No skal det nemleg dreie seg om noko av det vanskelegaste og verste som finst: å stå imot spontane, destruktive freistingar, i arbeid mot rikare mål å trå. Kvifor er tanken på omgåande tilfredsstilling så vanskeleg å stå imot, når ein både inst inne og ytst ute veit betre? Anten det dreier seg om føremålslaus surfing på nettet mens oppgåvene tårnar seg opp, å la oppvasken stå i håp om at han plutseleg skal forsvinne, eller for å ta eit døme frå mi eiga livssoge: la vere å betale skatt? Årsaka er ganske grei: Menneske er generelt ikkje særleg flinke til å tenke langsiktig. Grunnen til det igjen er som vanleg å finne hundretusenvis av år tilbake, då me stort sett gjekk rundt og tenkte på éin ting: neste måltid.
Hovuda våre er innstilte på å ikkje gå glipp av noko som helst. Var du berre passeleg interessert i den maten som dukka opp i synsfeltet ditt, der du spankulerte rundt på savannane, overlevde du ikkje. Me er etterkomarar av svoltne apekattar som åt absolutt alt dei kom over. Utsiktene til omgåande tilfredsstilling – sjekke Facebook, ete ein sjokolade – triggar derfor dei primitive delane av hjernen vår. Framtidige tilfredsstillingar, derimot, er ikkje like interessante. Den yngre og meir sofistikerte delen av hjernen, prefrontal cortex, har i oppgåve å kjøle ned apehjernen, men det er alt anna enn enkelt: Kreftene det skal kjempast mot, er dei som mellom anna får folk til å ofre husa sine for ein blinkande kroneautomat.
Skap distanse
Kapasiteten din for viljestyrke her og no er ein peikepinn om korleis livet vil fortone seg seinare. Dei barna som heldt ut marshmallow-ventetida i Walter Mischel sitt klassiske marsmallow-eksperiment, greidde seinare å halde ut ubehaget ved å lese i staden for å daffe i studietida og seinare å telje til ti i staden for å eksplodere framfor sjefen eller ektefellen. Omsett til vaksenverda, der målet ikkje nødvendigvis er å køyre i seg mest mogleg sukkertøy: Stå over desserten, for på sikt atter å få på seg buksene som er blitt for tronge.
Men fortvil ikkje dersom du veit med deg sjølv – slik som eg – at du definitivt ville vore blant dei barna som åt marshmallowen omgåande. Slaget står rett nok mellom ein kjenslestyrt, muskuløs bavian som har lyst på alt som er godt i verda, her og no, og eit rasjonelt, men spedlemma menneske som heilhjarta ønsker å arbeide, slutte å røyke og ete sunt, for på sikt å kunne leve eit nokolunde godt liv – men med kløkt kan dette i utgangspunktet nokså svake, men trass alt litt intelligente mennesket sigre. Alt som trengst, er nokre heilt praktiske, enkle tilretteleggingar.For det første er det avgjerande å skape fysisk distanse mellom deg og det som du attrår, for det gjer at dei primitive delane mistar litt av overtaket. Dersom freistinga er tilgjengeleg her og no, er ho nesten umogleg å motstå. Prøver du å unngå å ete snop, er det uklokt av deg å ha godteskåler ståande framme, for å seie det forsiktig. Ikkje berre vil du mest truleg før eller seinare måtte gi tapt og køyre alt saman i deg, men den krafta du fram til det skjer, bruker på å unngå snopet, vil tappe deg for kreftene du treng til å gjere anna arbeid.
Derfor er det å gjere freistingane utilgjengelege ein god stad å begynne. Har fingrane dine ein tendens til å fare over tastaturet som edderkoppar kvar gong det stansar litt opp i arbeidet: db, fb, vg, ap, fb, gmail, vg, gmail, vg, fb, db … så bør du rett og slett setje ein stoppar for nettilgangen din, ved anten å setje ein tidslås på han ved hjelp av eit program som Freedom eller å sperre tilgangen til visse høgrisiko-nettstader, ved hjelp av til dømes AntiSocial. For slik kan me berre ikkje ha det! Greier du aldri å legge frå deg smarttelefonen din, så er det akkurat det du må gjere: putte han i ein skuff, slik at klåfingrane dine ikkje heile tida blir trekte mot berøringsskjermen.
Vent ti minutt
Her kjem dei før nemnde ti minutta inn. Dersom du gjer det til ein regel å legge på ti minutts obligatorisk venting på alle freistingar som dukkar opp, vil hjernen oppfatte desse freistingane som framtidige og ikkje omgåande påskjøningar. Og dermed er dei ikkje like interessante. Apekatten elskar alt som er tilgjengeleg i dette sekund. Legg ein på litt ventetid, kjøler ein ned heile systemet. Når dei ti minutta er gått, kjenn etter: Har du framleis like lyst på freistinga? Dersom svaret er ja, så ver så god, under tvil. Men undervegs i ventinga skal du mane fram tanken på den langsiktige vinsten du får ved å stå imot: ei produktiv arbeidsøkt som gjer at du kan ta fri tidlegare utan dårleg samvit, til dømes. Og hugs at det som får oss til å kjenne oss betre i dei få sekunda det står på, får oss til å kjenne oss mykje verre etterpå. Og er det då verdt det?
Menneske er rasjonelle i teorien, emosjonelle i praksis. Me veit alt om korleis ting burde vere, men alt raknar når teori blir verkelegheit. Det er gjort ein heil haug eksperiment på dette. Når freistinga kjem på bordet, slår apehjernen seg på, og alt blir annleis.
Ei gruppe studentar fekk følgande val: Kva vil du helst ha – to sjokoladekuler med éin gong eller seks om to minutt? Alle svara det siste, seks sjokoladar om to minutt. Men då dei like etterpå fekk nøyaktig det same valet, berre at denne gongen blei dei to sjokoladekulene fysisk lagde på bordet framfor dei, valde forstemmande 81 prosent av studentane å ta dei to sjokoladane med éin gong. (Den sjuke delen av dette eksperimentet er elles at studentane faktisk konkurrerte mot ein gjeng sjimpansar, og 72 prosent av sjimpansane greidde å vente på dei seks sjokoladane, mot altså 19 prosent menneske.)
Dess lenger ein er nøydd til å vente på ei påskjøning, dess mindre er påskjøninga verd. Dette er svært menneskeleg, men veldig dumt. Storleiken på avslaget varierer frå person til person. Dess større avslag på framtidige verdiar, dess mindre sjølvkontroll, og dess enklare har du for å ete for mykje, spele bort pengar, køyre i fylla, ha ubeskytta sex og hente opp alt som er av olje frå havbotnen.
Tenk på det du mistar
Dei gode nyheitene er at det er mogleg å redusere dette avslaget. Ønsker du å stå imot kjappe freistingar som arbeider mot dei langsiktige interessene dine, kan du utnytte følgande faktum: Generelt synest menneske at det ein mistar, er meir verdt enn det ein får. Å miste fem hundre kroner gjer ein meir ulykkeleg enn det å få fem hundre kroner gjer ein lykkeleg. Dette kan du snu til din fordel.
Neste gong du blir freista til å handle mot dine eigne langsiktige interesser, så tenk på dette som å gi opp det langsiktige målet ditt (bli forsvarsadvokat) til fordel for den raske vinsten (sjekke Facebook). Deretter: Sjå for deg den framtidige deg nyte fruktene av sjølvdisiplinen din – du står i ei lang, svart kappe og held ein fabelaktig forsvarstale, ikkje eitt auga i salen er tørt.
Kontraster dette med den lett kvalmande kjensla av å scrolle seg nedover for å sjå kva dei uinteressante kjenningane dine formidlar om dei irriterande liva sine. Så kan du tenke deg at du blir strippa for den svarte kappa berre fordi du syntest det var meir interessant å sjå på bilete av avkomma til gufs frå ungdomsskulen.
Men: Impulsar er impulsar, same kor stor innlevingsevne du har i di eiga framtid. Er suget som dukkar opp, sterkt nok, kan det vere heilt umogleg å motstå, same kor fornuftig ein tenker om det heile. Det me kan kalle førehandsforplikting (pre-commitment), er langt tryggare enn å skulle lene seg fullt og heilt på sjølvdisiplinen når ein står i fare for å falle for ei freisting.
Førehandsforplikting
Førehandsforplikting vil seie frivillig å pålegge seg sjølv restriksjonar på den eine eller andre måten, så dersom ein er ute etter ein «quick fix» på sjølvdisiplineringsproblema sine, er dette definitivt vegen å gå. Det heile dreier seg om å ikkje ha moglegheit til å falle for freistingar.
Nokre døme: Ikkje ha snop i huset. Gå på fylla med ein viss sum kontantar i lomma i staden for med kredittkort. Set tidsinnstilling på nettilkoplinga. Spar pengar på ein bankkonto med skyhøgt uttaksgebyr. Legg igjen nettbrettet på kontoret for å unngå å bli sitjande med det på fritida. Avtal trening med ein kjenning du er litt redd for, og som blir sint dersom du ikkje stiller.
Verdas mest berømte førehandsforpliktar var Odyssevs. Han visste han ikkje kom til å greie å motstå å la seg lokke i døden av sirenesongen, og batt seg til masta i god tid. Til mannskapet valde han ein endå lurare metode: Han fylte øyro deira med bivoks slik at dei ikkje høyrde songen i det heile.
Hovuda våre er innstilte på å ikkje gå glipp av noko som helst.
Kilder
Rosati, A. G., Stevens, J. R., Hare, B. & Hauser, M. D. (2007). The evolutionary origins of human patience: Temporal preferences in chimpanzees, bonobos, and human adults. Current Biology, 17(19), 1663–1668 doi: 10.1016/j.cub.2007.08.033.