Alt vi seier og gjer overfor andre, har potensial til å setja i gang reaksjonar. Hatuttrykk kan bli møtt med alt frå støtte til moralsk dom, til motmakt i form av logisk argumentasjon eller verdibaserte kunngjeringar: «Vi skal møte hat med kjærleik!». Sistnemnte kunngjering kan interessant nok både vera fundert på etikk og/eller grunna i psykologisk vitskap. Den kan formidlast mildt, sakleg eller til forveksling lik hatefullt. Iblant glir reaksjonskjeda over i den store dikotomien: Er mennesket grunnleggande godt eller vondt? Det psykologiske svaret er: Ja.
Hat i praksis
Eg jobbar med hat i praksis. Det gir meg små innblikk i korleis hatet lever sitt uglesette liv under ein del topplok, inkludert mitt eige. Eg skriv uglesett, fordi veldig få av oss er stolte av å kjenne hat. Og ei presisering: Hat er noko anna enn sinne. Sinne er ei naturleg og nyttig kjensle, som er relevant for situasjonen og hjelper oss å finne styrke til å seia ifrå når det trengst. Sinne er ei kjensle som færre og færre skammar seg over, fordi vi i stor grad no veit kor nyttig den er. Med sinnet på passe arbeidsavstand blir vi skjerpa og sterke og kan ta medvitne og kloke val om i kva grad, og på kva måte, vi skal markere og uttrykkje oss.
Hat er noko anna. Hat er oppblomstring av lagra gruff. I våre trygge og fredelege samfunn består mykje av gruffet av tidlege erfaringar med sinne, sorg og sakn, som vi aldri hatt fått integrert som del av livshistoria vår. I mangel av å vera knytt til meining ligg hatet under jorda som miner. Når vi tråkkar på dei, kan dei eksplodere. Det blir intenst og verkar ute av proporsjon for andre som er vitne til utblåsinga. Det kjennest plagsamt ut i kroppen, og det får oss til å tenkje tankar vi helst ikkje vil vedkjenne oss. Den som har vore heldig nok til å få hjelp til å helse på hatet sitt hjå ein empatisk terapeut, vil ha oppdaga at makabre tankar og fantasiar faktisk ikkje er farlege i seg sjølve, men kan vera gylne informasjonskjelder, som viser vegen til underliggande sakn. Men ikkje alle som ber på hat, har vore så heldige.
Overlatne til oss sjølve prøver mange av oss å ignorere hatet som kunnskapskjelde, ved å tenkje på noko anna eller distrahere oss bort frå hatet med aktivitetar. Eg skal vedgå at eg opp igjennom åra har gjort mange gode gjerningar som har vore utløyst av hat, i desperate forsøk på å prove for meg sjølv at eg eigentleg er eit godt menneske, og at hatet som dukka opp, eigentleg ikkje hadde noko med min personlegdom å gjera.
Å få hemn
I mangel på trening i fantasiliv, distraksjonar og forsvarsstrategiar kan hatet ta styringa. Hatets mål er å få hemn. Men hemn på kva eller kven? Basert på mykje av eg har lært og erfart, vil eg seia at hat – i destillert form – er noko ein utviklar etter å ha blitt fråtatt det som var viktigast i livet, utan å ha føresetnad for å forstå kvifor og/eller utan å ha hatt makt til å gripe inn og stoppe tjuveriet. Og som om ikkje det var nok: I ettertid vart heller ingen andre tatt og straffa. Tvert om kunne det hende at tjuven kom igjen og igjen og forsynte seg. Mange år seinare kan vi framleis sjå konturane av han i skuggane, når mørkret fell på.
Hatet dukkar opp att når vi hamnar i situasjonar som direkte eller i prinsippet minner om det som vi mista i fyrste omgang. Tap av kjærleik og relasjonar, å vera vitne til at nokon andre fekk det du ikkje fekk, men hadde så inderleg bruk for eller lyst på. I ei nyleg rettssak sa drapsmannen om motivet: «Eg hadde fyrst tenkt å berre ta mitt eige liv. Men så slo tanken meg: Når ikkje eg fekk denne personen, skulle ingen andre heller få han.» Det vaksne sjalusiutløsyste hatet er kanskje det som er lettast å forstå for også dei som har lita erfaring med hat. Til og med mange statlege lovverk har ført det opp som legitim formildande grunn, når straff skulle utmålast.
Men kva med hets mot overgrepsoffer som står fram og blir møtt med omsorg? Eller mot kjendisar som tar utsette menneske i forsvar og blir hylla for det? Eller mot ei folkegruppe som er «Guds utvalde folk» og i tillegg lykkast i vitskap og næringsliv? Det er då nokre av oss byrjar gløde innvendig og tenkjer: Eg skal gi deg utvald, eg!
Ein god dose arbeid
Det er vi som opplevde at vi vart frårøva førstefødselsretten eller som tidleg i livet ikkje opplevde å få den omsorga naturen hadde gitt oss behov for å få – og som aldri fekk hjelp til å koma over det. Det gjorde oss fyrst sinte, deretter triste, så rasande og med tida hatefulle. Nokre av oss hadde flaks og var i tillegg smarte nok til å skapa oss ein god sosial eller yrkesrelatert posisjon, som på symbolsk vis gav oss noko av det vi hadde sakna. På vegen dit kan det ha vore hårfine marginar som avgjorde kva side av lova og det sosialt akseptable vi hamna på.
Helvete – det er dei andre, sa filosofen Jean-Paul Sartre.
Uinteressante – for kven? Helvete – det er dei andre, sa filosofen Jean-Paul Sartre. Helvete er når dei andre er rundt deg og du er ignorert. Då kjem hatet, og spørsmålet melder seg: Kven skal vi snu det mot denne gong?