Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.– Sondre Bratland
Slik lyder innleiinga til ein song mange har funne trøyst i. Teksten handlar om korleis nærleik til nokon vi har kjær, dempar uro og gjer oss trygge og klare til å kunne overgi oss til svevnen. Dei fleste av oss – men ikkje alle – har i løpet av livet hatt erfaring med at det å halde handa til eit menneske vi var trygge på, har roa oss ned når vi var stressa, urolege, fortvilte eller redde.
Noko mange også har opplevd, men som ikkje har vore så lett å dokumentere i forsking, er om nærleik til våre kjære også kan dempe det vi ofte reknar som meir fysiske smerter. Ein studie som tyder på det, vart publisert i 2006, av tre forskarar som undersøkte korleis fryktreaksjonar blir påverka av det å halde handa til eit anna menneske.
Seksten kvinner i lykkelege ekteskap fekk prøve korleis det var å ligge i ein MR-maskin, der dei låg relativt innestengt, og dei innimellom fekk ubehagelege elektriske støytar på ankelen. Før kvar støyt vart dei varsla, ved at ein liten raud «X» på svart bakgrunn lyste opp framfor dei. Andre gonger fekk dei sjå ein liten blå «0», som fortalde at no kom det ikkje støyt. Og MR-maskinen registrerte samstundes aktivitet i dei nettverka i hjernen som produserer fryktreaksjonar.
Reduserer frykt
Kvinnene fekk prøve seg under tre ulike føresetnader:
- Å ligge i MR-maskinen og få elektriske støytar, utan å ha noka hand å halde i.
- Å ligge i MR-maskinen og få elektriske støytar, medan ein held handa til nokon ein enno ikkje har sett.
- Å ligge i MR-maskinen og få elektriske støytar, medan ein held handa til ektefellen.
Forskarane hadde i utgangspunktet ein hypotese om at det å halde ei hand, og særleg handa til ein kjærleg ektefelle, ville dempe fryktreaksjonane. Det viste seg å slå til. MR-bileta viste mindre aktivitet i fryktsentra i hjernen når kvinnene hadde ei hand å halde i, og størst effekt hadde det når den handa var ektefellen si. Dette stemte også med dei historiene kvinnene sjølve fortalde om korleis dei hadde hatt det der inne i MR-maskinen. I tillegg viste det seg at kvinnene ikkje berre fekk redusert fryktreaksjonen sin, men også opplevde mindre smerte av dei elektriske støytane, når dei heldt handa til mannen dei elska. Og på smerteopplevinga hjelpte det ikkje like godt med ei framand hand. Coan og kollegaene var begeistra!
Ein annan som vart begeistra, var ein av grunnleggarane av emosjonsfokusert parterapi, den britisk-kanadiske forskaren Sue Johnson. Ho spekulerte på om det ville vera mogeleg å sjå effekt av emosjonsfokusert parterapi på MR-bileta, om dei no gjentok Coan og kollegaene sin studie før og etter fullført terapiløp. Som tenkt, så gjort. Dei putta kvinnene inn i MR-maskinen og utsette dei for støytar, både før terapien starta og etter at terapien var avslutta.
Resultata, som vart publiserte i 2013, stadfeste at når par hadde fullført ein vellykka emosjonsfokusert parterapi, kjende kvinnene mindre frykt for dei elektriske støytane enn før, i situasjonen der dei hadde handa til ektemaken å halde i. MR-bileta viste tilsvarande reduksjonar i aktivitet i hjernenettverka som produserer frykt. Litt overraskande for forskarane var det at kvinnene etter terapien også kjende litt mindre frykt når dei heldt den framande si hand, og litt meir frykt når dei ikkje hadde noka hand å halde i. Så – som så ofte i forsking: Eitt svar reiser nye spørsmål, og vi får vente i spenning på fortsetjinga.
Påverkar helsa
No lurer du kanskje på kvifor berre kvinner vart brukt som forsøkspersonar i desse studiane. Eg fekk sjansen til å spørja Sue Johnson om det i 2010, då ho heldt kurs i emosjonsfokusert parterapi i Tromsø. Ho kunne då av naturlege grunnar berre svara for 2006-studien, men hennar forklaring var at det i fyrste omgang var økonomiske årsaker til at ikkje også menn var med. Det er svært dyrt for forskarar å bruke MR-skannarar, og dess fleire variablar ein studerer, dess fleire forsøkspersonar treng ein for at ein skal kunne trekkje statistisk solide konklusjonar. Det vi då kan gå ut frå, er at forskarane i alle fall ikkje var sikre på om den effekten dei venta seg, ville gjelde for både kvinner og menn. Hadde dei vore sikre på det, kunne dei tatt sjansen på at ein studie med 8 kvinner og 8 menn ville gitt like eintydige resultat som ein studie med 16 kvinner.
Til slutt – svært kort om eit breiare spørsmål: Kor mykje veit vitskapen om korleis parforhold påverkar fysisk helse? Mange studiar har dokumentert at fiendtleg krangling (og særleg uttrykk for forakt) svekker immunforsvaret, både på kort og lang sikt. Ein særs talande studie frå 2005 viste at jo meir forakt som vart uttrykt i ein konfliktdiskusjon i eit par, jo lengre tid tok det før eit blåmerke på handbaken (påført av forskarane, ikkje av partnaren!) forsvann. Andre studiar har dokumentert korleis partnarar i ulykkelege og konfliktfylte parforhold mellom anna er meir utsette for infeksjonar, betennelsar, hjarte- og karlidingar og tidleg død.
Det å halde handa til eit menneske vi var trygge på, kan roe oss ned.
Kjelder
Bratland, S. (1988, cd): Inn i draumen. Oslo: Kirkelig Kulturverksted.
Coan, J. A., Schaefer, H. S. & Davidson, R. J. (2006). Lending a hand: Social regulation of the neural response to threat. Psychological Science, 17, 1032–1039. doi: 10.1111/j.1467-9280.2006.01832.x.
Johnson, S. M., Moser, M. B., Beckes, L., Smith, A., Dalgleish, T., Halchuk, R., Hasselmo, K., Greenman, P. S., Merali, Z. & Coan, C. A. (2013). Soothing the threatened brain: Leveraging contact comfort with emotionally focused therapy. PLoS ONE, 8(11), e79314. doi: 10.1371/journal.pone.0079314.
Kiecolt-Glaser, J. K., Loving, T. J., Stowell, J. R., Malarkey, W. B., Lemeshow, S., Dickinson, S. L. & Glaser, R. (2005). Hostile marital interactions, proinflammatory cytokine production, and wound healing. Archives of General Psychiatry, 62, 1377–1384. doi: 10.1001/archpsyc.62.12.1377.
Robles, T. F., Slatcher, R. B., Trombello, J. M. & McGinn, M. M. (2014). Marital quality and health: A meta-analytic review. Psychological Bulletin, 140, 140–187. doi: 10.1037/a0031859.