: Rumur.
Cooper, A., Abbass, A. & Town, J. (2017). Implementing a psychotherapy service for medically unexplained symptoms in a primary care setting. Journal of Clinical Medicine, 6, 109. doi:10.3390/jcm6120109
Frank, J. D. & Frank, J. B. (1991). Persuasion and healing: A comparative study of psychotherapy. (Tredje utgave, første kom i 1961) Baltimore: Johns Hopkins University Press. Kindle Edition.
Freud, S. (1923). The ego and the id. Fri e-bok via SigmundFreud.net.
Hofstadter, D. & Sander, E. (2013). Surfaces and essences: Analogy as the fuel and fire of thinking. New York: Basic Books.
Lakoff, G. & Johnson, M. (2003). Hverdagslivets metaforer: Fornuft, følelser og menneskehjernen. Oslo: Pax.
Solbakken, O. A. & Abbass, A. (2015). Intensive short-term dynamic residential treatment program for patients with treatment-resistant disorders. Journal of Affective Disorders, 181, 67–77. doi:10.1016/j.jad.2015.04.003
Solbakken, O. A. & Abbass, A. (2016). Symptom- and personality disorder changes in intensive short-term dynamic residential treatment for treatment-resistant anxiety and depressive disorders. Acta Neuropsychiatrica, 28(5), 257–271. doi:10.1017/neu.2016.5