Når eg fyrst prøver å endre ein vane, skal eg derfor ha ein særs god grunn til det, gitt kostnaden det fører med seg, og eg må vedgå at det med tida er blitt svært sjeldan eg prøver meg på noko som helst innan vaneendring. For nokre veker sidan fekk eg likevel spontan starthjelp til å slutte med ei last eg lenge hadde sett meg lei på. Nemleg å stordrikke kaffi. Eg har i årevis drukke ufattelege mengder. Dagleg. Gjerne frå morgon til kveld. I spegelen har eg sett tennene mine få meir og meir patina, og eg frykta utviklinga vidare.
Lagnaden skjenkte meg i denne stoda ei gåve, i form av ein litt langvarig biholebetennelse. Kaffien kjentest smaklaus, og eg såg mitt snitt til å byte han ut med varmt vatn. No skulle det ikkje berre bli slutt på dei tette biholene, men også på den tette kaffidrikkinga. Resultatet er blitt at eg no ikkje kjem meg ut av senga om morgonen (kva er poenget, når ingen kaffikopp ventar?), eg tyllar i meg unemnelege mengder te og kakao, og mykje av tida framfor Mac-en går med til å snurre musepeikaren rundt og rundt i små sirklar i staden for å vera produktiv, fordi det kjennest som om det stort sett er tåke under topplokket når koffeinet manglar.
Moralsk reingjering
Hadde eg ikkje opplevd liknande magi tidlegare, ville eg tenkt at her ser vi eit typisk døme på eit problem som har ein klar biologisk årsak, og at eg høyrer til den gruppa som burde få koffein på blå resept. Men truleg er det ikkje så enkelt: Innimellom tåkeskyene har musepeikaren klart å finne fram til forskingsartiklar som foreslår andre forklaringar, av meir psykologisk art.
Det ser nemleg ut til at fleire av oss kan ha ein indre, dels umedviten termostat, som slår på det forskarane kallar moralsk kompensasjon når oppførselen vår avvik frå det last- eller dydsnivået sjølvbiletet vårt er innstilt på. Blir dydsnivået høgare enn vår indre termostat kan takle, kompenserer vi ved å gjera noko idiotisk, ufornuftig eller gale. Og i motsett fall: Om termostaten slår alarm om at vi har gjort noko vi ikkje burde, kan vi i etterkant risikere å ta på oss oppgåver vi elles ville sagt nei til (Freedman et al., 1967).
Den sistnemnte prosessen har fått namnet moralsk reingjering (moral cleansing). Noko av det vi assosierer med det å vera moralsk og dydig, er nemleg det å vera rein (Zhong & Liljenquist, 2006). Det å vera skiten eller rein representerer visstnok ein av dei mest grunnleggjande metaforane våre, ifølgje metaforforskar Simone Schnall (2012). Og vi hugsar frå bibelhistoria: Pilatus vaska hendene sine etter at han hadde dømt Jesus til døden.
«Til helvete med alt»-effekten
Moralsk reingjering er noko vi set i gang med når moraltermostaten vår fortel at vi har hamna på den negative sida. Då kan vi arbeide oss attende til akseptabelt nivå ved å anten 1) reparere skaden vi påførte (restitution cleansing), 2) kompensere, ved å utføre andre gode handlingar som vi i vårt stille sinn synest har tilsvarande verdi som det skadelege vi gjorde (behavioral cleansing) eller 3) fri oss frå syndene på symbolsk måte (symbolic cleansing), gjennom ritual som til dømes handvasking eller skriftemål.
Og tru ikkje at dette siste berre gjeld kristne og folk med tvangslidingar. Er du til dømes av dei som trenar på treningsstudio? Forsking viser at om du rett etter trening får ein test der du kan jukse deg til betre skårar, er det større sjanse for at du juksar om du får testen etter at du har dusja enn om du får han før du går i dusjen (Lobel et al., 2015)!
Er ingen av desse reingjerande alternativa innan rekkevidde, kan vi risikere at heile moralmekanismen kollapsar og «til helvete med alt»-effekten (the «what the hell» effect) slår inn (Cochran & Kesser, 1996).
Som ein leik
Gale kan det altså gå når vi har gjort noko gale, men like gale kan det gå om vi blir for perfekte! Blir vi betre menneske enn termostaten synest vi treng vera, slepper han ut ein liten satan som lokkar oss til å gjera noko lite gjennomtenkt, dumt eller umoralsk – eit fenomen som kallast moralsk løyving, eller moral licensing (Khan & Dhar, 2006). Dette kan forklare kvifor store leiarar kan hamne i skandalar. Men det ser også ut til å ramme oss vanlege dødelege.
I studien til Khan og Dhar (2006) fekk folk valet om dei ville ha eit elegant designarplagg (luksus) eller ein like verdifull støvsugar (noko ein treng). Halvparten av forsøkspersonane hadde like før dei fekk spørsmålet forplikta seg til å drive ei viss mengde samfunnsnyttig, friviljug arbeid, medan den andre halvparten berre fekk valet mellom dei to objekta. Dei som hadde forplikta seg til samfunnsnyttig arbeid, valde i større grad designarplagget, medan dei andre oftare gjekk for støvsugaren!
For kvar last eg prøver å slutte med, blir det på magisk vis skapt to-tre nye.
Det einaste som uroar meg no, er kva faenskap eg kjem til å finne på i kveld.
Kjelder
Cochran, W. & Tesser, A. (1996). The “what the hell” effect: Some effects of goal proximity and goal framing on performance. I L. L. Martin & A. Tesser (red.), Striving and feeling: Interactions among goals, affect, and self-regulation (s. 99–120). Mahwah, NJ: Lawrence Erlbaum.
do Vale, R. C., Pieters, R. & Zeelenberg, M. (2016). The benefits of behaving badly on occasion: Successful regulation by planned hedonic deviations. Journal of Consumer Psychology, 26(1), 17–28. doi:10.1016/j.jcps.2015.05.001
Freedman, J. L., Wallington, S. A. & Bless, E. (1967). Compliance without pressure: The effect of guilt. Journal of Personality and Social Psychology, 7(2), 117–124.
Khan, U. & Dhar, R. (2006). Licensing effect in consumer choice. Journal of Marketing Research, 43(2), 259–266. doi:10.1509/jmkr.43.2.259
Lobel, T. E., Cohen, A., Kalay Shahin, L., Malov, S., Golan, Y. & Busnach, S. (2015). Being clean and acting dirty: The paradoxical effect of self-cleansing. Ethics & Behavior, 25(4), 307–313. doi:10.1080/10508422.2014.931230
Schnall, S. (2014). Are there basic metaphors? I M. Landau; M. Robinson & B. Meier (red.), The power of metaphor: Examining its influence on social life (s. 225–247). Washington, DC: American Psychological Association.
Zhong, C.–B. & Liljenquist, K. (2006). Washing away your sins: Threatened morality and physical cleansing. Science, 313(5792), 1451–1452. doi:10.1126/science.1130726