Nokre av vala blir vi medvitne om, men dei fleste sørgjer hjernen for at vi tar utan at medvitet treng å blandast inn. Dess fleire gonger før vi har hatt same valet, og valt same løysinga, dess meir sannsynleg er det at hjernen ikkje ser noko poeng i å bry tanken vår med det. Vårt medvitne liv er så ufatteleg uøkonomisk organisert at vi berre kan tenkje på ein ting om gongen, medan vårt umedvitne liv multitaskar uhemma. Og i det umedvitne livet står ein regel over alle andre: Gjer det same som du har gjort før!
Ved fyrste augnekast ser det ut som om det er ei grei arbeidsdeling mellom dei medvitne og dei umedvitne prosessane i skallen: Det medvitne kan vi bruke til å takle uvante hendingar, og resten av hjernen kan ta seg av det som gjentar seg. Og det ville vore genialt om dette fungerte saumlaust. Tenk om alle vanar vi har tileigna oss, var til nytte for oss heile livet!
Automatiske reaksjonar
Men, som vi vel alle har opplevd: Nokre vanar overlever sjølv om situasjonen vår endrar seg og gjer at vanane med tida bli meir til u-vanar – altså meir til skade enn til gagn. Og det verste: Dei umedvitne prosessane som produserer desse (u)vanane, går og går i same spor, lenge etter at konsekvensane er blitt negative for oss – ja, til og med trass i at vi med medvit og vilje engasjerer oss for å få til endring. Dei umedvitne prosessane er for mange, for raske og for utspekulerte! Dermed kan vi hamne i den ulykkelege situasjonen at vi både ynskjer, vil og planlegg å gjera éin ting, men når tida er inne, så sanneleg gjer vi det motsette, likevel.
Sidan eg er i samlivsbransjen, har eg jo eit rikt tilfang av døme på slike situasjonar (og eg skal ikkje nemne mitt eige liv!). Parterapi er eit fascinerande arbeidsfelt. Fyrste timen tar det ofte ikkje lang tid før vi tre i rommet er hjartans samde om at vi skal samarbeide om å endre konfliktmønster som har utvikla seg. Dei to partnarane ser krystallklårt poenget med å stoppe konfliktane frå å ta av og bli sjølvgåande. Dei vil naturleg nok mykje heller ha det godt saman! Få sekund etter at ein slik samstemt plan er vedtatt, kan det smelle att, fordi den eine såg eit drag i andletet på partnaren eller høyrde ein tone eller eit ord som fyrte opp eit nettverk av negative assosiasjonar. Og ut av munnen skaut eit iltert svar, umogeleg å stoppe for den tilsynelatande einslege, litt trege, medvitne hjernecella i frontallappen.
Ei av dei fyrste oppgåvene terapeuten får, er ikkje sjeldan å hjelpe dei to med å handtere skam over å ikkje eingong klare å styre seg når dei sit på familiekontoret. Skam er som kraftfôr for konfliktmønstera. Dei blir styrkte av det! Og å erstatte skam med aksept tar tid, fordi vi sit i same klisteret her: Som spireviljug ugras (les: kveke), med store nettverk av røter, dukkar skamma opp både her og der, sjølv om vi fjernar den frå éin stad i den mentale åkeren. Det hjelper ikkje eingong om folk har lese all verdas opplysande litteratur. Dei delane av hjernen som les bøker, snakkar langt over hovudet (bokstaveleg tala, reint anatomisk!) til dei delane av hjernen som styrer automatiske reaksjonar og gamle vanar. Nokon burde for lengst ha sendt ein e-post til Skaparen om det!
Når høvet byd seg
Her kunne det vore på sin plass med ein filosofisk runde rundt omgrepet om fri vilje, men sidan det så definitivt er eit høgareståande prosjekt, som gjer at vanane kan leve knisande og uforstyrra medan vi filosoferer, skal vi ikkje gjera det. Nokre av oss har ironisk nok som inngrodd vane å gruble i timevis over slike spørsmål, i staden for å gjera meir av det vi vil med livet vårt; så la oss derfor heller spørja: Korleis kjem vi ut av grublinga og inn i veremåtar som samsvarer med det dei høgareståande delane våre ynskjer seg?
Språket til dei delane av hjernen som styrer veremåtane våre, er kroppsleg. Nye inndata må derfor koma gjennom kroppslege erfaringar eller – om vi har lese idrettspsykologi eller på annan måte oppdaga dette geniale knepet – gjennom viljestyrte, detaljerte fantasiar om korleis det vil sjå ut, korleis vi oppfører oss og kva konsekvensar det har, når dei nye reaksjonane har erstatta dei gamle.
Reint praktisk er det lurt å starte med å gjera noko lite og overkommeleg, som ikkje nett er revolusjonerande, men som likevel er i tråd med det vi vil få til på lang sikt. Det må vi gjera om att og om att. For å gidde det treng vi sannsynlegvis litt motivasjon. Ein måte å få det på er å grava fram ein god grunn til at vi skal legge om stilen. Det er også lurt å legge best mogeleg praktisk til rette for at vi skal klare å oppføre oss som vi ynskjer når høvet byd seg.
Smil stolt til spegelen
Og ikkje minst må vi hindre skam og motløyse i å sabotere arbeidet. I staden for å frese «dust!» til oss sjølve, når vi gjekk rett i baret igjen, kan vi seia «Oops! Der kom det ein valsituasjon eg ikkje fekk med meg, gitt! Det vil eg merke meg! Korleis kan eg vera meir merksam neste gong, tru?»
Vi arbeider for å endre godt opptrakka spor.
Kvar gong vi reiser oss mentalt, etter å ha snubla i våre eigne bein, vil vi auke sannsynet for få oppleve stunder då vi kan smile stolt til spegelen og seia: Eg gjorde det!