Andre gjer det motsette og legg all skuld på andre. Det er som om dei lever etter følgjande indre regel: «Om berre ikkje omverda hadde bestått av så mange håplause individ som kløner til livet mitt og gjer det vanskeleg for meg, ville eg hatt det fint! Men sidan eg stadig blir utsett for urett, tvingast eg til å bruke store delar av tida mi på å prøve å rette opp att feila dei har ansvaret for, som går ut over meg!»
Nokre i den sistnemnte gruppa utviklar seg i tillegg til å bli det relasjonelle svaret på den legendariske storspelaren i tennis, John McEnroe. Og, berre for å ha presisert det: Dei relasjonelle McEnroane er av alle kjønn. Kjenneteiknet er at dei parerer alt som kjem imot. Dei er tilsynelatande overalt samstundes, og som McEnroe sprett dei fram frå ingen stad, og hamnar ikkje sjeldan i perfekt posisjon rett framfor nettet, der dei serverer ein drepande smash, umogeleg å ta for den som er på den andre sida. Eigentleg imponerande, hadde det ikkje vore for dei menneskelege langtidskonsekvensane, også for storspelaren sjølv.
Som hand i hanske?
I utgangspunktet er det logisk at desse to stilane passar kvarandre som hand i hanske, og at det kan bli parforhold ut av det. I starten har dei det også vedunderleg fordi forelskingshormona fjernar den djupe mistrua begge har til at andre er til å stole på. Utfordringane kjem når hormona har gjort jobben sin og trekkjer seg attende, og kvardagen sine små og store utfordringar krev at ansvar og skuld skal fordelast. Då er det som om dei umedvitne skuldprosessane byrjar leva sitt eige liv. Og det kan ta av! Nokre gonger i så stor grad at det meste etter kvart kan handle om å sjekke om den andre har skuld i noko eller å rømme frå mogelege skuldingar som kan tenkjast å kunne koma.
Stort sett møter eg desse menneska på familievernkontoret etter at samlivet har brote saman. Logisk det også. Kvifor skulle dei koma før? Skuld og ansvar er stabilt fordelt, og det er ikkje rom for andre innspel. Kva skal ein då med ein terapeut – for samliv handlar om å fordele skuld og ansvar, eller kva? Men etterpå må ein til familievernkontoret, om ikkje anna så for å møte opp i lovpålagt mekling for foreldre, anten det er ved sjølve samlivsbrotet eller på eit seinare tidspunkt, når usemja om barnas beste er blitt så stor at minst ein av foreldra vurderer å gå til rettssak.
Som meklar møter eg då to vidt ulike oppfatningar av verda og familielivet, og oppdraget mitt er å bidra til eit samtaleklima som fremmar samarbeid, slik at foreldra kan bli samde om ei ordning for barna sine som begge kan slutte seg til. I den prosessen har eg heldigvis stor fridom i korleis eg vil arbeide. Eg kan snakke med begge foreldre saman, eller eg kan bruke delar av meklingstimane til å snakke med dei kvar for seg. I saker der dei to er låst fast i rollene McEnroe vs. Skuldsvampen snakkar eg ofte med dei kvar for seg, utan at eg her og no skal gå inn på alle årsakene til det.
Eg skal heller prøve å destillere korleis det kan sjå ut når meklaren, med sine terapeutiske metodar, prøver seg på McEnroe. Eg understreker at dette er ei tenkt (og komprimert) samtale som aldri har funne stad i denne forma, men der eg har tatt element frå saker eg har hatt opp gjennom åra.
McEnroe og eg
Den fysiske ramma er at McEnroe og eg har eit bord mellom oss. Han (som – som nemnt – også kunne vore ei «ho») følgjer meg med augo. Eg møter blikket og held det, men vekslar innimellom med å sjå ned i papira mine og notere. McEnroe slepper meg ikkje med augo. Nett det kjennest ubehageleg ut, for det er ikkje slik venlegsinna folk vanlegvis oppfører seg. Det kjennest som om eg blir overvaka og at alt eg seier og gjer, kan bli brukt mot meg.
AM: Ja, det ser ut som om de har temmeleg ulikt syn på kva som vil vera best for barna dykkar. Kva trur du er bakgrunnen for at mor tenkjer slik ho gjer?
McE: Jau, det skal eg seia deg, fru meklar Anne Marie Fosse Teigen! Det er fordi desse skrudde venninnene hennar har fortalt henne at om ho tar med seg barna og flytter, har eg ingen ting eg skal ha sagt. Og til og med barnevernet har ho manipulert, slik at dei har fått ei røvarhistorie som eigentleg er for fantastisk til at nokon skulle kunne tru på ho.
AM: Oi, det var kraftige saker! Det høyrest ut som ein skikkeleg vanskeleg situasjon. Kva er det som har fått henne til å gå så hardt ut, då?
McE: Skal eg vera ærleg? Ja, eg skal vel det. Ho prøver å hemne seg. Vi hadde eit godt ekteskap, men på eitt eller anna punkt forstod eg at eg aldri kom til å få det eg trong saman med henne. Eg drog frå ho, og det har ho ikkje klart å akseptere.
(Dette er det motsette av det eksen hans seier. Ho hevdar at det var ho som drog frå han, og at han i ettertid har brukt alle middel for å gjera livet surt for henne.)
AM: Ja, hemnynskje er ikkje uvanleg etter eit brot. Kva gjer du når du opplever at ho prøver å hemne seg, då?
Ein augneblink stoppar McEnroe opp og rynkar panna. Så lener han overkroppen over bordet og hyttar litt med peikefingeren, medan han omgår spørsmålet.
McE: Det er det som er så fortærande, at alle instansar ser ut til å ta mora sitt parti i slike saker, og at når eg kjem …
AM: (Avbryt) – men no er vi her, det er mekling, og det er ingen andre enn deg og henne som bestemmer kva som kjem ut av dette. Jobben min som meklar er å prøve å legge til rette for å få til dialog og samarbeid, ikkje å ta parti. Så korleis kan du utnytte denne sjansen til å få eit betre samarbeid?
McE: Det er ingen ting eg kan gjera, for ho køyrer sitt løp. Og det er også økonomi innblanda i dette. Ho har skrive til NAV, og dei har sendt meg eit hinsides bidragskrav. Eg har ikkje sjans i havet til å betale slike summar. Ja, og eg må seia, då eg fekk det brevet … då var det kanskje like godt ho ikkje var i nærleiken.
AM: Kva ville du gjort om ho hadde vore det, då?
McE: Høyr her, Anne Marie, eg er ein mann som er ganske direkte. Når eg blir utsett for urett, ja, då seier eg ifrå!
AM: På kva måte seier du ifrå?
McE: Har du høyrt kva skuldingar som ho har sett fram mot meg? Har du det? Er det slik her i samfunnet at vi vil at barn ikkje skal få sjå far sin? Kva seier du om det, Anne Marie Fosse Teigen?
AM: Eg lurer på om det kan vera slik at den måten du no snakkar til meg på, er den same måten som du snakkar til henne på, og eg lurer på om det har den konsekvensen at ho trekkjer seg vekk og du mistar dialogen med henne.
McE: Det er ingen dialog der. Ho vil jo ikkje ha dialog!
AM: Nei, og det er forferdeleg trist at det er blitt slik! Kanskje noko av det som kunne vera nyttig her i meklinga, var å finne ut kva det er som gjer at ho har trekt seg frå all dialog med deg, som er barnas far, og som ho verkeleg burde ha interesse av å snakke med.
McE: Men det er jo det eg seier! Ho er blitt rundsnakka av desse venninnene sine, og uansett kva eg no prøver å få til av dialog – og eg kan garantere deg, Anne Marie Fosse Teigen, at eg har prøvd alt for å få til dialog – men at ingen ting fungerer!
Dei relasjonelle McEnroane parerer alt som kjem imot.
McE: Det som skal til er at nokon forklarer henne at ho ikkje kan halda på som ho gjer no, fordi det ikkje er til barna sitt beste.
AM: Du tenkjer at løysinga er at nokon andre enn deg forklarer henne at ho tar feil og at du har rett? Kven skal gjera det, då?
McE: Nei, det må jo vera deg, det. Er det ikkje du som er meklar, då?
Dei spelar seg sjølve ut
Denne dialogen kunne halde fram i det uendelege, men eg stoppar der. Eg veit ikkje korleis det går vidare, for iblant legg ein og annan av desse McEnroane ned racketen, og vi kan koma bak strategien dei bruker, og sjå om det finst noko anna der, noko som betre kan hjelpe dei i å oppnå det dei ynskjer seg. Dessverre endar det andre gonger med at vi ikkje kjem vidare, og McEnroe får eit nytt prov på at halvgamle damer som arbeider i ulike hjelpeinstansar, er og blir håplause.
Eg skal vedgå at eg hatar å tape, og at eg til og med kan like ein god kamp med nokon som er rask og smart og ikkje gir seg. Kanskje det var derfor eg (og mange med meg) var ihuga fans av den ekte storspelaren John McEnroe i si tid også, og kanskje derfor har eg ofte sympati med dei relasjonelle McEnroane. Det gjer vondt når eg ikkje får hol på strategien deira og må stå og sjå på at dei spelar seg sjølve ut av sine eigne familieliv. Nokre gonger gjer det så vondt at eg sjølv slenger racketen i bakken og går.