Som psykolog i familievernet, underlagt helsepersonellova, har eg hatt ei plikt til å vera relativt oppdatert på kartlegging og behandling av i alle fall dei mest vanlege diagnosane. Den plikta har eg prøvd å oppfylle, og der eg har fått ferten av angst og affektive lidingar, har eg prøvd å gi råd om korleis klientane kunne få vidare kartlegging og hjelp i helsevesenet. Eg har vore så sjølvsikker at eg trudde eg var over gjennomsnittet oppdatert til familievernpsykolog å vera – eit sjølvbilete eg tok med meg ut i privat verksemd for ei lita tid sidan.
Det vart derfor ei sjokkarta oppleving for meg då eg samstundes vart invitert til å halda todagars samlivskurs for par som lever med ADHD i parforholdet. I og med at eg har utvikla samlivskurs og halde parkurs og kursleiarkurs i ein god del år no, trong eg ikkje tenkje meg om to gonger. På dei fleste parkursa eg har hatt, har det vore par der nokon har hatt diagnosar. Eg hadde også hatt kurs for par med alvorlege, kroniske fysiske lidingar. Eg hadde lært, og eg visste korleis eg kunne tilpasse kursopplegget til grupper med såkalla «spesielle behov».
Trudde eg. Men: Not!
Dette viste seg å vera par frå ein annan planet. Kursmakkaren min, uvurderlege Line, hadde åtvara meg om korleis det kunne bli. Ho hadde spesifikk kunnskap om vaksen ADHD. Eg lo litt i mitt stille sinn over det ho på førehand fortalde meg, og eg tenkte med meg sjølv at det å halda parkurs verkeleg ikkje er for amatørar. Men så var no eg så heldig at eg ikkje var amatør, då.
Meinte eg. Men igjen: Not!
CTRL-ALT-DEL
Eg var amatør. Eg trudde til dømes at etter ein vellykka dag 1 av kurset, med strålande tilbakemeldingar på evalueringsskjema, ville forsamlinga møte spente og ivrige på dag 2. Tidlegare kurs eg hadde halde, hadde vist meg det. Men jordas naturlover gjeld ikkje på ADHD-planeten. Ein vellykka dag 1 er ei vedunderleg gåve frå universet til kursdeltakarar og kursleiarar på denne planeten, men det er også alt det er. Dessutan: Det som i éin augneblink er ei forsamling med andlet som signaliserer takksemd og glede over å få og å få dele meiningsfull kunnskap og hardt tilkjempa erfaringar, kan i neste augneblink vera omskapt til ei forsamling av lidande og olme andlet.
Fyrste gong eg opplevde dette skiftet, fem minutt etter eg hadde starta å undervise i stoff som par vanlegvis set stor pris på, trudde eg nesten ikkje det eg opplevde. Eg prøvde i eit par lange minutt å halda fram med undervisinga, men steinandleta var komne for å bli. Panikken steig i skallen min, og eg såg meg nøydd til å stoppe opp og seia som det var; at eg hadde blitt i tvil om vi no heldt på med noko som var meiningsfullt for forsamlinga. Para fekk i oppdrag å reflektere litt seg imellom om kva dei kunne ha behov for der og då, medan eg nærast styrta bort til Line, som sat og observerte under min kursbolk. Ho smilte innforstått då eg kom bort til henne og spurde om ho også merka at det var litt spesiell stemning.
Det er shut-down, sa Line. Hæ, sa eg. Det er slik det er med ADHD, forklarte Line. Dei har brukt opp merksemdressursane sine, og då går dei i shut-down. Dei treng lading.
Eg var ganske sikker på at diagnosemanualen ICD-10, som vi bruker som ADHD-autoritet her i landet (og som gjekk i trykken i 1992!) ikkje nemner korkje nedstenging eller lading under det som der kallast hyperkinetisk forstyrring, og som er WHO sitt namn på ADHD.
Kva gjer vi då? Spurde eg.
Line hadde forslag, og eg fekk meg ein god dose læring. Det trur eg også forsamlinga fekk. Saman klarte vi setja ord på den mørke stemninga, slik at den ga meining og var mogeleg å kjenne att, for dei som lever med slike fenomen til dagleg og som verkeleg treng å vita at steinandlet ikkje treng handle om negative kjensler, mangel på interesse eller mangle på vilje. Tvert om kan det handle om at hjernen bak steinandletet har hengt seg opp. Det er som når vi sit med ein litt for gammal pc og litt for ny programvare. Det er for lite RAM, og alt går stadig i stå. Då trengst det ein CTRL-ALT-DEL-kommando og ny oppstart.
RAM-knappleik
For par som lever med ADHD er dette berre eitt av fleire heilt unike fenomen som oppstår i desse para. Andre fenomen er at programmet for kontoen i kjærleiksbanken blir utilgjengeleg når RAM-knappleiken hjå ADHD-personen blir påtrengande. Og den same RAM-knappleiken gjer at dei mentale bremsemekanismane i frontallappane ikkje slepp til. Utan bremsemekanismar blir hjernane våre styrt av impulsar – anten det er indre eller ytre. Det kan vise seg i praksis som altoppslukande interesser (hyperfokus) eller merksemd som flakkar viljelaust, driven av stadig skiftande sanseinntrykk.
Lettare blir det heller ikkje av at den som har ADHD kan ha einskilde sansar som er ekstra vare, medan andre sansar (hjå same individ) ikkje reagerer før ved fullt volum på sanseinntrykket. Det fyrste er illustrert her ved ei setning frå eit evalueringsskjema: «Dumme kulepenner for ADHD-ere! Noen sitter og klikker av/på med dem, mens andre klikker av lyden (inni seg)!»
Det eg hittil har lært, etter å ha halde fleire kurs for par som lever med ADHD, er at diagnosespesifikk kunnskap er heilt naudsynt for at desse para skal ha nytte av samlivskurs eller parterapi. Utan den ADHD-spesifikke kunnskapen vil ADHD-personen mest sannsynleg oppleve eit nytt personleg nederlag som følgje av kurset eller terapien – fordi dei terapeutiske verktøya vi vanlegvis byd fram, vil vera utilstrekkelege, ja nokre av dei beint fram skadelege, fordi bruken av dei er dømt til å mislykkast.
Partnaren til den med ADHD vil samstundes i endå større grad enn før tolke ADHD-symptoma som manglande kjærleik, manglande interesse, latskap eller manglande viljestyrke og vil kompensere og/eller kritisere i tråd med denne forståinga – inntil grensa er nådd for ein av dei to.
Jordas naturlover gjeld ikkje på ADHD-planeten.
Med aukande tilgang på god litteratur om ADHD hjå vaksne, bør framtida sjå ljosare ut, også for par som lever med ADHD. Dei nyaste bøkene nyanserer også biletet av ADHD, ved å vise korleis denne hjernetypen kan ha særleg gode føresetnader for kreativitet og nyskaping. Noko av det som har slått meg på parkursa, er også ADHD-folket sin utrulege evne til å gå ut av eit mørke og starte på ny frisk. Det skal som regel berre litt lading til…