Apropos Høgre sitt (ut frå valresultatet å døme) relativt vellykka slagord: Er det nokon skilnad på ei vellykka formulering og eit godt argument? Dette spørsmålet fekk sosiologen Øyvind Pålshaugen av vurderingskomiteen då han skulle førelesa over oppgitt emne til doktorgraden i 1994. Året etter vart teksten til prøveførelesinga publisert i Nytt Norsk Tidsskrift. Artikkelen gjorde eit uutsletteleg inntrykk på meg. Ikkje berre fordi den var så uendeleg elegant skriven (fullstappa som den er av vellykka formuleringar!), men også fordi den gjorde meg så merksam på den grunnleggande utfordringa: Korleis kan eg la meg påverke av andre utan å bli lurt, manipulert eller forført? Pålshaugen skildrar meisterleg korleis ei vellykka formulering nett er vellykka i kraft av den effekten ho har på dømekraft, kjensler og assosiasjonar, medan eit godt argument blir godt i den grad det kan dokumenterast å vera sant og velgrunna.
Attende til spørsmålet om vi helst lar oss overtyde av analyser eller personlege lagnader. Danmarks Statistik, som svarar til det norske Statistisk sentralbyrå (SSB), stakk hovudet eit godt stykke fram då dei i 2010 gav ut publikasjonen «Statistisk talt», som rett og slett er eit 36 sider langt hefte med kjende sitat om statistikk! Ikkje overraskande handlar brorparten av sitata om korleis ein kan lyge og bedra ved hjelp av statistiske metodar. Sprek publikasjon av eit statistikkbyrå!
Ein indre konflikt
Trass i skeptiske sitat – og her kjem då naturlegvis eit argument: Etter at vi fekk maskinar som knuser tal i eit omfang ingen før kunne førestelt seg, har vi kunna produsere kunnskap vi for nokre tiår sidan berre kunne drøymt om. Eg treng ikkje gå lenger enn til mitt eige fagfelt for å sjå nytten av det. I parterapifeltet har vi no kunnskap og metodar som gjer at vi på heilt ein annan måte enn før kan hjelpe fleire og samstundes redusere sjansen for å gjera skade.
Likevel: I ei tid der vi har tilgang på storskalaforsking på par og parterapi, finn vi også dei som er skeptiske til konklusjonane frå dei store studiane, og i alle fall til å bruke dei som bakgrunnskunnskap for dei levande para dei arbeider med. Konklusjonar som har kome ut av eit talknusarmaskineri kjennest for mange framande ut, og kanskje særleg for empatisk innstilte terapeutar, som finn meining og arbeidsglede når dei nett får innblikk i menneskelagnader.
Og det er jo slik at det finst ei anna kjelde til kunnskap om verda: Forteljingane frå det einskilde levde livet. Når vi lyttar til desse, blir vi slått av kor gripande og unik kvar historie er. Det er ingen som har levd nett det same livet og opplevd dei same tinga! Og sjølv dei av oss som ikkje er terapeutar, kan ikkje fri seg frå å bli påverka av einskildlagnadene vi høyrer om: Historia til asylbarnet som snakkar kav norsk dialekt og likevel skal sendast til det såkalla «heimlandet» sitt i Midtausten. Dei fleste av oss får det vondt innvendig når vi les, ser eller høyrer om slikt. Det påverkar både dømekraft («Det er ikkje slik vi vil ha det!»), kjensler og assosiasjonar («Tenk om dette hadde vore meg eller mitt barn!»). Nokre av oss aksjonerer fysisk – uansett talet på kuldegrader, andre får lyst til å aksjonere, men avgrensar det til sosiale medium, og ikkje så få av oss plagast av at vi burde fått lyst til å aksjonere, men det stoppar seg sjølv av ein indre konflikt: Om eg aksjonerer for dette barnet, vil eg då samstundes formidle ei ibuande støtte til eit overordna argument eg ikkje er samd i?
Automatiske reaksjonar
Det kan opplevast godt å bli forført, men ingen av oss liker å vakne opp og kjenne seg lurt og manipulert. Derfor prøver vi å verne oss mot det. Nokre av oss synest tala og argumenta er skumlast til å forføre, andre av oss synest dei gripande forteljingane er verst. Og det er sanneleg ikkje lett å integrere dei to kunnskapskjeldene, heller. Ein studie som nyleg vart publisert i Advances in Experimental Philosophy of Mind, der det vart tatt bilete av kva delar av hjernen som var i aktivitet under oppgåver som kravde både analyse og medkjensle, gav klare indikasjonar på at det faktisk er umogeleg for hjernen vår å tenkje analytisk og medkjenslebasert på same tid.
Det er ikkje lett å tenkje analytisk og medkjenslebasert på same tid.
Kjelder
Danmarks Statistik (2010). Statistisk talt. København: Forfatteren.
Jack, A. J., Robbins, P., Friedman, J. P. & Meyers, C. D. (2014). More than a feeling: Counterintuitive effects of compassion on moral judgement. I J. Sytsma (red.), Advances in Experimental Philosophy of Mind (s. 125–179). London: Bloomsbury Academic.
Pålshaugen, Ø. (1995). Er det noen forskjell på en vellykket formulering og et godt argument? Nytt Norsk Tidsskrift, 95(2), 128–136.