Når det kjem på trykk, er det ikkje sjeldan i eit oppslag som også involverer kjendisar og/eller utruskap. Ja då. Det kan vera ei blanda glede. Men eg har også fleire gonger blitt djupt imponert over kor kjapt og presist journalisten har oppfatta poenga mine, og eg har vore ute for at journalistar frå dei mest utskjelte aviser har vore betre til å forstå og formulere det eg ville få fram, enn det eg sjølv har klart.
Eg kan leva med å vera intervjuobjekt når eg blir forstått så godt – «innanfrå», eller kva eg skal kalle det; når den andre oppfattar og formidlar attende det eg seier, på ein måte som gjer at eg sjølv kjenner meg tolka i beste meining og kanskje til og med lærer litt i same slengen. Dei gongene det skjer, blir eg imponert og takksam. Det er som eit lite under. Eg er jo elles veldig klar over at ingen kan observere direkte dei intensjonane eller assosiasjonane som flyt rundt inne i hjernen min, aller minst på telefon eller via e-post.
Å bli forstått innanfrå
Ofte veit eg faktisk ikkje sjølv kva eg meiner eller opplever før eg prøver å uttrykke det med ord – vokalt eller i skrift. Når orda er ute av sekken, er det også lettare å oppdage dei tilfella der eg bommar. Då må eg prøve på nytt. Eg er vanlegvis ikkje spesielt glad i å snakke, kanskje derfor blir redninga mi å skrive. Korleis skal eg elles vita kva som føregår der oppe under topploket? Ein klar fordel med skrivinga er at ingen andre står der og ler, himlar med augo eller blir sinte, når eg bommar og uttrykkjer noko som blir feil, men som berre kom ut på den måten det gjorde, i alle fall i fyrste omgang. Dessutan kan eg nyte gleda når setningane til slutt representerer noko eg kan kjenne meg att i.
Det er djup lykke og helse i det å bli forstått innanfrå, også når den som forstår, er den same som den som blir forstått. Det for meg uforståelege er at når dette gir så gode opplevingar, kvifor svik vi då likevel så ofte oss sjølve og nedvurderer det indre livet vårt, i staden for å vise denne godlynte, helsebringande interessa?
Mange av oss kunne trenge eit intensivkurs i korleis ein utviklar sin eigen, indre journalist; ein som ikkje slurvar i faget, men som er vaken og interessert. Ein som ikkje er der for å felle domar og flagge meiningar, men som insisterer på å forstå innanfrå, og som ikkje lar seg stoppe av distraksjonar og bortforklaringar. Den indre journalisten seier noko slikt som:
Berre snakk fritt. Eg høyrer, og du kan bruke den tida du treng på å finne orda. Om du oppdagar at noko kom gale ut, kan du prøve på nytt. Jobben min er uansett ikkje å vurdere innhaldet i det du fortel, som moralsk eller umoralsk, høgverdig eller skamfullt, men å finne ut kva som faktisk skjer inni deg. Den informasjonen vil eg prøve å sjå logikken i og setja saman til ei meiningsfull historie. Det kan godt hende at historia endrar seg undervegs, etter kvart som ny informasjon dukkar opp.
Tenk deg at du har ein slik indre journalist som trufast følgjesvein. Korleis kjennest det ut?
Nokre av oss kan bli sinte og/eller triste av å prøve å førestille oss det. Det kan vera eit signal om at vi over tid har sakna å bli møtt med interesse, i staden for med vurderingar, og at det å bli mint på saknet gjer vondt. Kanskje har vi nesten aldri opplevd at nokon har hatt genuin interesse for oss. Då er det heller ikkje rart om vi ikkje har klart å utvikle vår eigen indre journalist. Det er både sunt og lov å sørgje og rase innvendig over å ha mangla gode, engasjerte menneske i livet sitt. Det som ikkje er sunt (og som ikkje burde vore lov!), er å hakke på seg sjølv for at ein har slike sakn!
Sjå fanden vår i kvitauga
Eit enkelt, overordna prinsipp for god psykisk helse er at dess meir vi oppfattar og tolererer av det indre livet vårt, dess meir psykologisk fleksible blir vi, og dess meir klårtenkt kan vi ta stilling til kva praktisk handtering av kjensler og behov som vil vera tenleg til kvar tid. Til og med å tillate seg rasande hemnfantasiar er uskadeleg, så lenge vi ikkje dømer oss sjølve nord og ned for å hyse slike hjerneprodukt, eller set noko av det ut i praksis. Det er eit paradoks at mange av oss lar oss underhalde av krimbøker og skrekkfilmar andre har laga, men nektar å sjå våre eigne.
Å utvikle den indre journalisten kan vera det viktigaste vi gjer i livet.
Kva hende? Kva var det som lokka den gamle vanen fram att? Kva føregjekk inni deg rett før den tok over? Fanst det eit augeblikk der, då du faktisk hadde eit val? Kan du seia litt om det?