Elles kan boka fortelje at amerikanske gutar i skulealder er meir interessert i jakt og fiske enn amerikanske jenter er. Tilsvarande studiar frå Kongo og Sør-Afrika viser derimot ingen kjønnsforskjell på jakt- og fiskeinteressa. Og som ein kommentar til den heimlege debatten finst det ei amerikansk undersøking frå 1982 som viste at kvinner har lettare enn menn for å tru på englar. Menn tar det likevel att ved at dei har lettare for å tru at jorda har hatt besøk av romvesen.
Nokre studiar framkallar meir gjesp enn diskusjon og gir vatn på mølla til dei som meiner at forsking berre stadfester det vi visste frå før: Ein kanadisk studie frå 1995 kunne fortelje at menn har lengre fingrar enn kvinner. Og som om ikkje det var nok: Ti år etter vart det publisert ein amerikansk studie som kunne dokumentere at menn også har større hender! Eureka! Diverse undersøkingar frå ulike delar av verda konkluderer med at menn et meir enn kvinner, og at foreldre gir meir mat til sine små gutebarn enn til jentebarna.
Dei verkelege gåvene
Trass i slike funn må eg vedgå at eg har litt moro – og iblant litt nytte – av å kjenne til noko av det vitskapen har funne ut om skilnader mellom menn og kvinner. Nokre gonger kan kunnskapen koma godt med når eg arbeider med par. I tilfelle der folk kjenner seg att i forskingskonklusjonane, verkar det som det er ei lette for dei å oppdage at dei kan identifisere seg med den typiske kvinna eller den typiske mannen. Dei får endeleg hengt bjølla på katten (som like gjerne kan vera dei sjølve som partnaren). Og blir det ikkje også litt lettare å leva med skilnadene når desse er stadfest av forskarar? I alle fall så lenge det ikkje blir brukt som ein måte å fråskrive seg ansvar på. For sjølv om ein er kjønnstypisk på eit område, utelèt jo ikkje det at ein prøver å strekkje seg etter å koma den andre i møte. Tvert imot! Då er det til og med meir sannsynleg at partnaren byrjar å setje pris på dei små tilløpa til at den andre kryp ut av sitt eige skinn.
Den amerikanske parterapeuten Michele Weiner-Davis kallar slike tilløp for «real giving». Ho seier at dei verkelege gåvene i parforholdet er når den eine prøver å gi til den andre noko som denne ynskjer seg, men som ikkje kjennest naturleg for givaren å gi. Ho illustrerer dette med å fortelje om korleis ho sjølv kom frå ein familie som, straks dei møttest etter ein arbeids- eller skuledag, ivrig og interesserte spurde kvarandre ut om korleis dagen hadde vore for kvar av dei. For henne var desse stundene noko av det som definerte samhaldet og kjærleiken i familien ho kom frå, og som ho sjølv (utan å vera heilt klar over det) drøymde om å attskape når ho sjølv fekk familie.
Ei utstrekt hand
Haken var at ho fann seg ein mann som berre hadde ein ting i hovudet når han kom heim frå jobb, og det var å få nokre minutt i fred før nokon blanda seg inn. Tida gjekk (som den ofte gjer før ein oppdagar at partnaren ikkje er vondsinna, men berre forskjellig frå ein sjølv!) før Michele forstod at ektefellen ikkje oppførte seg unnvikande fordi han gav blaffen i henne, men fordi han desperat trong eit pustehol av tid åleine, før han kunne vera til stades med henne. Ho fortel korleis ho gradvis lærte seg å gi han den tida, og at det kravde at ho måtte gjera det motsette av det som var naturleg for henne – ho måtte rett og slett praktisere «real giving».
Menn har lettare for å tru at jorda har hatt besøk av romvesen.
Etter kvart som kloneindustrien skyt fart, kan det jo hende vi kjem dit. Inntil det hender, veit eg ikkje anna råd enn at vi får utforske kvarandre og skilnadene våre som best vi kan. Om ikkje anna, kan vi by partnaren ei utstrekt hand. Stor eller lita.
Kjelder
Davis, M. W. (2001). The divorce remedy: The proven 7-step program for saving your marriage. New York: Simon & Schuster.
Ellis, L., Hershberger, S., Field, E., Wersinger, S., Pellis, S., Geary, D., Palmer, C., Hoyenga, K., Hetsroni, A. & Karadi, K. (2008). Sex differences: Summarizing more than a century of scientific research. New York: Psychology Press.