Forskjellar kan vera utfordrande, ikkje minst i sexlivet. Mangt eit par har kome til meg på familiekontoret og den eine har klaga over at partnaren ikkje tar seksuelle initiativ: «Det er alltid eg som må ta initiativ til sex! Kvifor kan ikkje den andre gjera det?» Under spørsmålet lurer ein nagande tvil på om dei framleis er attraktive for partnaren. Og sjølvsagt – nokre gonger har vi også litt å arbeide med der, men når det gjeld den konkrete klagen, kan det vera ei stor lette å finne ut at dei to har ulike «bruer» til lysta si. Den eine får stort sett lyst spontant, tilsynelatande heilt ut av det blå iblant, medan den andre treng at situasjonen er lagt til rette for at dei seksuelle kjenslene skal bløme.
Kvifor finn ikkje par ut av slike forskjellar av seg sjølve? Dei para som er gode til å vedlikehalde dei seksuelle kjærastkarta sine, gjer gjerne det. Eit seksuelt kjærastkart er alt vi veit om partnaren sin seksualitet; til dømes kva som vanlegvis skal til for at partnaren får lyst på sex, og kva partnaren liker og ikkje liker før, under og etter eit seksuelt møte. Seksuelle kjærastkart må oppdaterast, akkurat som andre kjærastkart. Då vil vi også vera i stand til å oppdaga det som kan bli problematisk for ein del par, nemleg at tenningsmønsteret til minst ein av dei to endrar seg når den fyrste forelskingsfasen glir over. Forelsking inneber at vi aldri får nok av den andre, og begge to opplever gjerne spontan og intens seksuell lyst i denne fasen.
Å oppdatere kjærastkarta
Utfordringane dukkar opp når hjernen ikkje lenger produserer like mykje av dei kjemiske stoffa forelskinga er laga av. Då fell vi attende på dei tenningsmønstra livet i utgangspunktet har utstyrt oss med, og som i hovudsak er forma av eit samspel mellom arvelege disposisjonar og ganske tidlege erfaringar. Nokre studiar tyder til og med på at vi har eit grunnlag for kven vi kjem til å tenne på som vaksne, alt før vi når skulealderen.
Par som oppdaterer dei seksuelle kjærastkarta med jamne mellomrom, har gode føresetnader for å skapa seg eit fleksibelt og godt seksualliv, som toler mellombels nedturar. Dei tar ikkje så lett slike nedturar personleg, fordi dei har eit repertoar av fysisk og erotisk kontakt som gjer at dei tar vare på gleda over kroppsleg nærleik, sjølv om dei i enkelte seksuelle situasjonar eller i visse periodar ikkje praktiserer samleie.
Andre par, som strevar seksuelt over tid, sluttar gjerne med annan fysisk nærleik også, og då kan det blir problematisk. Negative tolkingar og kjensler melder seg for dei som opplever å bli avvist kvar gong dei nærmar seg partnaren med kroppen sin. Like ille er det for partnarar som ikkje ser annan utveg enn å avvise all kroppsleg nærleik, av di dei vil unngå å risikere å hamne i ein uønskt eller smertefull seksuell situasjon.
Ein teori om sex
Den no godt vaksne, amerikanske forskaren Barry McCarthy har studert sex i fleire tiår. Minst like lenge har han vore gift med kona, Emily. Ho har journalistbakgrunn og er medforfattar på mange av bøkene hans. McCarthy har laga ein teori som han rett og slett har gitt namnet GES, som står for «good enough sex», og som er basert på det han har funne som fellestrekk ved par som klarer å ta vare på det gode seksuallivet gjennom ulike livsfasar.
Ifølgje McCarthy er hovudelementa i god sex lyst, leik og nyting. Det kan ein skape på mange måtar, og noko av nøkkelen er å ha eit utval måtar å vera erotiske eller seksuelle på. Det betyr ikkje at ein må drive med alle slags eksotiske aktivitetar, men at ein har alternativ som kan gi glede også på dagar der lysta ikkje er på topp hjå ein eller begge. McCarthy bruker metaforen med fem gir, der gira indikerer kor intens opplevinga er.
Første gir kan bestå av smil, klapp på skuldra, klem og andre venlege sansemøte (eigentleg slike møte som vi bør praktisere kvar dag med partnaren!). Andre gir inneber litt tettare kroppskontakt, men framleis har vi kleda på, og vi har ikkje nærma oss dei erogene sonene enno. Kanskje sit vi tett saman i sofaen og ser ein film.
I det tredje giret blir vi endå eit hakk meir erotiske. Kanskje dansar vi tett eller kysser og kosar med kvarandre, sannsynlegvis framleis relativt påkledde. I fjerde gir stimulerer vi erogene soner, kastar kleda og kan bruke hender eller munn for å tilfredsstille partnaren. Femte giret er samleie.
Utforsk gira
Dess fleire val vi har innanfor kvart gir, dess lettare er det å kunne finne ein seksuell aktivitet som passar til dagsforma. Dermed kan vi finne glede i kroppane våre også dei dagane vi ikkje er klare for dei høgaste gira. Når vi får det vanskeleg i sexlivet, er det lett å ende opp med å sjå sex som eit enten/eller-fenomen; enten har vi samleie eller så tel det ikkje som sex i det heile tatt. Det er ein lite leikande og lystfylt situasjon, som mest av alt inviterer til prestasjonsangst. Har ein hamna der, kan det vera lurt å starte på nytt med å utforske gira – og då byrja med å praktisere dei lågaste. Aller viktigast er å ikkje gå laus på femtegiret før ein er fullstendig klar for det. Elles kan det gjera vondt, og ein får då i etterkant endå mindre lyst enn før!
Fortel partnaren kva seksuelle ynske du har.
McCarthy oppmodar til å nyte seksualiteten heile livet. Basert på eit livsverk av forsking på temaet trekkjer han fram følgjande råd for eit godt nok seksualliv:
- Ha positive, men realistiske forventingar til sexlivet.
- Praktiser seksuelle aktivitetar som har varierande grad av intensitet.
- Fortel partnaren kva seksuelle ynske du har.
Kjelder
Heffernan, M. E. & Fraley, R. C. (2015). How early experiences shape attraction, partner preferences, and attachment dynamics. I V. Zayas & Z. Hazan (red.), Bases of adult attachment. Linking brain, mind and behavior (s. 107–128). New York: Springer. doi: 10.1007/978-1-4614-9622-9.
McCarthy, B. W. & McCarthy, E. (2003). Rekindling desire: A step-by-step-program to help low-sex and no-sex marriages. New York: Brunner-Routledge.
McCarthy, B. W. & McCarthy, E. (2009). Discovering your couple sexual style. New York: Routledge.
Teigen, A. M. F. (2012). Kursbok til Bufferkurs for par (revidert utgåve). Upublisert kursbok, kan bestillast via Bufferkurs.no.