Uansett: Nettsvina nytta høvet til å peike på det uhyrlege i at vaksne kvinnfolk kunne skryte uhemma av kvarandre i hytt og pine, det vil seia på Twitter og Facebook. Og svina fekk vind i segla. Til og med Katrine Aspaas, oppkomet til boka «Raushetens tid», var inne på tanken på om denne nye tida kunne ha nokre barnesjukdomar: Fritt etter minnet var det mogeleg at hjartesymbola og smilefjesa hadde sete litt laust på tastaturet innimellom.
Dei meir kritiske si innvending var at debatt skal handle om sak, ikkje person. Både nettros og nettroll kan ha same negative effekt på eit sakleg ordskifte – nemleg at den blir kvelt, fordi saka blir til person (det buttar mange imot å skulle vera den som avfeiar argumentet «Finaste du!»), og då er det vanskeleg å få debatten til å returnere til det reint saklege att. I verste fall kan den som prøver på det, risikere å bli stempla som humørlaus grinebitar med litt for korte sosiale antenner. Og ikkje ein gong garva nettsvin vil ta den risikoen for mange gonger.
Gefundenes fressen
For ein del av oss psykologiinteresserte er alt dette gefundenes fressen. Ordskifta har rørt ved grunnleggande psykologiske problemstillingar: Kva er kommunikasjon? Kva skaper god sjølvkjensle? Korleis får vi sjølvtillit? Korleis skapast inngrupper og utgrupper? Og kva med kjønnsforskjellar: Treng ein del kvinner meir positive tilbakemeldingar enn det ein del menn gjer, for i det heile å våge å debattere? Eller – for å snu dette spørsmålet opp-ned: Kva gjer at ein del menn uttaler seg bramfritt om nesten kva som helst utan tanke for om dei verkeleg har noko å fara med?
For min del har fleire av desse spørsmåla floka seg saman, og eg har brukt mange trikketurar, kassakøar og dobesøk dei siste vekene på å prøve å løyse opp flokane og samle trådane i meir oversiktlege mønster (noko som blant anna førte til at eg ein dag gløymde å gå av på den haldeplassen som ligg nærast jobben min, og dermed også fekk ein liten spasertur fylt av djupe refleksjonar).
Den første mynten fall likevel ikkje ned før ei veninne sa til meg ein dag: «Eg synest ho Traaseth verkar ganske maskulin i tankegangen». Hmmm! Rasle, rasle, klunk! Godt nok for dei svina! Setninga var ikkje Anita si oppfinning, det var farens! (Igjen, for Ural-folket: Anita Krohn Traaseth skriv i boka om korleis ho har adoptert ei setning faren stadig kom attende til, når han var nøgd med sin eigen innsats: «No er det godt nok for dei svina!») Det gjekk opp for meg at utsegna kan sjåast på som ein bit sjølvsnakk som kan ha noko av den same effekten for den maskuline hjernen som det å få høyre «Finaste du!» kan ha for den feminine hjernen.
Eg skal prøve å underbyggje denne påstanden. I ei svært tjukk bok med all verdas forsking på kjønnsforskjellar (som eg har ståande i bokhylla) er det godt dokumentert at menn tradisjonelt rangerer seg sjølve som generelt meir flinke og evnerike, og med betre vurderingsevne, enn det kvinner gjer (trass i at kvinner i mange tilfelle gjer det betre enn mannfolka når ein samanliknar prestasjonane i praksis. Men det var no ein liten digresjon). Kvifor er menn meir motiverte til å rangere seg sjølve høgt? Det svaret eg har grubla meg fram til, og som eg håper nokre evolusjonspsykologar kan stille seg bak, er at makt og hierarki tradisjonelt har vore viktigare for menn enn for kvinner. Ved å seia at noko er «godt nok for dei svina», markerer den moderne mannen på humoristisk vis at han står på eit høgare plan enn kritikarane sine – dei svina.
Kva er viktig for mange kvinner? Fleire studiar i den same tjukke boka viser at kvinner si tru på seg sjølve tradisjonelt er blitt meir påverka av kva andre meiner om dei, enn det menn si tru på seg sjølve har, og at kvinner jamt over er meir orienterte mot det mellommenneskelege enn det dei fleste menn er. Det å vera kvinne og få kommentaren «Finaste du!» på Facebook, frå ei medsyster, vil då kunne lesast som at medsystera liker deg og vil vera i lag med deg. Og ein del kvinner på Facebook lever med stor glede opp til strofen frå Tuppen og Lillemor: «Daglig de knytter evig vennskaps bånd.»
Dei nyrause krava
Ei ulempe med både høg plassering i hierarkiet og sosial støtte er at begge delar må stadfestast på nytt og på nytt. Få av oss kan leva godt på tidlegare bragder eller tidlegare relasjonar, om vi ikkje får noko påfyll. Nokre av oss klarer oss rettnok med éin av delane. I mangel av å bli likt hjelper det å vera frykta. Og i mangel av status og prestasjonar hjelper det å bli likt. Men når desse to blir blanda, som i dei nyrause samanhengane der toppfolka i hierarkiet også skal vera dei mest sosialt oppegåande, er det ein del av oss som kjenner det som om teppet blir dratt vekk under oss. For berre den som meistrar begge øvingar i kombinert, kan bli ståande som vinnar.
Ei ulempe med høg status og sosial støtte er at begge delar må stadfestast på nytt og på nytt.
Vi som iblant har behov for å få ut nokre misunnelege grynt mot dei androgyne superfolka, har hatt ein tung vår. Ikkje nytta det å spenne relasjonsbein for Traaseth og hennar likesinna, ved å påstå at «Finaste du!» og hjartesymbol ikkje har nokon plass i kommunikasjonen mellom vaksne folk. Ikkje nytta det å rope «Pingle!» til Jens Stoltenberg, sjølv om nokre prøvde seg på det også. Det var Jens NATO ville ha.
Traaseth og Stoltenberg fekk det til. Kritikarane fekk seg ein på trynet.