Den mest kjende sakteterapien er den psykoanalytiske behandlingsmetoden. Den har i alle år vore utskjelt og karikert, både med og utan gode grunnar, men den har no utvikla seg og forgreina seg i løpet av dei siste hundre åra likevel. Dei metodiske skiljelinjene innanfor dei psykoanalytiske retningane har særleg handla om i kva grad analytikaren legg tilhøva til rette for at klientane (i klassisk språkbruk: analysandane) fyrst og fremst skal kunne byggje opp nye eller reorganisere eksisterande mentale strukturar. I nyare tid er det blitt meir gehør for at begge delane høyrer med i dei fleste behandlingsløpa.
Den psykoanalytiske behandlingsmetoden tar tid. Den er treg. Og det er analytikaren også. Ho hoppar ikkje i taket av noko av det materialet klienten måtte presentere, men blir heller ikkje sjokkert. Ho har sjølv vore grundig igjennom den same behandlinga for å kunne bli analytikar, og ho er i rolla si fokusert på to ting: Å tole å høyre det klienten trur seg om, uansett kor barnsleg, pinleg, platt eller smertefullt materialet vil kunne vurderast å vera ut frå sosiale kvardagsstandardar, og å analysere det ho høyrer.
Å analysere vil her seia å ha ei undersøkande, utforskande haldning og iblant foreslå hypotesar om samanhengar, andre gonger stadfeste at slik klienten skildrar det, slik er det menneskeleg å ha det.
Eit mentalt puslespel
Til grunn for ein slik arbeidsmetode ligg to hovudpremiss. Det eine er at det mentale apparatet vårt består av fleire «avdelingar» – kvar av dei ansvarleg for ulike drivkrefter eller behov. Nokre av desse «avdelingane» blir forma i samspel med omsorgsgivarane dei første leveåra. Innimellom hender det at ikkje alt blir optimalt utvikla, fordi vi får for stor ubalanse mellom gode og dårlege erfaringar. Eller utvikling stoppar opp på grunn av uløyste konfliktar. Då blir vi ikkje så psykologisk fleksible som vi kunne blitt, og det fører gjerne psykisk smerte med seg, både for oss sjølve og omgivnadene våre. I praksis viser den manglande fleksibiliteten seg ved at vi reagerer temmeleg automatisk, og på same måte, kvar gong vi møter situasjonar som vekkjer desse tidlege sakna eller konfliktane.
Det andre premisset er at for å nøste opp i desse gamle sakna og konfliktane, må i prinsippet kvar av dei meiningsberande bitane i det mentale puslespelet kunne koma til syne. Klienten må derfor ikkje sensurere seg sjølv i behandlinga, men kjenne seg mest mogeleg trygg på å la alle innfall koma fram i lyset (såkalla fri assosiasjon). Ingen veit nemleg på førehand kva puslespelbitar som er dei mest sentrale. Nokre gonger kan det ein trur betyr minst, representere nøklar til å sjå større delar av biletet på ein ny måte. Føresetnaden for fri assosiasjon er ein roleg og godlynt samarbeidspartnar som maktar å ha ei upartisk haldning til alt det mentale materialet som dukkar opp. Over tid blir då klienten vonleg i stand til å ta over aksepterings- og utforskingsfunksjonane sjølv. Det legg grunnlag for at klienten vidare kan leve eit liv som kjennest meir viljestyrt, og som gjerne også viser seg gjennom eit meir fleksibelt åtferdsrepertoar.
Desse to premissa har vidareutvikla seg i hundre år og står kanskje for tida sterkare enn nokon gong før i psykoterapihistoria, etter at hjerneforskinga tydeleg har slått fast at det skjer overveldande mykje umedvite i hjernen vår, og at det medvitne livet er ein temmeleg liten del av det heile. Altså på linje med det psykoanalysen sin grunnleggar, Sigmund Freud skreiv i sitt aller siste manuskript, i 1938: «Å være bevisst kan ikke være essensen ved det mentale, og en meget ustabil egenskap ovenikjøpet – en som langt oftere er fraværende enn til stede» (Freud, 1938, referert i Teigen, 2015, s. 188).
Fleire inngangsportar
Vi veit i dag også at hjernen er samansett av ei mengd meir eller mindre uavhengige nettverk, og at det ikkje er til å unngå at desse tidvis hamnar i konflikt. Nokre av nettverka har som hovudfunksjon å redde livet vårt, nokre gir oss evne til å elske og vise omsorg, andre minner oss om å følgje sosiale spelereglar, og nokre er meir integrerande og strategiske. Uansett – ein ting synest meir og meir klart: Går vi til krig mot ein av desse indre avdelingane, blir den ikkje borte for det! Den går heller under den medvitne radaren og kjem til syne som «symptom» – sterke negative kjensler og oppfatningar og/eller merkelege uttrykk og handlemåtar, som set seg fast og skadar interessene våre i det lange løp. Symptoma kan bli så mange at dei til slutt fyller diagnosekriteria for ei psykisk liding.
Å være bevisst kan ikke være essensen ved det mentale.
Noko av det viktigaste er at terapeuten og klienten finn meining i metoden som blir brukt, og at klienten kjenner seg respektert og akseptert av terapeuten. Då er det iblant nok med éin relativt kort behandlingsrunde i løpet av livet. Medan det for andre må meir tid eller fleire rundar til. I nokre saker treng vi også behandlarar som har spesialkompetanse på å utforske dei tilsynelatande bagatellmessige, litt pussige veremåtane, som ved fyrste augekast ikkje synest å ha noko å seia for helsa. Veremåtar som klienten sjølv kanskje ikkje legg merke til eller stiller spørsmål ved, som snik seg under radaren til den tidseffektive terapeuten, og som fyrst etter observasjon og hypotesetesting over tid står fram som avtrykk av gjennomgripande og funksjonshemmande mentale forsvarsinstallasjonar.
For å avsløre desse, må det gjerne ein sakteterapeut til.
Kjelde
Teigen, K. H. (2015). En psykologihistorie (2. utg.). Bergen: Fagbokforlaget.