Om det er mental mogning, år og alder, tida vi lever i, trøyttleik av alle nyvinningane, eller lang tids innverknad frå ein stikk motsett ektefelle, skal vera usagt, men dei siste åra har gleda over slike nyinnkjøp gradvis bleikna. I staden har det dukka opp ei heilt merkeleg kjensle av fridom over å klare seg utan ein del av det eg ser dukkar opp. Noko av det som før ville gitt meg akutt uimotståeleg abstinens, gir meg no stadig oftare glede over å sleppe å måtte skaffe seg det. Og eg anar at det er fleire enn meg som opplever noko av det same. Eitt døme er vener på Facebook som har annonsert kjøpestopp av nye klede i eitt år.
Før eg går vidare, må eg understreke at det fenomenet eg no opplever, naturlegvis finn stad når eg har levd så lenge i trygge økonomiske kår at eg unekteleg har alt eg treng. Eg er skamfullt og audmjukt klar over at mange ikkje er så heldige, og at den abstinensen dei måtte ha etter ting, finst der av gode grunnar og er av ein heilt annan karakter. Men gitt at eg skriv ut frå ein svært heldig og privilegert posisjon, som også ganske mange andre i landet vårt er i, blir eg nyfiken på kva mekanismar i hjernen som eventuelt kan korrespondere med fenomenet eg – og kanskje fleire med meg – no opplever.
Ein avhengighetsspiral
Sjølve ordbruken min seier vel sitt: Abstinens er ifølgje helsebiblioteket si metodebok i akuttmedisin det vi kjenner i kroppen når vi sluttar å tilføre den eit rusmiddel den er blitt van med å få. Abstinens er ei kjensle av å mangle noko, og den motiverer oss til å skaffe det som kan dekkje trongen. Utfordringa med desse mekanismane er at dei er ledd i ein avhengighetsspiral, som både menneske og dyr er biologisk utstyrt til å hamne i når vilkåra ligg til rette for det. Vi menneske kan mellom anna bli avhengige av nye duppedittar, sko og vesker, «likes» på Facebook, skryt frå sjefen, kompliment for korleis vi ser ut, sex, kaffi og rusmiddel. Og dess oftare vi får dekt trongen, dess meir skal til for å dekkje den.
Etter kvart blir vi ikkje lenger så begeistra av å få tilfredsstilt behova. Dei hjernekrinsane som produserer godkjensler, treng stadig meir input for å produsere same mengde, og vi opplever det læringspsykologane kallar habituering. Eller skildra innanfrå: Tomleik og meiningsløyse. Midt i haugen av likes og ting som er kjekke å ha.
Det overraska mange då kronprinsessa vår, Mette-Marit, i 2008 relanserte pietismen. Dåverande debatt- og kronikkredaktør i Aftenposten, Knut Olav Åmås, peikte på motsetnaden mellom kva pietismen stod for, og det «jetsetlivet» dei kongelege tilsynelatande lever. Og det er kanskje det som er poenget: For å verkeleg kunne verdsetja atterhald og askese, må ein ha fått overdose av det motsette. Vi menneske er ikkje konstruert for eit liv i evig luksus. Ikkje eingong om jordkloden ville tolt det, ville vi tolt det. Å leva i ustoppeleg luksus er å likne med mental sjølvskading.
Kronprinsessa har engasjert seg for dei svakaste i samfunnet. Ho har funne noko større enn seg sjølv å vera opptatt av, samstundes som ho gjer jobben sin for kongehuset. Det er ein vakker måte å finne meining på, synest eg.
Korleis finn vi andre att meining når vi sit til halsen i luksus? Utan å gå heilt over i den andre grøfta, der vi erklærer heilag krig mot alt som minner om det overflatiske?
Et sjeleleg eksisterande «eg»
Ein metode for å nærme seg desse store spørsmåla, kan vera gjennom å praktisere mindfulness, eller på norsk: merksamt nærvere. Merksamt nærvære er når vi klarer å vera til stades med oss sjølve og tar imot det som måtte koma av tankar og kjensler – utan å skulle gjera noko anna enn å registrere tankane og kjenslene, og akseptere at dei er der. Og vi treng ikkje sitja med beina i lotusstilling for å oppleva dette. Mange av oss har det slik når vi er ute i naturen.
Dess meir vi aksepterer abstinensen, dess mindre masete og høgrøysta blir den.
Når vi er merksamt nærverande kan vi lære om oss sjølve og kva som er viktig for oss. Vi får også stadfest at det finst eit kroppsleg og sjeleleg eksisterande «eg» der inne – ei oppleving som elles lett forsvinn i den heseblesande jakta på eksterne gleder. Den personen som finst der inne, og som iblant lengtar og andre gonger gler seg, kan hjelpe oss å halde ut og ta medvitne val i eit samfunn som stadig minner oss på alt vi ikkje må gå glipp av.