Noko av det vi arbeider med i psykoterapi, er å prøve å rekonstruere kakofonien som oppstår når vi strevar psykologisk med eitt eller anna. Det rekonstruktive arbeidet i ein terapi krev temmeleg mykje konsentrasjon og multivinkla empati frå både klient og terapeut. Det er kanskje ikkje rart at det klassiske sitatet vi bruker når vi skal parodiere Psykologen, er «På den eine sida … og på den andre sida …», men det er faktisk ei skikkeleg underdriving. To sider er altfor lite å operere med, særleg når vi frå nevrovitskapen veit kor mykje aktivitet som går på kryss og tvers i hjernen heile tida, mellom tre hjernegenerasjonar og to hjernehalvdelar, berre for å ta den aller grøvste inndelinga.
Kjensler og tankar
Tenk på det, neste gong du seier til partnaren din: Men kva kjenner du eigentleg? Lengst inne? Som om det finst éin fasit på det. I hjernen vår er det berre viljen (som truleg delvis sit i pannebrasken) som klarer å skjera gjennom, bestemmer seg for eitt svar og klarer å halde fast på det over tid. Godt vi har den, i alle fall i passe porsjonar, elles ville det blitt mykje vingling (noko det tidvis også gjer, for fleire av oss).
Men vi kan ikkje forlange at kjenslene og alle tankane skal spele på lag med viljen, alltid. Om dei gjer det, er vi anten vilt forelska, nyfrelste eller på annan måte i ein mental unntakstilstand. Det er mennesket sin lagnad – på godt og vondt – at vi med viljen og fornufta må navigere mellom alle innspela vi får frå oss sjølve, innspel som varierer etter dagsform og situasjon. Fordelen med viljen er at vi kan bestemme oss for å gjera ting vi er redde for, eller som gjer vondt, i staden for å rømme, slik eit dyr må. Vi tåler smerta det fører med seg å tatovere seg, fordi vi vi vurderer langtidseffekten av å ha ei tatovering som viktigare enn det kortsiktige ubehaget. Ja. Mennesket har sine unike sider!
Rimi og Rema
Men attende til det indre livet – korleis kjem det til å sjå ut, den dagen vitskapen har kome så langt at nerveimpulsane frå ulike hjernedelar kan kodast over i språk? Her følgjer tenkte småtingsdrøftingar hjå dei to partnarane vi kan kalle Rimi og Rema. Vi hoppar inn i Rema sitt Småting etter at Rimi har sagt «Rema, vi må finne tid til å snakke saman».
Reptilt tilbakestegsparti: Fytti grisen! Det der har vi høyrt før, det betyr BRÅK. Hugsar du sist den setninga kom? Stikk av! Unngå for all del den praten!
Strategisk frontallappsparti: Roleg no! Gjer som ingen ting, kanskje Rimi trur du ikkje høyrde det.
Det limbiske sosialpartiet: Vi må ikkje bli avvist, det er det viktigaste. Vi innordnar oss, vi seier vi gjerne blir med på å snakke.
Reptilt tilbakestegsparti: Alt for å unngå bråk, i alle fall! Sist vi gjekk med på «prat», vart det KRIG!
Strategisk frontallappsparti: Slapp av! Ikkje ver hysterisk, det veit vi fungerer dårleg.
Reptilt tilbakestegsparti: Fru President! Eg godtar ikkje å bli snakka til på den måten av ein spirrevipp frå Strategisk frontallappsparti!
Småtingspresidenten: Eg må be partia om å formulere seg venleg og høvisk, elles blir det kaos her! Mindfullt frontallappsparti har bede om ordet.
Mindfullt frontallappsparti: Her må vi stå saman, vener. Alle her er like verdfulle, og om vi står saman, vil vi kunne møte Rimi på ein god måte. Lat oss alle puste roleg i kor!
(Eit langt pust.)
Det limbiske sosialpartiet: Lat oss bruke kroppen til å vise at vi er imøtekomande!
Strategisk frontallappsparti: Genialt. Kanskje vi då ikkje treng seie så mykje?
Venstrehemisfærepartiet: Ikkje så rask! Eg har ein fin replikk vi kan bruke!
Rema snur seg mot Rimi og stryk henne på armen: «Det kan vi godt. Er det noko spesielt du vil snakke om?»
Debatten går no friskt i Rimi sitt Småting:
Det limbiske sosialpartiet: Å, den nærkontakten var god! Smil attende, for Guds skuld!
Reptilt tilbakestegsparti: Er du komplett idiot?? Ikkje gå på limpinnen, hugs kva som skjedde sist de skulle «snakke», og Rema stakk av midt under samtalen!
Strategisk frontallappsparti: Spørsmålet er om vi ikkje her burde gjera oss litt kostbare, for å vise at det ikkje er så lett å berre koma attende etter å ha vore fjern og utilgjengeleg i dagevis.
Det limbiske sosialpartiet: Men er ikkje poenget å ha det godt saman?
Reptilt tilbakestegsparti: Poenget er å unngå å utsetja seg for fare!!
Høgrehemisfærepartiet: Vi må sjå stort på det. Om vi ikkje risikerer noko, FÅR vi heller ikkje noko. Eg ser for meg ei framtid der vi klarer å vera gode med kvarandre, om vi vågar litt no.
Mindfullt frontallappsparti: Her er eg samd med høgrehemisfærepartiet. Når vi står saman og inkluderer kvarandre, kan vi takle alle kjenslene som måtte koma. Vi bør derfor ikkje la frykta styre oss, men heller gjera det vi meiner er rett.
Reptilt tilbakestegsparti: Eg trur de er rusk! Her gir eg meg ikkje utan pust!
Vi menneske har eit rikt – og iblant slitsamt – indre liv.
Reptilt tilbakestegsparti: Ok, eg er med. Kanskje det kan bli sex i kveld!
Rimi smiler til Rema: «Eigentleg ikkje anna enn at eg har sakna å ha meir tid med deg i det siste.»
Frå Rema sitt Småting:
Det limbiske sosialpartiet: Eit smil, eit smil, ja, du fekk eit smil!
Høgrehemisfærepartiet: Den der kan eg setja melodi til!
Reptilt tilbakestegsparti: Baby, baby baby …
Rema smiler.