• Nyheter
  • Ideer
  • Aktiviteter
  • Stillinger
  • Kontakt oss
    • Annonser
    • Tekstbidrag
    • Redaksjon
Meny
  • Nyheter
  • Ideer
  • Aktiviteter
  • Stillinger
  • Kontakt oss
    • Annonser
    • Tekstbidrag
    • Redaksjon
Søk
Lukk
Kjærleik & liv med Anne Marie Fosse Teigen

Berre ein bagatell?

Ein bagatell er aldri berre ein bagatell, om ikkje alle involverte er samde om at det berre er ein bagatell, skriv Anne Marie Fosse Teigen.

BAGATELLAR: Den vesle tua velter det store lasset. Og det tar litt tid å plukke opp att alt som trillar ut. Heldigvis er hjernen vår så genial at ein ikkje treng plukke opp absolutt kvar einaste liten ting, skriv Anne Marie Fosse Teigen. Foto: Aurora Nordnes.

Anne Marie Fosse Teigen
Sist oppdatert: 23.08.14  Publisert: 23.08.14

Forfatterinfo

Anne Marie Fosse Teigen

Anne Marie Fosse Teigen er parterapeut og spesialist i klinisk psykologi. Hun har skrevet boken Varig kjærleik. Ei handbok og har utviklet samlivskurset «Bufferkurs for par».

I naturen ruver fjellene – i hjemmet bagatellene.

– Biskop Eivind Berggrav

Samliv – og derfor også parterapi – handlar ofte om bagatellar. Det vil seie tilsynelatande uskuldige, kvardagslege hendingar som ein av dei to i paret prøver å overtyde den andre om er ein bagatell. Neste steg er at den som blir prøvd overtydd, går i fistel. Eg kan ikkje minnast at nokon, uansett kor fantastiske kommunikasjonsevner personen elles har hatt, i ein slik augneblink har klart å overtyde partnaren med hjelp av rasjonelle argument (og definitivt aller minst med replikken: Slapp av! Du hissar deg opp over ein bagatell!). Etter femten år i parbransjen har eg rett og slett kapitulert og innsett at ein bagatell aldri berre er ein bagatell, om ikkje begge er samde om det. Eg har faktisk kome dit no, at eg trur eitt av dei beste kriteria på at ein parterapi har vore vellykka, er at bagatellar berre er bagatellar att.

Men la oss starte med byrjinga: Kva er eigentleg ein bagatell? Store norske leksikon fortel at ordet kjem frå fransk. Norske synonym er «småting» og «ubetydelighet». Typiske døme frå samlivet kan vera at når eit par er nyforelska, er det å gløyme att paraplyen på bussen, slik at begge blir klissvåte av ei regnskur, ein typisk bagatell. Dei to kan til og med lage moro og ei god historie ut av bagatellen, slik at den veks til eit godt minne og eit innskot på kontoen i kjærleiksbanken. Eller det kan vera at den eine har litt uklar diksjon, alternativt litt dårleg timing av innspela sine, og den andre litt dårleg høyrsel på det eine øyra, alternativt litt variabel evne til å få med seg alt som skjer. I byrjinga gjentar iblant den fyrste partnaren kjærleg og med tydelegare uttale, og den andre takkar skjelmsk, og begge ler og blunkar til einannan.

Den vesle tua

Trass i slike gode opplevingar i starten av eit forhold: Om ikkje desse lovande para passar på – det vil seia at dei er merksame på å fortsetje å putte meir inn på kontoen i kjærleiksbanken enn det dei tar ut – vil kontoen hamne i minus. Paraplyen blir då beviset på at partnaren er ute av stand til å ta ansvar, og diksjons-/timings-/nedsett høyrsel-/merksemd-problemet blir til historia om den eine som alltid kritiserer og den andre som ikkje bryr seg. Det er på dette tidspunktet bagatellane verkeleg kjem til sin rett, ikkje minst fordi det då også gjerne blir så mange av dei.

Den vesle tua velter det store lasset. Og det tar litt tid å plukke opp att alt som trillar ut. Heldigvis er hjernen vår så genial at ein ikkje treng plukke opp absolutt kvar einaste liten ting som har ramla ut av lasset. Vi har ei evne til å kjede saman hendingar som liknar kvarandre, slik at om eit par får rydda grundig opp i éi hending som liknar mange andre, kan det iblant vera nok til at hjernen generaliserer den nye konklusjonen og skaper eit nytt prinsipp: Ja, denne partnaren er til å stole på! For bagatelldiskusjonar handlar eigentleg om tillit – å kunne stole på at den andre vil vårt beste – alternativt: At den andre representerer det motsette av det vi tidlegare har opplevd som det verste. For nokre av oss er det verste å ikkje vita om viktige andre er der eller vil forlata oss når vi treng dei som mest, for andre av oss er det verste å bli fortalt at vi er verdilause vesen som ikkje duger.

Det er når frykta vår for det verste er vekt, at råe dyr er gode, for å seia det litt sleivete. Då tar dei gamle dyrehjernane våre over med det dei er gode på – å trekkje lynraske verstefallskonklusjonar.  I slike augeblikk eksisterer det ikkje ledig hjernekapasitet til å tolke den andre i beste meining.

Eit ømt punkt

Det einaste som hjelper, akkurat der og då, er å roe ned den delen av hjernen som er ansvarleg for fryktreaksjonen. For par med lita trening i å koma seg over kneika til trygg kontakt, betyr det å ta absolutt pause frå temaet til kroppen har roa seg ned, og sidan, i ei trygg og roleg stund,  utforske det som skjedde, med stålfokus på å prøve å forstå den andre, utan å forsvare seg sjølv eller hamne i diskusjon. Det er for dei fleste svært vanskeleg, men blir heldigvis lettare med trening. Og det finst terapeutiske verktøy som kan hjelpe, både i sjølvhjelpsbøker og gratis på nettet (til dømes eit gratis kurshefte på heimesida bufferkurs.no). Den aller beste investeringa kan likevel nokre gonger vera å få ein god parterapeut med på laget ei stund.

For par med litt grunnlagstrening i å reparere skadar og gjenreise tillit, gjeld det å koma den panikkslagne partnaren i møte, gjerne med omsorgsfull fysisk kontakt og ord som: «Oj, eg ser du reagerer! Kva skjedde? Var det noko eg sa?» Og deretter lytte merksamt og empatisk til historia bak effekten av bagatellen.

Kom den panikkslagne partnaren i møte, gjerne med omsorgs­full fysisk kontakt.

Og det vedunderlege vi oppnår, når vi klarer dette, er at vi byggjer tillit og pluss på kontoen i den tidlegare nemnte banken. Det kan ta tid før vi merker effektane, særleg om minuset på kontoen har vore stort. Nokre gonger blir det ufortent stort av ein isolert bagatell, fordi bagatellen råka eit gammalt, men skikkeleg ømt punkt. Ved å behandle dette ømme punktet omsorgsfullt, vil paret ikkje berre løyse ei konflikt, men som biverknad også oppnå betre kjennskap til kvarandre, meir respekt og betre dialogar om både dette og andre tema vidare. Då har dei i tillegg til å handtere ei stor utfordring, styrkt grunnmuren til eit godt og trygt forhold der bagatellar kan få lov å vera det dei språkleg var meint som. Småting. Ubetydelege.

Mest lest

Et giftig stikk

    Alle vi foreldre gjør dumme ting som blir vondt for våre barn

      Hvor mye psykiske plager er for mye?

        Terapi kan gjøre vondt verre for inntil en av ti pasienter

          Hvordan møter vi vanskelige følelser hos barn på en klok måte?

            Det gode blikket er en kur for usynlighet

              – Norge er et «verstingland» på psykologiske tester

                Behovet for å bli hørt i en verden som nekter å lytte

                  – Slik du takler øyeblikket, takler du alt

                    Nå kommer Psykologisk.no i ny og flottere utgave

                      To måter å gi tilbakemelding på: Enkel og spesifisert feedback

                        Føler du deg som en bedrager?


                          Redaksjonen anbefaler

                          Kven skal vi hate denne gong?

                          • Kjærleik & liv med Anne Marie Fosse Teigen

                          Et giftig stikk

                          • Fra terapirommet med Kirsti Jareg

                          Forebygging av depresjon i svangerskap og barselstid – noen psykologiske tiltak

                          • Forebygg depresjon med Arne Holte

                          En vaksine mot selvbedrag

                          • Kritisk tenkning med Torstein Låg

                          Tre grunner til å se bort fra «impact factor» når vi vurderer kvaliteten på forskning

                          • Kritisk tenkning med Torstein Låg

                          Terapitennis med John McEnroe

                          • Kjærleik & liv med Anne Marie Fosse Teigen

                          En tankevekkende studie av kognitiv dissonans

                          • Månedens klassiker

                          Valgets kval

                          • Gutta fra Psykologlunsj

                          Hva sier reven?

                          • Kritisk tenkning med Torstein Låg

                          En studie av konformitet

                          • Månedens klassiker

                          Var det vold?

                          • Fra terapirommet med Kirsti Jareg

                          Hva gikk galt for
                          sosialpsykologien?

                          • Gutta fra Psykologlunsj

                          Siste saker

                          Derfor dreper Joker

                          • Ytringer

                          Hva forteller følelsene oss?

                          • Bokutdrag

                          Han ble redd for alt

                          • Pia og psyken

                          Hva er avspenning?

                          • Bokutdrag

                          Å jul med din glede! Eller?

                          • Psykologisk salong

                          To måter å gi tilbakemelding på: Enkel og spesifisert feedback

                          • Bokutdrag

                          Drømmen om å være trygg hjemme

                          • Pia og psyken

                          Alle vi foreldre gjør dumme ting som blir vondt for våre barn

                          • Ytringer

                          – Slik du takler øyeblikket, takler du alt

                          • Pia og psyken

                          Behovet for å bli hørt i en verden som nekter å lytte

                          • Ytringer

                          Terapi kan gjøre vondt verre for inntil en av ti pasienter

                          • Nye bøker

                          Hvor mye psykiske plager er for mye?

                          • Nyheter

                          Anne Marie Fosse Teigen

                          Anne Marie Fosse Teigen er parterapeut og spesialist i klinisk psykologi. Hun har skrevet boken Varig kjærleik. Ei handbok og har utviklet samlivskurset «Bufferkurs for par».

                          Meld deg på nyhetsbrev fra Psykologisk.no

                          • Psykologisk.no AS​
                            Elisenbergveien 20
                            0265 Oslo
                            912 389 782 MVA
                          • Tips oss
                          • Bli annonsør
                          • Bli bidragsyter
                          • Redaksjon
                          • Scandinavian Psychologist
                          • Personvern
                          • Ansvarlig redaktør
                            Pål Johan Karlsen
                          • Redaksjonssjef
                            Jonas Hartford Sundquist
                          • Annonsørkontakt
                            Vera Thorvarsdottir
                          Facebook-f Twitter Linkedin

                          Psykologisk.no er medlem av Mediebedriftenes Landsforening og arbeider etter Vær varsom-plakatens regler for god presseskikk.

                          Kopibeskyttet © 2019