[Teksten fortset under videoen.]
I arbeidet som parterapeut og kurshaldar er eg gong på gong vitne til at noko folk er botnlaust redde for, er å ta imot noko godt frå ein partnar dei ikkje heilt veit kvar dei har lenger. Utanom terapirommet eller kurset kan dette vera menneske som viser seg fram i dei aller største forsamlingar utan at det synest å ta frå dei nattesvevnen. Men eitt einaste blikk frå partnaren kan gi dei anten kjensla av å ha rett til å vera til eller domen som kastar dei ut i den store, svarte isolasjonen. Om konklusjonen over tid blir at det ikkje lenger finst noko velviljug partnarblikk å spegle seg i, blir lidinga intens. Det psykiske eksistensgrunnlaget smuldrar bort.
Sidan dette er det verkeleg store spelet i livet, har eg enorm respekt for dei som vågar å kare seg til familievernkontoret eller til andre terapeutar, for å be om hjelp til å arbeide med parforholdet sitt. Dei er heltane mine. Vi snakkar om djerve menn og kvinner, som i timane hjå terapeuten ser angsten for utslettinga i kvitauga.
Då eg var ny
Eg hugsar då eg var ny i familievernet. Eg arbeidde på eit veldig triveleg lite familiekontor, langt mot nord. Alle vi tre terapeutane var ganske nyutdanna. Den gongen hadde vi betre tid til å drøfte saker med kollegaene, og eg veit meir enn ein gong vi undra oss over – nei, eg skal vera ærleg: irriterte oss over hendingar som den eg refererer nedanfor. Hendingar som vi urøynde terapeutane saman prøvde å finne meining i:
«Veit de – i dag hadde eg eit par som har jobba så bra. Dei har klart å setja av meir tid til forholdet, og dei har klart å utvikle ein vane med å stoppe og ta pause, i staden for å bli stygge med kvarandre når dei kranglar. Og i dag var han heilt nydeleg, då han plutseleg sa til henne at «Eg er redd for at du eigentleg ikkje vil like meg, om eg viser kor liten eg kjenner meg iblant.» Eg jubla nesten i stolen. Ho har jo sagt så mange gonger at ho har sakna at han har snakka om seg sjølv, for ho synest ikkje ho kjenner han. Og her kom det endeleg! Det ho har lengta etter! Han trudde seg til henne, frå sitt innarste.»
Kollegaene mine venta i spenning på fortsetjinga.
«Men kva hende?? Trur de ho tok det imot? Nei, ho overhøyrde heile greia og starta å argumentere mot han i staden! Ho spurde kritisk og retorisk kvifor han då vart så overlegen når dei krangla. Åh! Er det mogeleg?? Eg kunne kvelt henne!! Kva skal eg gjera med dei??» Og så hadde kollegaene mine og eg ein detaljert refleksjon om korleis eg neste gong kunne vera meir merksam, slik at eg kunne hjelpe henne å utforske alternative måtar å svara på utspelet hans på. På den måten ville vi kunne arbeide oss fram til at ho fann fram til ein nyttigare respons, ein som kunne auke sjansane for at ho fekk meir av det ho hadde etterlyst.
Bli ståande
Eit kjent amerikansk uttrykk kan på norsk omsetjast til «Ikkje berre bli ståande – gjer noko!». I avgjerande samlivsaugeblikk gjeld ofte det motsette: Ikkje berre gjer noko – bli ståande! Det gjeld også for terapeutar som arbeider med sine par, og det galdt meg den gongen, at eg ikkje hadde lært dette. Den fyrste tida eg opplevde slike hendingar som den ovanfor, vart eg perpleks og mållaus. Deretter byrja eg å «gjera noko». Eg prøvde å vera strategisk, smart og ikkje-dirigerande, samstundes som eg håpte at para sjølve ville reflektere seg fram til dei responsane det ville vera lurt å bruke ovanfor partnaren. Og rett skal vera rett: Iblant fungerte dette rimeleg bra, særleg på par som framleis hadde ein del respekt og gode minne om kvarandre intakt. Andre klientar var slett ikkje så samarbeidsviljuge som eg syntest dei burde vera. Det var som om det eg sa, ikkje nådde inn. Dei kom ikkje vidare.
I avgjerande samlivsaugeblikk gjeld ofte: «Ikkje berre gjer noko – bli ståande!»
Parterapeuten sitt viktigaste bidrag i desse avgjerande stundene kan paradoksalt nok vera å hjelpe folk til å gå sakte nok og ta korte nok steg. Samt vera på pletten og fange dei opp når dei innimellom bråsnur og skapar nye skremmande situasjonar for kvarandre. Vi veit no at ingen ting er så skummelt som å ha lengta inderleg etter kjærleik, og så ha utsikt til å få det. Ved å få hjelp til å setja aksepterande ord på denne inste redsla, blir paret sakte, men sikkert sjølve i stand til å ta steg vidare.
EIT ORD
Eit ord
– ein stein
i ei kald elv.
Ein stein til –
Eg lyt ha fleire steinar
skal eg koma yver.
– Olav. H. Hauge (1985)
Kjelder
Palmer, G. & Johnson, S. (2002). Becoming an emotionally focused couple therapist. Journal of Couple & Relationship Therapy, 1, 1–20. doi: 10.1300/J398v01n03_01.
Hauge, O. H. (1985). Dikt i samling. Oslo: Samlaget.